Elvegudens gjenføding

«Kariba» er på mange måtar ein typisk spenningshistorie for barn, men ein unik publikasjon på fleire andre måtar.

Kariba er ikkje namnet på hovudpersonen, men på Zambezi-elvas store demning, vasskraftverk og menneskeskapte innsjø, som er ei viktig kraftkjelde for både Zambia og Zimbabwe. Med dette bakteppet har sør-afrikanarane James og Daniel Clarke laga ein økosentrisk røvarhistorie med røter i tonga-afrikansk mytologi.

Hovudpersonen heiter Siku, og blir på kvasi-bibelsk vis funne i sivet som baby, av ein demningsarbeidar som adopterer henne. Elleve år seinare skjønner adoptivforeldra, og særleg faren, at det er noko mystisk med henne. Ho har farlege elementkrefter som kan knytast til inkje mindre enn Nyaminyami, elveguden som døyr og fødast på ny. Moderne behov blir utfordra av eldgamle makter.

Mytologien rundt Nyaminyami blir forklart innleiingsvis, men elles er det mykje som er underforstått, eller som ein kanskje treng å lese seg til. Handlinga er lagt til Rhodesia på 50-talet, då Kariba blei bygd. Ting som tid og geografi blir i så lita grad blir forklart at det nesten verkar litt kokett (vi blir t.d. ikkje informert om at Salisbury er det gamle namnet på Harare i Zimbabwe), og det kan innleiingsvis forvirre særleg unge lesarar. Særleg i ein teikneserie der det historiske og det fantastiske går i eitt, sjølv om det fantastiske blir det suverent viktigaste etter kvart.

Nokon vil kanskje skulde forteljinga for å idyllisere kolonitida i Afrika, men med tanke på kor kontroversielt det post-koloniale Zimbabwe har vore (Ian Smiths apartheidstyre, og deretter Robert Mugabe), verkar denne tidsepoken eigentelg passe nøytral. Ein bodskap om økologisk balanse, som er grunntanken i «Kariba», passar dessutan godt i den historiske konteksten. Sjølve forteljinga  er også nokså balansert, ingen er berre slemme, og ein av utfordringane for våre to unge heltar, Siku og hjelparen hennar Aksel, er å vite kor dei har folk til eikvar tid.   

Konflikten har altså noko forfriskande ambivalent ved seg, og historia er spennande nok, sjølv om den dreg ut, og tyr til mange av klisjeane i spenningsfiksjon for barn (Siku blir teken til fange tre gonger i løpet av handlinga). Litt frustrerande er den tørre og basale dialogen. Den informerer der det trengst, og gir oss eit visst inntrykk av personlegdomen til dei to unge hovudpersonane (pluss ein sjarmerande lunefull elevpirat), men manglar farge.

Praktfulle illustrasjonane veg opp for dette. «Kariba» var opphavleg planlagt som ein animert film, før prosjektet blei til ei fundraiser-basert teikneseriebok.  Teikningane er gjort i moderne europeisk semi-realisme, og har bevart det cinematiske narrativet frå prosjektet sitt animerte utgangspunkt. «Show don’t tell»-haldninga er gjennomgåande i heile boka, og dei mest attraktive, og også fleire av dei mest spennande, sekvensame er ordfattige. Så ofte er det slik at teikneserien ikkje treng mykje dialog uansett. Særskilt draumesekvensane er underfulle og gripande. Krona på verket er akvarellbakgrunnane og dei utsøkte jordfargane som gir teikneserien eit organisk preg sjeldan sett i moderne barne -og ungdomsteikneseriar. 

Eit slikt illustrasjonsarbeid krev rett format for å fungerer, som er noko ein ikkje alltid kan ta for gitt, særleg ikkje når det gjeld barne- og ungdomsbøker. Men her har den norske utgjevaren Fontini vore ansvaret sitt bevisst, og gitt ut «Kariba» i stort format, ca. det dobbelte av deira mest kjente seriesuksess, «Amuletten». Størrelsen kjem i tillegg eit attraktivt permdesign.  Er det for tidleg å kåre årets vakraste teikneseriebok? Eg tek likevel sjansen og seier her og nå at det er «Kariba».




Kariba – Jungelens Hemmelighet
Skrive av James Clarke, illustrert av Daniel Clarke
Omsett av Rune R. Moen
236 sider
279 kr. (veil)
Fontini Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *