Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til andre boka i Mia Myhr-serien, «Mia Myhr og kaoskrystallen»
Mia Myhr debuterte på seinsommaren i fjor. Serien er skrive og teikna av Sara Hjardar, som vann førsteprisen i Egmonts «Nordisk manga»-teikneseriekonkurranse av 2021.
Underteikna har lest første bindet i serien, «Mia Myhr og barna som forsvant», men veit på førehand ingen ting om «Kaoskrystallen». Dette er ei «blind» analyse av coveret:
Førsteinntrykket er at Mia Myhr kjem til å ta opp i seg stadig meir av fantasy-sjangeren. Dette var forventa, då vil blei introdusert for alvar og skjulte verder allereie i andre halvdelen av første boka. Omslaget har fleire og sterkare fargar, og fleire ulike figurar. Også tittelen ber bod om dette. «Barna som forsvant» låt som eit mysterium, «Kaoskrystallen» er ein veldig fantasy-indikerande tittel. Tittelen gir dessutan ein klar peikepinn om handlinga. Krystallen er enten eit våpen som må øydeleggast for einkvan pris, eller eit våpen som som Mia og forbundsfellene hennar treng å bruke, sjølv om det kan vere farleg. Øvste delen av omslagsbildet, der Mia engsteleg er i besittelse av krystallen, tyder på det sistnemnte.
Uansett er det sjølvsagt snakk om ein mørk fantasy. Fargar og oppsett, for ikkje å snakke om greinene med dei forvrengte augo, minner oss om dette.
Nedre delen av omslagsbildet er ei visning av dei som ein må tru vil vere dei viktigaste bifigurane i boka. Frå venstre mot klokka ser vi først Ekko, Mias hjelpar og første ven i landskapet Ravnareir. Det var som forventa at han skulle vere avbilda her. Figuren som er avbilda opp-ned kan vere dyret som Mia og Ekko rir på mot slutten av første boka, men eg trur den har samanheng med den mystiske skikkelsen som Mia hadde syner om, og som kan vere ansvarleg for kidnappinga av systera hennar. Særleg fordi figuren, i denne plasseringa, også opptrer som eit slags «spegelbilete» av Mia sjølv.
Den tredje figuren var såvidt også med i første boka, men det svært lille vi veit om hens rolle er ein spoiler. Det eg kan seie, er at auget hens er meir uroleg og forstyrra enn i første boka, så det mest liknar augo på greinene. Nedst ser vi systera til Mia. Slutten på første boka tyder på at ho kan komme til å spele ei meir aktiv rolle framover, men akkurat her ser ho hjelpelaus ut.
Konklusjon: «Kaoskrystallen» kjem til å bli ein meir fantasyprega forteljing enn den første boka, men framleis med utprega grøssarstemning, takka vere mange og markante sjangerkryssande detaljar.
«Kaoskrystallene» blir lagt ut til førhandssal i slutten av denne veka, og blir lansert i midten av august.