Ella blir julebok

I går lanserte Regine Toften Holst «Ella ringer julen inn».

Fotografi av Trond Sätre.

Dette skjedde på Outland, der ho signerte boka frå klokka to. «Ella ringer julen inn» er ei ny historie på 50+ sider. Ella er ein karakter som har følgt Regine sidan tenåra, ein ulukksalig furry-eventyrar med eit snakkande sverd. Serien er prega av absurd og til dels svart komedie.

Serieskaparen har tidlegare laga mange avsnitt om Ella, dei fleste i samband med 24 timars teikneseriemaraton. Desse har tidlegare vore samla i bokform av Überpress, som også gir ut juleboka.

I den seinare tida har Regine trappa noko ned på teikneserie-produksjonen, og ho var ikkje med på årets teikneserie-maraton for Oslo og omegn i år. Derimot var ho med på det tilsvarande arrangementet for Bergen, den 11. oktober. Då laga ho kapittel 11 av Ella. Ho skal også lage eit kapittel 12, i følgje Überpress-redaktør Are Edvardsen.

Kapittel 11 er med i antologien «Bergen 24t 2025», som etter planen skal bli lansert den   12. november.

Regine kjem til å signere (og teikne i) «Elle ringer julen inn» hos Outland Stavanger 1.nov, Outland Trondheim 8.nov og Outland Oslo 25.nov.

(Klikk på coverbilde for å forstørre)

Les også:
Fantasypizza med gladvolddressing

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *