
Overtrykk held stand også i år, sjølv om det blir mest som eit hyggeleg lite gjensyn med venner og kjente.
Til å vere eit format som er døyande i norske teikneseriar, har det blitt mange antologiar å vurdere denne hausten. Først den ambisiøse nye manga-samlinga Kibõ, deretter heile utvalet frå årets «24 Hour Challenge»-oppvarming til OCX. Og nå Overtrykk, som har heldt stand sidan 2022.
Årets bok har gått vekk frå temakravet som Overtrykk prøvde å ha i eit par år og før det i dei fleste av Überpress’ antologiar. Ulempa er at dette i mindre grad oppmodar serieskaparane til å eksperimentere. Når dei kan gjere kva dei vil, fell dei lett attende til gamla vanar, eller til kva dei enn hadde liggande. På godt og vondt kjennast «Overtrykk 2025» difor som ein mild bris samanlikna med dei ovanfor nemnte samlingane, som eit hyggeleg lite gjensyn med venner og kjente.

Årets hovudhistorie (i alle fall i den tydinga at den kjem først, og dessutan har fått forsida) er «Pytalia og jakta på nattmynta» av Jostein Fyllingen. Serieteiknaren var med for første gongen i fjor, og det same var figuren hans, Pytalia. Ho kan best beskrivast som ei hyggeheks, så snill og ufarleg som Miyazakis Kiki (med den litt artige skilnaden at Pytalita er redd for å flyge, sjølv om ho kan det). Jostein er god på verdsbygging, og på å gi figurane ordentleg karakter, både i dialog, kroppsspråk og ansiktsuttrykk, men sjølv med ein skummel salamander blir forteljinga nesten for koseleg. Overtrykk kan vere familievennleg, men det er ikkje noko barneantologi. Serieskaparen nemner Ella og Pepar & Gulrot (men ikkje Kikis Budservice, interessant nok) som inspirasjon, men dette er seriar som tross i all komedien hadde mørkre på botn.

«Ein nesten heilt vanleg fyr» er truleg Alf Christian Saasens første teikneserie ikkje utgjeve på eige forlag, eit nyopptrykk av fanzinen han laga til «Oslo 24 Hour Comic Challenge» i fjor, berre med teksten omsett frå bokmål til nynorsk (sidan dette er reine nynorskantologiar) og lett fargelegging. Godt å sjå han eksponert på den måten, sjølv om eg er litt skuffa over at han ikkje kunne finpusse meir på dette maritime eventyret i høve hans første(?) profesjonelle teikneseriejobb. På den andre sida står denne forsiktige tilrettelegginga godt til Alf spesielle stil: Ei veldig enkel historie pakka inn i mange lag med underfundig humor og ein langsam men stødig historieprogresjon, og gjerne også underforståtte bodskap (denne gongen om økologi).

Neste historie, «Bounties» er ein liten D&D-actionkomedie av Lars Erik Helgemo, ein veteran både innan Overtrykk og Überpress (Udugelege Heltar). Ikkje overraskande er serien difor antologiens beste i ei heilskapsvurdering, både på strek, ide, utføring, komedie og actionkoreografi. Historia følger to dusørjegarar, ein menneskemann og ei goblindame (skjønt det blir antyda at rette ordet her er tusse, og viss Helgemo helst vil bruke eit norsk ord, så gjerne for meg). Eit lite irritasjonsmoment er det at fargane er så gjennomført duse og mørke. Så dyster er historia ikkje. Mytologien verkar meir komplisert enn nødvendig for ein kort historie, men Helgemo omtalar bidraget som «Kapittel 1», så ideen er nok at det skal kome fleire avsnitt. Endå ein framtidig gamal kjenning (eller to), altså.

Vibeke Ihlen Selnes er eit namn eg merka meg frå årets 24t-teikneseriemaraton. Bidraget hennar til denne antologien heiter «Hundeteikneserie», og eg får inntrykk av at den kan ha vore laga til ein 24t-maraton også; sikkert fjorårets, i så fall. For serien er prega av rein spontanitet, i tillegg til at den er på akkurat 24 sider (og har ein tittel som høyrest ut som den blei lagt til i siste liten) «Hundeteikneserie» er ei litt bisarr og til slutt antiklimatisk historie om ein hund som får superkrefter og blir destruktiv. Sjølv synes eg årets bidrag frå Selnes,, «Hode over vann» var langt betre i ide og utføring. Derimot er det interessant å merke seg den visuelle skilnaden på dei to. Serien i «Overtrykk» brukar ein vektor-koloristisk stil som får fargar og strek til å sjå bra ut, og reddar noko av inntrykket.

Med «Dårlege ånder» avslutningsvis kan vi verkeleg snakke om eit hyggeleg møte med ein gamal kjenning, Ørjan Aarviks namnlause folkloristiske detektiv (vettektiv, om du vil) har tidlegare konfrontert huldra (som framleis heng med han som seriens andre hovudperson), troll og nøkken. Denne gongen må han hanskast med eit spøkelse… liksom. Historia legger så tydeleg opp til at dette er eit Scooby-Doo-mysterium (PS: det betyr at spøkelset er falskt) at eg ikkje reknar det som ein spoiler å nemne det. Skulle det til slutt vist seg at det var eit verkeleg spøkelse i huset likevel, hadde det nesten vore endå meir føreseieleg, så Ørjan skal ha ros for at han ikkje fall for den freistinga. Og ein liten vri som er meir særeigen for akkurat denne serien, greier han til slutt i gi «Dårlege ånder». Ikkje den beste vettektiv-historia, men ei verdig avslutting på årets Overtrykk.
Overtrykk 2025
Av diverse; redaktør og forord: Are Edvardsen
Forside av Jostein Fyllingen
122 sider
329 kr.
Überpress







