Kreativ de(kon)struksjon

Art Spiegelmans Breakdowns er formleik av første klasse, og endeleg på norsk.

Art Spiegelman er for dei fleste best kjend for sitt 300-siders opus «Maus», basert på foreldra sine opplevingar under andre verdskrigen, med jødeforfølgingar, Auschwitz og Holocaust – Lett «metaforisk» endra gjennom å gi folkegruppene (tyskarar, jødar, polakkar) forskjellige dyreformer.  Maus var eitt av ei handfull storverk innan amerikanske teikneseriar som på slutten av 1980-talet skapte store omveltingar i seriemediet og løfta det opp til å takast meir alvorleg.

Breakdowns er ei nyutgjeving frå 2007 av Spiegelman sine eksperimentelle seriar frå 1970-talet, og viser i stor grad kor stilen og tematikken kom frå. Med ein litt meir Tom-og-Jerry aktig Proto-Maus og den intense «Fange på Helvetes-planeten» kjem Spiegelman inn på same tematikken som han hentar opp i Maus, men med andre vinklingar og teknikkar. Der finst òg mange meir lettbeinte sjanger-eksperiment her, mellom anna med krimgenren.

Denne nyutgjevinga går litt baklengs, då den startar med eit langt nyteikna forord i teikneserieform, før den held fram med Breakdowns, for så ende opp med eit forord som gir oss konteksten. Dette er eigentleg typisk for den formleiken Spiegelman driver med i denne boka.

Spiegelman har for det meste hatt ein enkel, klassisk strek som peiker attende til serieteiknarar som E.C. Segar (Skipper’n) og Cliff Sterret (Polly and her Pals) med fleire. Til og med formleiken kjenner ein att frå slike tidlege seriar, og andre «undergrunnsteiknarar» frå same perioden, som Robert Crumb og Bobby London, hadde liknande inspirasjonskjelder. Kurtzman, Elder, Wood og Wolverton og resten av EC-gjengen kan heller ikkje sjåast vekk frå.

Breakdowns inneheld likevel som nemnt ein del seriar der han har eksperimentert med andre stiluttrykk.

Så starten er då denne forfattarbiografien i teikneserieform frå ca 2007, der Spiegelman demonstrerer korleis han har meistra dei teknikkane han prøvde og til tider feila med i 70-talsseriane. Det er ein moden, sjølvsikker og presis serieskapar vi møter her.

Når vi så møter den eksperimentelle , prøvande og til tider kanskje ikkje heilt gjennomtenkte, stilen til Spiegelman av 1970, er det tydelegare kva han prøver å gjere; den sjølvmedvetne ironiseringa som kanskje ikkje heilt treffer tonen, tidsbrota, hoppa mellom narrativ, etc.

I etterordet forklarar Spiegelman så i detalj sin inspirasjon, kvar han var som person, kva tankar han gjorde seg den gongen, men med ein godt vaksen mann sitt blikk på ungdommeleg hybris. Serieskaparen snakkar om korleis han prøvde å utforske teikneserien sitt formspråk.

Den «bakvendte» presentasjonen gjer prosjektet mykje tydelegare. Ved å avkle ujamnskapane i det tidlege verket så får det ein større didaktisk tyngde, og ved å spare teorien til sist så slepper ein å få den tredd ned over seg.

Jada, Breakdowns er underhaldande, med sine ironiske og tørre vitsar og sine tidvis grovkorna illustrasjonar, men formleiken gjennom verket, med alt frå utforskinga av kva som «eigentleg» er utanfor rute-rammene til leik med fargeseparasjonar og tekniske eksperiment gjer det til eit fascinerande lærerikt verk for alle amatørserieteiknarar der ute. Det er ikkje alle tinga Spiegelman gjer som var nye med han, men dei vil vere nye for mange av lesarane.

Elles skal det seiast at Minuskel har gjort ein fabelaktig jobb med å produsere verket på ein måte som lever opp til det Spiegelman gjorde med originalen i 2007 (dvs. den engelskspråklege nyutgjevinga). Om noko så skal det seiast at eg trur papiret er eit hakk betre i den norske utgåva.

Ifølgje kolofonen så er boka omsett av Leif Helgeland, veldig bra, om eg får seie, og «tekstleg be-arbeida» av Hans Ivar Stordal. Eg vågar å tru at det gjelder tekstinga/hand-tekstinga i boka? Dette er noko som fortener ein kommentar i seg sjølv:

Som grafikar så har Spiegelman sjølvsagt slått seg laus med fontar og tekstleg utforming i alle titlar og logoar i boka, noko som er ei utfordring for dei fleste omsetjingar, og ofte løyst anten ved at ein berre let originalen stå eller dekkjer over med tekstboksar eller tomme hol i sida eller andre lettvinte løysingar.

Her er det utført møysommeleg arbeid med å gjere alle slike logoar og spesielle tekstar om til norsk i same stil og utan at ein kan sjå at her har det vore fiksa på. Det er både spesielt og ekstremt vakkert utført; eit omsetjingsarbeid i særstilling.

At Minuskel er eit forlag som elskar dei bøkene dei setter om og gir ut, er tydeleg. Det står det respekt av.

Breakdowns
Av Art Spiegelman, etterord av forfattaren
Omsett av Leif Helgeland
ISBN 9788292796610
72 Sider
349 kroner
Minuskel Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *