
Romersk renkesmed trugar våre galliske kranglefantar med indre fred i «Den Hvite Iris»
Dei siste åra har «Nye Asterix» , teikna av Didier Conrad, forvilla seg inn i juleheftejungelen. Albumet står seg godt der, men fortener som oftast rampeljoset åleine. Ny av året er forfattaren Fabcaro, som elles er kjend for absurd humor og intelligent sosialkritikk.
Eg har eit tvisyn på «Den Hvite Iris». På den eine sida så likar eg veldig godt det Fabcaro gjer her med Asterix-universet, dei ideane han presenterer, det satiriske blikket. På den andre sida så har eg veldig vanskeleg for å kalle det eit Asterix-album. Det er som ein av dei episodane i ein TV-serie der ein fokuserer på gjestestjerner eller biroller fordi stjerna er i dårleg form og ikkje kan gjere stunts eller slåss.
Premissen er at Vincent Cassel, eh, eg meinar Cæsar, har gitt sjeflækjaren for hæren sin, Dydolastus, i oppdrag å forbetre kampanden til Roma sine demoraliserte soldatar, og kva betre måte å oppnå det på enn å gå til rota av problemet: Gallarlandsbyen?

Dydolastus sin helsefilosofi, «Den Hvite Iris» går ut på sleppe taket i sinne, angst, frykt og raseri og slik oppnå indre fred. Helst uttrykt i blomstrete, poetisk, høfleg og elevert språk.
Gallarane uttrykker sine varme kjensler for kvarandre med saftige øyrefiker, så dette er eit revolusjonerande konsept, og berre Asterix og Obelix er skeptiske nok til å ane at der er fare på ferde.
Plottet får ikkje fart før Dydolastus får lokka hovding Majestix si kone Godemine med seg til Lutetia (Paris!) der ho kan verte introdusert for det finkulturelle miljøet. Sjølvsagt må Asterix og Obelix fare etter med ein deprimert og forleten Majestix på slep for å redde Godemine frå Dydolastus før han leverer ho til Cæsar som gissel. Samstundes vrir satiren sitt fokus frå landsbylivet til storbyen sitt mas og jag.
Albumet har ikkje ein sentral konflikt som provoserer fram kompliserte handlingar eller actionprega konfrontasjonar; det er ein historie som handlar om observasjon, samtale og overtyding. Hovudpersonane har litt av den klassiske tendensen til overreaksjonar og melodrama, men det vert dempa og punktert i presentasjonen av den nye, omgjengelege og konfliktsky filosofien. Asterix og Obelix vert litt som bifigurar som berre er der for å sette fart under den faktiske protagonisten, Dydolastus.

I så måte så har albumet ikkje Goscinny-stil over seg, sjølv om det tilliks med andre moderne album speglar klassiske situasjonar frå Goscinny album. Dermed kan Asterix-puristar verte skuffa. Ein kan til dømes samanlikne scenene frå Lutetia med Godemine og hennar bror Homeopatix i dette albumet, med introduksjonen av Homeopatix i albumet «Cæsars Laurbær», som er ei nydeleg karakterstudie og startskotet for ei briljant historie. «Den Hvite Iris» har andre toner, ein går for rolegare komikk, og meir prosaisk plotutvikling.
På sitt vis er det likevel ein veldig god og engasjerande historie, for med kun eit enkelt plot så fokuserer Fabcaro, med entusiastisk støtte frå Didier Conrad sin kvasse blyant, på komiske situasjonar med samfunnskritikk og latterleggjeringar av diverse filosofier og kultur som er på moten.
Fabcaro startar med wellness-industri og diverse «fads» knytta til det landlege miljøet, som kortreist mat, diett-endringar, trim og feiring av lokal kultur, før vi får harselering over moderne franske kollektivtransportsystem «omtolka» til gallerne si tidsperiode. Deretter fordjupar vi oss i komiske situasjonar rundt Paris sin kulturelle overklasse eller øvre middelklasse. Moderne kunst, underhaldning, og generelle overflatiske haldningar. Scena med Obelix og sparkescooter er både genial og tåpeleg anakronistisk. Mykje av dette er det Conrad sin strek som leverer, albumet har mange arbeidskrevjande og detaljerte visuelt drivne gags.

Fabcaro sitt blikk på Asterix-universet utdjuper dei store sosiale og kulturelle kontrastane mellom det opprørske utanforskapet i den uavhengige landsbyen, og den sterkt romersk-inspirerte kulturen i Lutetia. Albumet går meir i clinch med ting som tidlegare berre har vore ein del av kulissane i serien. Slik sett så har ein her funne ei vinkling som let ein seie nye ting med serien.
Akkurat her trur eg at responsen vert sterkast delt. Isolert sett så er dette veldig fornøyeleg tøysing med det moderne franske samfunnet, men det er ikkje «Asterix etter gamal oppskrift». På nokre områder er Fabcaro like innsiktsfull i si satire som Goscinny og ei forbetring frå ein del av dei mindre inspirerte albuma i «Nye Asterix» , men der er òg for lite spenning.
Eg må seie at sjølv om Svein Erik Søland sine Asterix-omsetjingar stort sett er av øverste hylle, så verka omsetjinga særleg inspirert og lystig denne gongen. Språket her er absolutt prisverdig, og frekvensen av velfungerande ordspel og treffande kulturelle referanser i omsetjinga er imponerande. Søland får særleg ein god flyt i å omsetje det metaforisk sett blomstrande språket, og dei hyppige blomsterreferansane i teksten på ein naturleg og stilsikker måte.
Eg ser korleis den litt spesielle vinklinga av dette albumet kan vere skuffande for enkelte, men personleg så vil eg seie at dette er det mest fornøyelege Asterix-albumet på lenge, godt hjulpe av ei ytterst stø og treffsikker omsetjing.
Prima, ei sekunda, som det heiter.

Asterix 40 – Den Hvite Iris
Skrive av Fabcaro, teikna av Didier Conrad
Omsett av Svein Erik Søland
48 sider
129 kr.
Egmont