Portrett av kunstnaren som ung snåttabajas

Har me han no? Steffen Kverneland skriv og teiknar seg vidare inn under huda vår med ein latterleg god og varm sjølvbiografi.  

Første gongen eg traff Steffen Kverneland, visste eg at eg var i nærleiken av eit geni. Eg hadde følgt han med intens interesse sidan eg «oppdaga» han i Morgenbladet eller Dagbladet og kjøpte alt eg kom over med namnet hans på; Slik har de det der og den store hattefesten, Fidus, Amputerte klassikere, ting som låg langt over min seksten år gamle høkerhjerne. Han var ikkje berre ein stor norsk kunstnar, han var haugalending, for fakårten! Kven bryr seg om Vamp når me har Steffen Kverneland?

Denne kvelden på byrjinga av 2000-talet? skulle eg bivåne operaen Blob, som Kverneland hadde laga saman med Ole Henrik Moe jr., på Høvleriet i Haugesund. Som ein karakter i ein av Kvernelands seriar gjekk eg inn i ei slags manisk transe og blei saman med ein kompis sitjande og drikke tett medan operaen blei rigga til. Kjensla av å vere i Haugesunds store sons nærvær hadde ein lammande effekt på meg, og strevet med å ikkje framstå som den fanboyen eg var, lot det vere lite energi att til anna enn å drikke meir. Sjølve operaen har eg ingen minne frå, men eg hugsar Steffen Kverneland som ein heilt annan enn den karakteren eg hadde møtt i bladene og bøkene. Han var så seriøs og og beherska. Det var eit slags sjokk.

Teikneseriefiguren Steffen Kverneland har alltid vore ein del av forfattarskapen til teikneserieskaparen Steffen Kverneland. Ofte speler han ei birolle som maniert, fanatisk og forfylla gonzo-versjon av seg sjølv. Vendinga innover mot ein annan versjon av karakteren, eller kanskje mot mennesket Steffen Kverneland, tok for alvor til med utgivinga av Slyngel i 2002 og heldt fram med En frivillig død frå 2018. Brillegeit byggjer vidare på den verda og dei karakterane me har blitt kjende med og glade i gjennom Kvernelands andre biografiske bøker og ligg ein stad mellom dei to nemnte bøkene. Det humoristiske og det alvorlege utfyller kvarandre, og det er som alltid ei svir å lese.

Boka er todelt og kan i struktur minne om Olaf Gulbrandsons to erindringsbøker: me møter først den unge Kverneland og deretter kunstnaren Kverneland. Den første delen er prega av korte anekdoter, brotstykke av barndomsminne, som fungerer utfyllande på dei forteljingane me fekk i Slyngel. «Ingen kan fortelle nye anekdoter fra barndommen, ingen kan komme med nye detaljer, ingen kan korrigere det jeg husker feil», skriv Kverneland innleiingsvis. Det er berre han att. Historiene er både hylande morosamme, varme og såre, og kuliminerer med den noko lengre teksten «Ikaros», som handlar om Kvernelands fortid som hangliderentusiast. Det er kosteleg lesnad.

I den andre delen av boka løftar det biografiske seg eit knepp, og kunstnaren Steffen Kverneland trår fram. Me følgjer Kvernelands kunstnarlege oppvåkning i ungdomsalderen (om Munch: «Bildene imponerte meg ikke. Jeg skulle nok klare det bedre selv når jeg ble litt eldre») og arbeidet med å finne sitt uttrykk. Dette er verkeleg interessant, og viser ei side av Kverneland i alle fall eg ikkje var så kjend med. Me følgjer kunstnaren Kverneland frå Haugesund via eit opphald i Bergen der han ekseperimenterer seg gjennom kunsthistoria og finn sitt uttrykk: «[Kunstnerne og kunstretningene] har alle vært sentrale i å forme male- og tegnestilen min, de har blitt en del av meg, og de er fremdeles viktige inspirasjonskilder», fortel han. Boka blir avslutta i Oslo, der Kverneland prøver å komme seg inn i «kunstmiljøet» (utan hell), men finn seg likevel til rette i byen ingen forlet utan å bli merkt av han. «Men det», lokkar Kverneland, «er en annen historie». La oss håpe det er ein lovnad om framhald!

Boka er, som me har blitt vande med, ei blanding av teikningar, fotografi og måleri i ulike teknikkar og stilartar; høgt og lavt, realistisk og karikert. I Brillegeit er samanhengen mellom stilblandinga og det narrative enda meir tydeleg som eit ledd i å vise breidda og utviklinga i Kvernelands kunst. Nyare og eldre teikningar og måleri er fletta saman på ein måte som utdjupar teksten. Dette er next level künstlerroman.

Med Brillegeit er lesaren invitert endå litt nærmare Steffen Kverneland. Det er eit privilegium.


Brillegeit
Av Steffen Kverneland
136 sider
378 kr.
No Comprendo Press

Les også:
Reportasje frå I-CAN 2021
Anmelding av «En frivillig død»
Anmelding av «Slyngel De Luxe»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *