Også plass til kjærleik

Med «Såret» er Dragens Øye-serien allereie oppe i sitt fjerde bind. Og utan at det verkar anstrengt, kan ein snakke om mykje framgang i handlinga denne gongen.

Sandmæls franske redaktør Flore Piacentino omtalar «Dragens Øye» som ein kjærleikshistorie mellom Kha og Bjarka, og er blitt sitert på det i Egmont sine pressemeldingar. Og serien nærmar seg dette, men så mykje kan eg røpe som at Cha Sandmæl framleis gir lesarane romantikk i små porsjonar. Fokus forblir på forheksingar, intriger og sjølvsagt drakar.

I «Såret» held vi fram direkte frå der bok tre, «Fanget» slutta med ein cliffhanger. Kha og Ranja brukar teleporteringsmagi for å flykte til den staden der Ranja «aller helst vil dra». Dette viser seg å vere familiegarden hennar. Familien er først litt skeptisk til historia når dei får sjå henne i drakeform, men då dei ikkje deler alle dei paranoide førestillingane til broren Bjarki, hjelper dei til. Denne scena refererer forresten både til titlane «Såret» og «Dragens Øye». Også seinare i denne boka får vi fleire tolkingar av begge titlar.  

Sjølv om «Såret» ei meir stilleståande bok fordi mykje av spenningane skjer i flashback-scenar, kan vi trygt snakke om eit bind med mykje framgang i handlinga. Ikkje berre kjenner resten av familien nå Ranja si historie (og i motsetnad til Bjarki trur dei på den), men Lyra går til eit drastisk grep i førebuinga på å rydde Kha av vegen. Flashback-historia er ganske viktig den også. Ingen ting verkar eigentleg overflødig i fjerde bindet av «Dragens Øye». Sjølv Bjarki, som av karakter alltid har vore einspora oppteke av å drepe drakar, særleg «løgnaren» som hevdar å vere systera hans, får vi oppleve også frå litt andre sider.

Vi får også stadfesta at Ranja er…vel, å snevre det inn meir enn «LHBT+» blir feil, både etisk og teknisk. I ein serie med ein ikkje-binær hovudperson kan ein med handa på hjartet seie at «det er komplisert».

Ein artig detalj er elles at familieheimen til Ranja liknar ein gamal, nasjonalromantisk fjellgard. Malin Falch er nemleg ikkje den einaste som kan bruke tradisjonell norsk estetikk i NME-bøkene sine, Cha bruker den berre litt meir subtilt i ein serie med ein overvegande internasjonal fantasy-essens.  

«Såret» er den fjerde Dragens Øye-boka på snautt tre år, og den andre boka i år. Korleis får Cha det til?1 Sjølv Malin Falch, som i følgje TegneHanne er i studio når sistnemnte kjem om morgonen, og i studio når sistnemnte går om ettermiddagen, kunne ikkje få opp produksjonen på det nivået før i fjor. Moglegvis kan det hevdast at Cha har tatt enkelte snarvegar; det er ein dolkeangrepsscene som er litt stiv og passiv i forhold til det tiltenkte dramanivået. Men slike døme er det ikkje mange av. Visuelt er det aller meste på stell, og ser minst like bra ut som i tidlegare bind.

«Klar for siste del av eventyret vårt?» er sluttreplikken i Dragens Øye bind 4. Å stave det ut på den måten var vel ikkje heilt nødvendig? Eg trur dei fleste kan sjå at denne boka er eit vendepunkt uansett. På den andre sida er dette symptomatisk for den opne kommunikasjonen som heile tida har vore mellom Cha og lesarane dei siste tre åra. Både i bøkene og i offentlegheita. Og interessa mi for dramaet er forsterka fram mot innspurten.

Dragens Øye (4) – Såret
Av Cha Sandmæl
136 sider
299 kr. (vegl.)
Egmont

Les om tidlegare bind her

  1. Oppdatering 31.8.23: Ho gir ei forklaring på dette i ein seinare førelesing som du kan sjå her (ca. 15 minutt uti) ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *