Hjelp, eg er i bransjen!

Frå juli 2018 til 1. nyttårsdag 2019 førte TegneHanne ei teikna dagbok. Resultatet er «Ikke tenk på meg», eit engasjerande innsyn i hennar nåverande fulltidsbransje. Mellom anna.

Hanne Sigbjørnsens førre bok som blei distribuert av eit forlag (grunnen til denne spesifikasjonen kjem eg tilbake til) handla om livet hennar som sjukepleiar.  «Ikke Tenk På Meg» handlar om livet etter at ho ikkje trong å vere sjukepleiar meir. Med andre ord er det hennar først bok om livet i bransjen. Og då meiner eg ikkje bare teikneseriebransjen, men også meir generelt forlagsbransjen og mediebransjen; særleg dersom en tel med kjærasten (og dermed også nøkkelfiguren) Josteins arbeid med reality-serien «Love Island».

Eit prosjekt som kollapsa då edruelegheita satte inn

For teikneserieinteresserte er det uansett mange godbitar å hente i Hannes fjerde bok. Forsøket på eigenutgjeving med «Rum & Ruins» i 2018, kvifor ho prøvde dette, og kvifor ho neppe kjem til å gjenta det, er tilfredsstillande dekka. Serieskaparar og redaktørar blir refererte til, med og utan namn, og Pondus/Lunch-overgangen til Strand forlag blir grundig omtalt. Noko som er ekstra interessant med tanke på at Hanne allereie hadde brote med Egmont, og verkar nøgd med det. Men dette var også halvåret då ho begynte å dele kontor med Malin Falch, så gjennom henne fekk ho nok ekstra føling med den nervøse stemninga i forlaget november 2018. Malin er kanskje den andre personen i bransjen som boka omtaler og avbildar oftast. Dette seier nok mest om kva slags person ho er: ei ambisiøs, men «chill» ung dame som Hanne kjem godt overeins med, trass i fara for profesjonell misunning. Som kjent laga ho ein artikkel om dette hausten 2018, som sjølvsagt også er nemnt i dagboka. Meir pikant er Hannes samtale om overgangen med ein ikkje namngjeven Egmont-redaktør, der serieskaparen fullt tilkjennegjer sitt alkoholpåverka overmot.

Hanne og Malins kontordeling i eit nøtteskal

Og nettopp det er framleis drivkrafta bak TegneHanne sine seriar. Ho har sikra seg eit stor publikum gjennom rasande gode  formuleringsevner, og teikningar som er grovt forenkla men likevel uttrykksfulle nok til ofte å vere hysterisk morsomme, særleg i dialogs kontekst. Men eit anna element hever denne boka nokre ekstra hakk. Utleveringsevna er større enn nokon sinne. Og ein får aldri inntrykk av at dette fell henne lett, for Hannes skamkjensle er noko ho tydeleggjer til fulle. Men skriv du dagbok, så skriv du dagbok. Det til slutt avlyste barnebokprosjektet hennar er skildra nærmast som eit bilkrasj i sakte film, og ho tilkjennegjer ei midleitidig fiksering på internettporno (bare mens Jostein var bortreist, altså). 

Barnebokprosjektet stranda så det suste

Ikkje at dei ytre hendingane alltid er i fokus. Som tidlegare følger Hanne innfallsmetoden, og kjem såleis med fleire lange refleksjonar som er på sida, om alt frå ekteskap, familie og barndommens angst, til  Knausgård og frisyrar.  

Alt i alt er det naturlegvis brotstykke av eit liv og av ein hjerne, men dagbokformatet er særs vellukka som ein samanbindande faktor. «Ikkje tenk på meg» er endå vanskelegare å legge frå seg enn dei føregåande bøkene. Bare når ho og Jostein er på ferie i Italia, blir det litt slapt. Då er Hanne tydelegvis for harmonisk. Viss ho og Jostein nokon gong flytter til Italia, er det nok slutt på TegneHanne som fenomen.  

Italia – der Hanne dreg for å leve, og inspirasjonen dreg for å døy

Heilt på tampen av boka reflekterer Hanne at «Da jeg begynte å skrive i juli, tenkte jeg at (…) jeg sikkert kom til å ha en forløsende avslutning innen 1. januar. Men det ser ikke sånn ut.» Ein forhasta konklusjon, skulle det vise seg, for ikkje bare har boka ein forløysande, nærmast perfekt, avslutning, men ein som verkar endå meir forløysande i ettertid. I tillegg viser den seg å fungere som ein naturleg raud tråd for boka som heilheit.

La oss bare seie at konklusjonen inneber ein siger for statsministeren som ho neppe var klar over. Og at i 2021 håper vi å kunne lese TegneHannes graviditetsdagbok eller småbarnsmor-dagbok. Med forord av Therese G. Eide, sjølvsagt.  


Ikke tenk på meg
Av TegneHanne
Forord av forfattaren
200 sider
349 kr (veil.)
Kagge forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *