Jula er ei spesiell høgtid for barn, så det overraskar vel ikkje at der er veldig mange aktivitetshefter og liknande som kjem til jul.
Ikkje alt er offisielle julehefter, og ikkje alt er teikneserier. Der er i tillegg serier under andre av våre anmeldarkategoriar som sjølvsagt passar for barn, avhengig av alder.
Dragevokterens Jul (Egmont / Kr 79,-)
Dette heftet er knytta til barnefilmen som kom til jul. Med manus av Haakon Isachsen og teikningar av Peter Faustino så er dette ei biletbok, ikkje ein teikneserie, men den er knakande god, har bra driv og pene teikningar. Dette er ei engasjerande ET-liknande historie om ei jente som finner ein drake og må beskytte den samstundes som ho slit med eigne utfordringar.
Terningkast 5
*
Detektivbyrå nr 2. ( Canoa /Kr 99,-)
Dette er eit aktivitetshefte om etterforsking av Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes, begge er namn som borgar for kvalitet. Intrigen og sporene/aktiviten er bra for aldersgruppa, verkeleg engasjerande. Teikningane er litt glatte etter min smak; eg er vaksen opp med andre type stilar for barnebøker.
Terningkast 4
*
Stjernestøv (Vigmostad & Bjørke / kr 99,-)
«Stjernestøv» er knytta til årets nye julekalender-serien til NRK, men historia skal vere uavhengig. Der er eit tilhøyrande aktivitetshefte i handelen òg. Manus er av Karianne Lund og den er nydeleg teikna av Regine Toften Holst. Historien handlar om ein pappa og tre unge sysken. Pappaen skal ta med seg dei to eldste til tretopphytta for å sitte oppe om natta og sjå leonidesvermen, ein meteorskur eller «regn av stjerneskudd» som ein kan sjå kvart år i siste halvdel av november.
Den eldste er sur fordi den mellomste får vere med for første gong dette året og han får ikkje vere med faren åleine, og den yngste er sur fordi ho ikkje får vere med. Så følgjer intrigene deretter.
Det er godt og engasjerande fortalt. Mitt eine ankepunkt er at eg ikkje syntes familien vart skikkeleg etablert i starten. Trekk ved korleis ungane forholdt seg til kvarandre, og ikkje heilt var komfortable med kvarandre fekk meg først til å å gå utifrå at det her var snakk om to familiar som var slått saman. Kanskje det berre er meg. Det kan vere at andre ikkje har den reaksjonen. Eg måtte faktisk google TV-serien for å finne ut at eg tok feil.
Terningkast 5
*
Frost II ( Egmont/ Kr 89,-)
Ein merkeleg ånd dreg Elsa til ein forheksa skog ved ein stor demning, der ho får vite meir om kvar hennar magiske krefter kjem frå, og ho må løyse ein fleire generasjoner lang konflikt mellom Arendell og urfolket her. Mykje drama og spenning altså, men eg reknar med at dei fleste som er interesserte har sett filmen som heftet er basert på.
Alessandro Ferrari som står for manus og Manny Medeiros som står for layout er veldig kompetente og rutinerte folk som har stått for adapsjonar og spin-offs av veldig mange Disney-filmar. Men som verkeleg hevar denne serien er at over desse layoutene så kjem malaren Giulio Rincioni inn og ikkje berre gjenskapar han filmen sitt vakre uttrykk, han hevar det enno eit nivå. Rincioni er kjend for den satiriske «Paperi», ein serie som kan beskrivast som noko i nærleiken av Arne And illustrert av teikneseriemalarene Dave McKean eller Kent Williams. Disney hanka han inn for å få nettopp det uttrykket i denne adapsjonen.
Dette gjer Frost II til eit julehefte som fungerer vel så bra for vaksne. Men eg vil òg påpeike at den er så vakker at i tillegg til å vere ein bra teikneserie for barn som leser sjølv, så fungerer den ypperleg som biletbok for barn i førskulealder.
Terningkast 6