
Nokre amerikanarar er evige i juleheftebunka (og deira tur kjem). Andre utlendingar kan kome og gå. Vi ser på diverse amerikanske og europeiske serier i julehefter.
Julens Store Asterix (Egmont / kr 129,-)
Inneheld Asterix-albuma «Kleopatra» og «Goterne». «Goterne» er av dei tidlegaste albuma og dei har det veldig moro med å gjere ap med tyska—eh, eg meiner gotarane.
«Kleopatra» kom ut eit par år etter, men det er tydeleg å sjå skilnaden både i Uderzo sin teiknestil og i Goscinny sine manus; her er dei skikkeleg varme i trøya og kome inn i den rutina som ein ser gjennom dei neste 10-15 fabelaktige eventyra. Egypt er vakkert, og Kleopatra si yndige nese er enno vakrare, ordspela haglar og Goscinny spinner gull av halm.

Eg skal ikkje kome inn på dei innfløkte plotta, eg skal berre seie at trass i eit noko tamt omslag så er dette absolutt verdt å lese. Det er ikkje noko jul ved det, og for å vere ærleg så er det meir ein smakebit på Asterix-serien som no vert sendt ut att til abonnentar i ny samleutgåve att. Så eg reknar med at dette albumet er mest retta mot dei som ikkje har lese Asterix før, og eg unnar dei fleste ungar å verte kjende med Asterix.
Terningkast 6
*
Tom og Jerry – julen 2020
Tom og Jerry må vere ein utakknemleg serie å produsere, den er framleis veldig gag-orientert, meir enn til dømes Donald som tidleg klarte omstillinga til lengre historier mykje betre, og har eit større persongalleri.
Når det er sagt, så har dette heftet to gode historier, ei av dei ei julehistorie, begge av spanjolen Oscar Martin, som er ein fabelaktig gag-forfattar og teiknar. I den eine historia så vert Jerry kasta ut, i den andre er det Tom, og så må dei begge i kvar si historie finne ut av korleis det går utan den andre. Det er ein grunn til at dei hamnar i hop att. Bra utføring av eit trangt konsept.
Men eg ville likevel ha foretrukke Oscar Martin sin post-apokalyptiske funny animal serie «Solo» i nyopptrykk.
Terningkast 4
*

Billy Julen 2020 (Egmont / kr 67,-)
Billy er seg sjølv lik. Lettare slitt militærkomedie, med ei lett ny «julemimring»-historie spesialteikna av Sam Klein. Eg veit at Billy framleis har sine lesarar, og for dei så vil eg seie at juleheftet nok er midt i blinken, men eg saknar brodden til dei eldste stripene.
Terningkast 3
*
Tommy og Tigern Julen 2020 (Egmont / kr 67,-)
Det er Tommy og Tigern, det er litt snø og vinter og elles dei ablegøyene vi er vande med, med gjestespel av «Perler for Svin» og «Bar Bikkje».
Eg skal ikkje vere for negativ, kvar jul er det vel nokon som oppdagar Tommy og Tigern for første gong via juleheftet? Og det unnar eg dei så gjerne, men vi er ikkje på dei beste av vinterstripene her. Kjøp det viss de ikkje har materialet frå før.
Terningkast 4
*

Sølvpilen Julen 2020 (Bladkompaniet / kr 69,-)
Vår alles favorittkiowa, Sølvpilen i to lange historier (ekstra tjukt julehefte på 60 sider) der begge har det til felles at smellvakre, yndige, fabelaktige og omsorgsfulle Månestråle reddar ville dyr (bisonkalv og hjortekalv) som har mista foreldra.
Det er enkle historier, ikkje hundre prosent på trykkoriginalene her, og eg likar ikkje måten sidene er brutt om for julehefteformat. Leserekkefølgja på rutene er dårleg og layouten er rotete som resultat. Når det er sagt, pent teikna, enkelt fortalt og rimeleg underhaldande. Altfor mange av karakterane hamnar i trøbbel fordi dei er lettlurte og lettskremte, og skurkane er berre skurkar.
Eit hyggeleg nostalgi-gjensyn, men det er eigentleg alt. Serien er for eit yngre publikum enn dei som er nostalgiske nok til å lese det.
Terningkast 3
*
Hårek (Egmont / kr 67,-)
Dette er Dik Browne på midten av 80-talet, ein god periode for Hårek, og sundagsstriper som er på det jamne, utan store oppturar eller nedturar. I år så er det stort sett ein ganerensar mellom saftigare hefte.
Terningkast 4
*

Hercule Poirot – Mord På Nilen (Egmont / Kr99,-)
Poirot kom som «julehefte» i fjor med «Orientekspressen», ein gnistrande kald og klaustrofobisk krim-teikneserie i hælane av Kenneth Branagh sin nye filmatisering av «Mordet på Orientekspressen» I år skulle Branagh lansere «Mord på Nilen» til jul (alle veit kvifor den vart utsett), så det er ikkje rart at Egmont hoppa eit par album fram i den franske adapsjonsserien til nettopp «Mord på Nilen».
Manus av Isabelle Bottier følgjer boka godt, den stramme oppbygginga er bevart. Teiknaren Callixte har ein utsøkt detaljrikdom utført med presise linjer, og layouten prøver å fange det naudsynte panorama-perspektivet sjølv innanfor eit for lite sidetal (teikningane burde fått puste meir, over dobbelt så mange sider). Callixte er ein fortreffeleg visuell historieforteljar, og klarar å få enkeltruter til å puste sjølv når det vert krevd for mykje av ei enkelt side; han har god bruk av «deep space» (det vil seie handling i forgrunn, middelgrunn og bakgrunn) og aktivt engasjerte biroller.

Det som trekker noko ned er at når ein kjem nært på, så ser ein at Callixte er flinkare til å teikne kulisser og pene andlet enn nyanserte andletsuttrykk og kroppsspråk, og visuelt sett så er det noko som eg meiner Agatha Christie-adapsjoner trenger. Når det er sagt, så er dette småpirk og dette er uansett ein vakker teikneserie verdt prisen og trufast mot originalhistoria slik at den er flott for krimelskarar.
Plusspoeng for å rollebesette Angela Lansbury frå 1978-filmadapsjonen som Salome Otterbourne i teikneserien.
Terningkast 6