Mykje gamalt, men litt nytt, sjølv mellom dei amerikanske reprisane. Og ei feministisk antiheltinne gjer comeback i juleheftenes sjokkselgar.
Tommy & Tiger’n – Julen 2022
Av Bill Watterson + Stefan Pastis og Paul Gilligan
36 sider/79 kr./Egmont
Vel, «Bar Bikkje» er ikkje fullt så dårleg som eg synest å hugse frå før, men den er i beste fall ein rein middelmådigheit. Til neste år kan den vel erstattast med «Oskar Eroberen»? Den er snart heimlaus i norske bladhyller uansett, og passar perfekt inn i heftet. «Perler for svin» kan ein sjølvsagt behalde, den er framleis god.
…
Åh ja, de venta at eg skulle seie noko om «Tommy & Tiger’n også? Ja, for all del, dei fleste stripene i årets hefter er verdt eit gjensyn, ein passeleg blanding av melodrama og underfundegheiter, og ikkje for mykje om jul (Tommy er ekstra slitsam i jula). Plukk gjerne med deg dette heftet dersom du ikkje har lest alt av Tommy & Tiger’n før.
4
Juleklassikere – Julen 2022
Av Dik Browne, John Rose og Hy Eisman
52 sider/99 kr./Egmont
Kan det vere ein tilfeldigheit at Hårek har fronta dette oppsamlingsjuleheftet begge gongene så langt? Hårek-sidene er for øvrig frå tidleg 80-tal, ein god periode sjølv om poenga ikkje heilt er på det jamne. Men Snøfte Smith har ein tatt eit nytt grep, og brukt fire år gamle sider av John Rose i staden for dei vanlege Fred Lasswell-sidene frå 60-og 70-talet. Det er faktisk forfriskande, etter å ha lest så mange reprisar i års løp. Spesielt morosame er dei sjeldan, men det var ofte ikkje dei gamle sidene heller.
Avslutningsvis byd heftet igjen på Hy Eismans Skipper’n, grundig oppbygde gags med tynne poeng. Eg veit han er veldig ny, og han er vel ikkje heilt på høgde med Bobby London ennå, men til neste år kunne det kanskje vere ein god ide å gi denne plassen til Randy Milholland og hans nye Skipper’n-sider? Milholland har vist lovande taktar i 2022.
3
Billy – Julen 2022
Av Mort Walker, Sam Klein og Henrik Rehr
36 sider/79 kr./Egmont
Rehr, og særleg Klein, sine spesialhistorier begynner å komme seg. Rett nok basert på veldig låge forventingar i utgangspunktet. I år gjer dei ikkje ein gong skam på Mort Walker sitt originalmateriale, som uansett ikkje er det beste dei kunne valt ut. Dei julerelaterte søndagsstripene var aldri Walkers sterkaste side. Klein hermer etter fjorårets stripesekvens om Billys jul med familien, men greier å finne nokre nye vinklingar.
Ein rett nok ganske svak firar for eit raskt ferdiglest hefte.
4
Zelda – En fredelig jul
Av Lina Neidestam + TegneHanne og Ellen Ekman
36 sider/79 kr./Strand
Så er vi framme ved grunnen til at denne kategorien eksisterer; eg måtte ha ein plass å gjere av Strands svenske yndling. Siste juleheftet hennar var i 2017, og for ein serie i kontinuerleg utvikling har mykje skjedd sidan. Ho har mellom anna blitt mor, og satsar på ei koseleg familiejul. Diverre viser barnet til faren (Ariel, for den som har følgt litt med på Zeldas verd) seg å vere ei upåliteleg klyse, som alle menn Zelda har deita. «Plus ça change…» som Karr formulerte det. Zelda sjølv har heller ikkje endra seg så mykje, ho er framleis ein moralist som set ting i perspektiv, og har nok indignert, men naiv idealisme til å tru at folk vil endre livsstilen sin dersom dei skjønner at menneskeskapte klimaendringar er verkelege
Ho kan sjølvsagt bli slitsam, men den lett ironiske distansen er vanlegvis der, og det endå tydlegare er denne i gjesteserien «Lille Berlin». TegneHanne, som berre fekk det eine comeback-juleheftet i fjor, er også gjest, og i heftets ånd bidreg ho med ei oppsummering av sine flauaste og mest frustrerande juleminne.
Eg har sakna den slags julehefte sidan Martin Kellerman ga opp Rocky. At det held fram til neste år, set eg ikkje pengar på, men enn så lenge vil eg nyte at me fekk Zelda til jul i år, i alle fall.
5