Julehefter 2025 – Disneys ender

Tru det eller ei, Carl Barks står over årets julehefter. Og det er faktisk like greitt.

Inga jul utan Disney! Men i år har Egmont faktisk prøvd å vere litt edruelege når det gjelder kvantitet. Fant er ute (og blir ikkje sakna). Hefter tilknytt «From all of us to all of you» er ute. Kanskje mest overraskande, Carl Barks er ute, både i «Jeg»-heftet som gjekk i eit par år, og i heftet som bar namnet hans. Vi har brukt opp Barks’ julehistorier, seier redaktør Simen Storøy i forordet til årets nysatsing (les nedunder). Sant å seie blei desse brukt opp for ei stund sidan, ettersom «Carl Barks’ Jul» har køyrt reprisar fleire gonger. Men å slutte med reprisar på det aller «seifaste» kvalitetsmaterialet er uansett beundringsverdig. Kanskje var det eit utslag av same motet som fekk Egmont til å slutte med Tommy & Tiger’n julehefte i år.

Anmeldarar:

AW = Arild Wærness
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre


Don Rosas jul
Av Don Rosa
Forord av Simen Storøy
66 sider/129 kr./Egmont
AW

Her har vi altså erstatteren til Carl Barks’ Jul., og velkommen skal du være

Minus: ingen julefokus bortsett fra forsiden. Pluss: tre sterke historier fra Rosas univers, der ‘Kalevala/Sampo’ står i særklasse. En verdig hyllest til Don og Donalds mange finske fans, og vintertema har den i alle fall. Nok et pluss: i en verden av tusen opptrykk av Rosahistorier har forlaget funnet tre sjeldne roser.

5


(Norsk) Donald – Vær sin lyst (forsidebilde)
Av Arild Midthun med manushjelp av Knut Nærum og Tormod Løkling
36 sider/95 kr./Egmont
KRK

Det er like før jul Petter Smart har oppfunne Værvidar, ei maskin som lar kvar person opprette sitt eige mikroklima innanfor ein radius på ca 10 meter, og Donald har fått i oppdrag å selge denne mot kommisjon. Komplikasjonar og klimakrise følger.

Eit enkelt konsept etter mal av Barks’ sine 10-sidarar som uunngåeleg leier inn i katastrofe. Dette er lettbeint farse, og det som historia kanskje kunne ha sagt om klimakrise druknar i visuelle gags. Donald er dessutan kanskje er litt for einspora til å vere truverdig.  Ikkje norske Team Donalds beste, men grei underhaldning.

4


Walt Disneys Julehefte 2025
Av diverse
Forord av redaksjonen
36 sider/95 kr./Egmont
TS

Dette heftet burde vere eit friskt pust kvart år, ettersom det ikkje er under press om å ha mest mogeleg Donald eller Onkel Skrue. I fleire år nå har det imidlertid vore oppsamling av annan-og tredjesortering-seriar. Eg hadde vore snillare med heftet dersom det primært retta seg mot barn, men det ser ut til å ville famne breiare. Keisame småstykke, lette som luft, men eg trekker litt opp for ei Snipp og Snapp-historie signert Jack Bradbury, og for eit gjensyn med dei nå obskure Mikro-Midas og Fiffige Filius.

3


Donald Duck & Co Julehefte 2025
Av diverse
36 sider/95 kr./Egmont
TS

Endå eit hefte som var meir interessant for få år sidan. Men utvalet av historier i årets hefte er i alle fall meir kvalitetsbevisst enn i WDJ. Nokre av desse er litt forseggjorte. Rett nok blir det mest Donald, noko som ikkje alltid har vore ein føresetnad for dette heftet (det heiter jo «& Co»). Med serieskaparar som Daan Jippes, Miguel Frenandez Martinez og Vicar bommer ein ikkje for mykje.

3+ 


Donald Ducks Julehistorier
Av diverse, hovudhistorie skrive av Alberto Salvini
256 sider/139 kr./Egmont
TS

To utenomjordiske agentar vandrar rundt i Andeby med eit apparat som absorberer gleda til dei juleglade jordbuarane. Vent, kom tilbake, det er ikkje så teit som det høyrest ut til! I alle fall ikkje i utføringa. Premissen utgjer halvparten av årets DDJ, og er ein føljetong i fleire delar der ymse Disney-kjenningar har hovudrolla i kvart kapittel/historie. Slutten er billeg, men reisa dit er gøy, ikkje minst fordi vi får høve til å sjå korleis ulike figurar reagerer på same situasjonen. Mest spenstig er avsnittet der Magica og Petter Smart går til aksjon saman.

Andre halvdelen er eit utval av reprisar som inkluderer to frykteleg sentimentale Mikke/Langbein-historier (vel, den første av dei er okay, og teikningane til av Massimo De Vita betrar inntrykket), eit ganske snedig Skrue mot Rikerud-oppgjer, og avslutningsvis eit møte mellom Petter Smart og Julenissen. Sistnemnte omhandlar Y2K-problemet, og er såleis ekstra datert, men sjølve historia er slett ikkje så dum.

4+  


Donald Duck & Co – Jul på 70-tallet
Av diverse
200 sider/169 kr./Egmont
TS

Med meir enn 75 årgangar Donald Duck & Co å ta av, held Egmont seg framleis til seint 70-tal/tidleg 80-tal i desse samlebøkene. Men kanskje det betyr at det verkar, at dei har funne den rette aldersgruppa for si nostalgiappell. Årets bok samlar nummer 48-52 i 1979-årgangen, og det skal innrømmast at dei då har fordel av ei stor mengd julerelevante hovudhistorier. Og den eine som ikkje handlar om jul, handlar i alle fall om vinter og hytte på fjellet. Det er eit takknemleg val av årgang, sett frå eit juleperspektiv.

Særleg svak er eg for ein appetittvekkande juleforteljing om Donald som prøver å bake honningkakehus til jul. Den er av det det produktive teamet Tom Anderson/Vicar, men med plott av den kjente danske serieskaparen Werner Wejp-Olsen. Så honningkakehus til jul er ei dansk greie? Smått eksotisk, er det i alle fall.       

I tillegg til før nemnte Anderson og Vicar (og Olsen) er også Paul Murry tungt representert, både med Mikke/Langbein-mysterier generelt, og med julemysterier spesielt.  Kanskje er desse ikkje Barks eller Rosa, i alle fall ikkje Barks eller Rosa på ein god dag, men det er bra materiale, og mykje av det.

5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *