Julehefter 2025 – Norske eventyrarar

I krigen, til filmen, til Merkur, eller til isaudet for å kjempe mot monster. Nokre norske serieheltar strekker seg litt lenger i håp om at det blir jul allikevel.

Action er ein smal sjanger i norske julehefte (og etter kvart i norske teikneseriar generelt). Gullalderen for julehefte av typen Tarzan og Fantomet er forbi, og gullalderen for julehefte av typen Knut Gribb og Varg Veum, kom eigentleg aldri.

Men akkurat i år har det kome ein pen bunke med hefte som byr på noko litt meir enn komedie og kvardagssituasjonar. Nokon heng med frå før, andre er heilt nye, og kanskje eingongsfenomen. Men her og nå er dei verdt ein eigen kategori.

Anmeldarar:

AW = Arild Wærness
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre


Ingeniør Knut Berg 2025
Av Øystein Runde
30 sider/95 kr./Fonna
KRK


Øyvind Lauvdahl valde å slutte etter å har gjort unna sin Knut Berg-trilogi. No er det Øystein Runde sin tur til å prøve seg. Runde sin vande stil er nok kjend, frå før, han held seg nært opp til den men gjer eit heiderleg forsøk på å innarbeide noko av den klassiske teiknestilen til serien.

Vi hoppar rett i det, med ei gåve frå Knut til Alva som sender henne på mental reise til Merkur. Der hamnar vi i ei vitskapleg utforsking basert på mental projeksjon, sjelar i robotkroppar og eit tog som går i bane rundt planeten sin ekvator. Så med eitt så viser det seg at dei er i fare frå ein ukjend sabotør. Er det Dr Panga som står bak?

Der er mykje science-fiction-idear her. Runde listar opp nokre av sine inspirasjonskjelder, mest litterære sådan.  Sjølv så tenkte eg mest på John Carter sin astrale projeksjon til Mars i Edgar Rice Burroughs’ “Warlord of Mars”,  Jack Kirby sin bruk av utbyttbare robotkroppar med “Doctor Bedlam” i 4th World og “Captain Victory” og Brown og Woods “No-Man” frå T.H.U.N.D.E.R Agents”, men sci-fi litteraturen har mykje slikt.

Starten er litt røff, men straks ein kjem til Merkur så flyter det. Kanskje litt for fort – 20 sider med teikneserie. Eg sat igjen på slutten og tenkte at her må eg få vite meir. Fengande, drivande, litt kludrete og forklarande innimellom men det er trass alt Knut Berg.  Solid sci-fi-action med eit interessant premiss og spanande forviklingar, sjølv om eg sakna ein tydeleg McGuffin.

«Ekstramaterialet» består av eit intervju med serieskaparen og ein populærvitskapleg artikkel om premissen for årets historie. I intervjuet nemner Runde at han i starten tenkte på dette som ein filmversjon, og det skiner igjennom i måten dramaturgien er bygd opp på.

4+


Motstandsnissene (sjå forsidebilde)
Av Aleksander Kirkwood Brown og Arild Midthun
34 sider/99 kr/Egmont
TS


Kva om det nisseluveforbodet under krigen skuldast verkeleg nissar? I årets store nysatsing på juleheftefronten går vi attende til jula 1940. Nissane prøver å halde seg nøytrale til okkupasjonen, men når Wehrmacht konfiskerer så mykje mat frå lokale bønder at dei ikkje lenger kan legge ut graut på låven, gjer nissane ei «entevending» og erklærer KRIG!  

Historia var kanskje Kirkwood Browns ide, men Midhun gjer serien til si eiga, ikkje minst fordi det er tydeleg at han skodar tilbake til gjennombrotsserien sin, Truls og Trine, her. Teikningar og fargar er uhyre forseggjorte, ei blanding av norsk nasjonalromantikk og klassisk belgisk Marcinelle-stil. Fortellinga er tett, rik på både action og komikk. Serien er alt du kunne forvente, i den graden at den verkar i overkant oppskriftsmessig. Nordmennene er passive og uskuldige, tyskarane er ei blanding av «Allo Allo»-nazistar og romerske Asterix-legionærar, alle saman og tvers gjennom. Dette er ei mest mogeleg publikumstilpassa familievennleg fantasiversjon av andre verdskrigen. Kanskje det dristigaste serieskaparane gjer, er å la Gutta på Skauen bruke heile heftet på å krangle om kva dei skal kalle seg mens berre nissane føretek seg noko konstruktivt.

Men viss Arild Midthun vil gjere dette til eit retro-prosjekt (også for han som serieskapar), la han det. Han gjorde ein framifrå jobb då (på 80-talet), og han gjer det same nå.

Frustrerande er det likevel at «Motstandsnissene» måtte nøye seg med dårlegare trykkpapir enn langt meir uinteressante juleheftetitlar som Billy & Vennene og Juleklassikere.     

5


The Urban Legend Julespesial
Av Stee V
40 sider/90 kr/Keep on Walking
TS


Eit sjeldant døme på at Stee V (eig. Steve Baker, tidlegar kjent som NewTasty) lager ein Urban Legend-teikneserie på eiga hand. Som manusforfattar har Steve halde ambisjonsnivået nede, samstundes om han tek seg fridomer Josef Yohannes ikkje kan (eller vil). Det viser seg å vere ein fordel for han.

Ein skulle tru at jula generelt, og den norske og nordiske jula spesielt, hadde nok tradisjonelle eventyr og segn knyta til seg. Likevel har Steve valt å lage eit heilt nytt segn – juleheksa Myrknyra (tydelegvis ikkje det same som Gryla eller La Befana) og trollslaven hennar. Omtalen av Myrknyra i denne historia gjorde meg litt bekymra for graden av banalitet – «Hun vil bare ha gaver. Ikke sine egne. Dine. Hun hater når barn er glade, for ingen ga henne noe da hun var liten.» Heldigvis gjer ikkje Steve for mykje ut av mytologien, og nøyer seg med å lage ei overvegande visuelt sterk historie der det forblir uklårt kva som er verkeleg, og om forteljinga har noko som helst med denne seriens kontinuitet å gjere. «Myrknyra» er basert på teiknaren sitt besøk til Nord-Norge, så sjølv om stilen hans er typisk superheltserie, ser landskapet autentisk ut, og er truleg det.

4+


Ella ringer julen inn
Av Regine Tuften Holst
62 sider/299 kr.(innbunde)/Überpress
TS


Regine Toften Holst er ikkje lenger like aktiv som serieskapar, men figuren Ella har ho halde i live. For dei som ikkje hugsar Ella, så er ho ein rosa ulv, ein furry i ei furry-fantasyverd, ei ulukksalig omstreifande eventryheltinne med eit snakkande sverd. Vanlegvis opptrer ho i Regines 24 timars maraton-hefter, som ho har laga til slike arrangement både i Oslo og Bergen. Nokre av dei blei samla i ei bok, men ei juleforteljing som ikkje blei laga for eit maraton er definitivt noko nytt frå Ella.  

Eg hadde venta meg litt meir metodisk historieforteljing nå som Toften Holst lager ei Ella-historie utan å vere bunden av 24-timarsreglene. Men eigentleg er ikkje det tilfellet, «»Ringer julen inn» verkar prega av den same innfallsbaserte, lause forteljarstilen som er vanleg i denne serien. Den same rufsete streken også. Ella veltar eit juletre (eller meir presist, eit solsnu-tre) ved eit bisart uhell, og bruker mykje av historia på å krangle med landsbybefolkninga om det derfor er hennar plikt å nedkjempe den lokale draken, og om ho er ei heks. Men noko action og effekter blir det plass til, og om intrigen er rotete, så gir den meining til slutt.

4     


Flåklypa Julen 2025
Av Øyvind Sagåsen og Thierry Capezzone
26 sider/95 kr/Egmont
AW


I år er det 50 år siden Flåklypa Frand Prix hadde premiere, og til jul kommer en ny Flåklypa-film som også får mye reklame i årets hefte. Kanskje ikke så rart da, at hovedplottet i årets historie handler om film. Flåklypas kommunekasse er bunnskrapt, og kassereren trenger ideer. Solan forslår at de lokker filminnspillinger til bygda, og begynner med å invitere «Eirik Moppe».

Når ikke helt opp i år, virker å gå litt på tomgang, både når det gjelde historie og tegning. Den vanligvis høye kvaliteten mangler i en fortelling som prøver å nå over alt, men ikke kommer helt i mål. Nedtur, ettersom forventningene til dette årlige heftet er skyhøye år etter år.

4-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *