Økologisk mecha

«Kjempene» verkar frå første bind, praktisk talt frå første side, svært trygg på sitt eige premiss. Serien er ei praktfull skue, men eg håper det er meir ved både kjempene og deira små hjelparar enn ved første augekastet.

«Kjempene» er den nyaste i rekka med fransk-belgiske (herunder fransk-belgisk publiserte) fantasyseriar for ungdom som Gyldendal gjer tilgjengeleg på norsk. Mest spesielt med denne, i alle fall på førehand, er at forlaget visstnok vann ein bodrunde mot fire andre norske forlag om å få utgjeve serien. Ein detalj som var interessant nok til at Øyvind Holen nemnte det sin artikkel om nye teikneseriepublikasjonar i Pondus # 1/21.

Men, fem konkurrerande forlag? Og serien er så vidt eg veit ikkje Netflix-aktuell ein gong. Er den verkeleg så god? Her er forventingane skrudd i veret, i alle fall for oss som følger litt med i bransjen.

Sagaen opnar på velprøvd Hollywood-maner med ein vitskapleg ekspedisjon til ei mystisk grotte under ein grønlandsk isbre. Sjølv utan å kjenne tittelen, langt mindre lese synopsis bak på permen, anar vi straks at her må det gøyme seg ei urgamal, overjordisk hemmelegheit. Og får dette stadfesta straks. Deretter skifter scenen til ei idyllisk, skotsk landsbygd der vi på få sider får eit ganske komplett bekjentskap med bokas helt, Erin, ei tøff, men foreldrelaus jente med grøne fingrar. Nettopp den typen heltefigur som passar til å bli ven med den kjempemessige naturvetta Yrso.

Historia er klisjévennleg; det aller meste som skjer har likskapar med ting ein forventar frå eit Spielberg-eventyr. Då er det viktig å hugse på at det er ikkje klisjeane, men korleis du bruker dei, som tel. Sånn sett er det meir presist å kalle serien tropevennleg i tydinga av «trope» som et tilbakevendande tema eller motiv i litteratur eller kunst. Serieskaparane verkar særs bevisste på bruken av slike verkemiddel som hjelpemiddel for å fortelje ein god historie, heller enn snarvegar. Bandet mellom Erin og Yrso blir hinta om heilt frå starten. Alt ho gjer, og som skjer med henne, heng saman med denne skjebnen. Valet av det ope, landlege sommarlandskapet er ei føresetnad for at møtet skal kunne finne stad. Bodskapen er økologisk, men står ikkje i vegen for handlinga.    

Kanskje den mest spanande tropevariasjonen er at dei «utvalde» barna (i alle fall Erin, og det er grunn til å mistenke eit gjennomgåande tema her) er mentalt og fysisk knyta til kvar si kjempe. I illustrasjonane er dette uttrykt ved at Erin styrer Yrso som ein mecha, ein kjempemessig kamprobot. Motivet er kjent, og barneappellen i akkurat denne maktfantasien er openbar. At Erins auger lyser når ho blir «mechafisert» gir tilstanden på same tid ein kryptisk overtone.

«Kjempene» er sterkare på manus enn dei fleste nye fantasyteikneseriar. Forfattaren Lylian har ikkje berre ein klar ide om kor han vil med konseptet, men også eit heilt konsistent fokus på dette. Likevel er det illustrasjonane som gjer boka verdt å lese. Framfor fester ein seg ved kjempenes unike individuelle design, og i Yrsos tilfelle korleis han(?) går i eitt med naturen. For menneskeskikkelsar ser Teiknar Paul Drouin ut som han har jobba seg fram til eige eit uttrykk som kombinerer tradisjonell fransk-belgisk strek med euromanga og Pixar. Eg er ukjent med teknikken til fargeleggjar  Lorien, men den skaper ein akvarellbasert utsjånad som kan minne om Gijé, med reinare linjer. Det betyr diverre at «Kjempene» også er endå ein av dei europeiske albumseriane som taper seg tydeleg i det reduserte, norske bokhandlarformatet.

Etter å ha lest første bind, ser eg ei mogeleg hake ved konseptet, nemleg kjensla av at nå veit ein alt ein treng vite: Kvart album kjem til å vere sentrert rundt eit barn og «deira» kjempe, og så ein sisteboss-kamp mot den store fienden (som eg også føler at vi allereie veit alt vi treng å vite om). Håpet er derfor at serieskaparane vil tørre å overraske oss.    

Kjempene, bok 1 – Erin
Skrive av Christophe Lylian, teikna av Paul Drouin
Fargar av Lorien
Omsett av Stéphanie De Miranda
56 sider
149 kr.
Gyldendal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *