Scenar frå ei døyande verd

To bøker ute i «Mia Myhr» er Sara Hjardar allereie ein av dei beste forteljarane i NME-stallen. Det visuelle gjer mykje forskjell, men bok to i serien, «Kaoskrystallen» er eit heilskapsprodukt.

Etter å ha lest og analysert første bindet av Mia Myhr-sagaen, uttrykte eg ei svak bekymring for at det skulle bli for mykje komedie, og spekulerte på kva slags balanse vi skulle komme til å få sjå mellom fantasy og grøss.

Med «Kaoskrystallen» kan eg slå fast at komedien for det mest glimrar med sitt fråvær, og at fantasy og grøss er perfekt balansert. Eigentleg er det meir av begge delar, og grafisk gir det seg utsøkte resultat i det allereie svært karakteristiske, surrealistiske landskapet til det dystre landet Ravnareir. Skummel, men vakker, som Malin Falch er sitert på å seie om bokserien bak på permen.

Og med unnatak av eit viktig flashback innleiingsvis, er heile bok to lagt til denne skumle, men vakre verda. Mia og den lokale mørkalven Ekko (ein «gnark» i denne verdas terminologi) prøver framleis å finne Mias syster, som er bortført av den onde Rotheksa. Heksa veit av kaoskrystallen nå finst i Ravnareir, og ho vil ha denne for einkvar pris. Med god grunn, skal det vise seg.  

Rotheksa forhøyrer Mias syster

I «Kaoskrystallen» blir vi betre kjent med samfunnet i Ravnareir, det vesle som finst. Tilsynelatande består det av ei underjordisk utmark med ein forfallen landsby i midten. I eit enkeltståande, malplassert komisk element, kanskje det einaste som skurrar i boka, greier Mia ei stund å passere som ein innfødd berre ved å setje eit falskt gevir på hovudet (tanken er at det skal få henne til å sjå ut som ein skogsalv). Reaksjonane til dei innfødde når Mia blir avslørt, får meg imidlertid til å spekulere på om dei visste kva ho var, men ikkje våga å seie noko fordi det først verka tryggare å spele dumme.

For frykt og død herskar i Ravnareir, og i «Kaoskrystallen» får vi ein ganske god og passande forklaring på kvifor det har blitt slik. Å utføre magi er ganske vanleg i  denne verda, men når du bruker ting til det, kan du berre utrette små og trivielle gjeremål (som når Ekko bruker steinar til lage lys). Skal du utføre kraftig magi, må du gå over lik, bokstaveleg tala. Då skjønner ein korleis staden har blitt eit goldt dystopi. Brukt som ein økologisk metafor er den ein av dei betre eg har sett på ei god stund, men serien spelar ikkje på det. I den grad Sara Hjardar har nokre bodskap å formidle, er dei fullstendig underordna så langt, og historia står desto sterkare for seg sjølv. 

Ravnareir by. Eksotisk, om ikkje anna.

Ein annan viktig detalj er at dette sjølvsagt skapar endå meir uhygge rundt spørsmålet om skjebnen til Mias syster og ei andre barna som forsvann i først boka. Viss magi kjem frå livskraft, er det kanskje mogeleg å lese ein metafysisk Hans og Grete-parallell ut av dette. 

Etter berre to bøker er Sara Hjardar ein av dei beste forteljarane i NME-stallen. Verken karakterane eller den overordna premissen skil seg strengt tatt så mykje ut i mengda. Skrekkeffektane og den alltid fascinerande og strengt regulerte fargekodeksen, derimot, gjer stor forskjell. Likeins dei intenst emosjonelle ansiktsuttrykka, som saman med resten gir meg lyst til å bruke anna kvar rute som illustrasjon til denne teksten. Serien, og særleg dette bindet, er altså visuelt sterk, som ein skjøner, og som ein ser allereie av omslaget aleine. Boka hadde likevel kjenst ufullstendig om ikkje den ytre intensiteten var ledsaga av ei så rik historie og dertil tilhøyrande dialog.

Alt nå ser Hjardar ut til å ha funne forma. Med seks-sju planlagde Mia Myhr-bøker er det nesten litt svimlande å tenke på kor mykje vi har til gode.   


Mia Myhr og kaoskrystallen
av Sara Hajrdar
194 sider
299 kr. (vegl.)
Egmont

Les også:
Ei reise i mareritt-blått
Mange små tegninger gjør en stor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *