Ein heilt normal superhelt

Kan Kamala Kahn appellere, ikkje berre til trufaste superheltfans, men også til t.d. «Nordic Manga-generasjonen?

Den første Ms Marvel oppstod på 1970-talet og var bak maska Carol Danvers,  som mange kanskje kjenner att som Captain Marvel frå MCU-filmen frå nokre år sidan (historia bak bruken av ordet «Marvel» som eit superheltnamn kan du lese her). Denne nyaste “Ms Marvel”-inkarnasjonen, veldig annleis frå den forrige, har vore ein kritikaryndling i teikneserieform,  ganske så populær det siste tiåret, og er aktuell på Disney Plus i byrjinga av Juni. Då passar det jo bra at første samleboka med serien no kjem på norsk.

Kamala Khan er ein pakistansk-amerikansk 16-åring frå Jersey City som på mystisk vis ein kveld får superkrefter når ho vandrar inn i merkeleg tåke etter å ha snike seg ut av huset for å gå på fest. Det har å gjere med Inhumans, eit underbruk av Marveluniverset som Marvel promoterte ivrig då denne serien begynte, men som dei seinare har tona kraftig ned.   


Som kjent har Marvel problem med å bevege seg for langt frå sentrum av New York. Jersey City, sjølv om det er ein heilt annan by i ein heilt annan stat, er like over elva for Manhattan,  og som mange andre som har vokst opp i “skuggen” av Manhattan sine hundrevis av superheltar, så er Kamala skikkeleg fan av Avengers og spesielt Captain Marvel (Carol Danvers) og skriver til og med superhelt-fanfiction på fritida.

Når Kamala får superkrefter som let ho endre skapnad så framtrer ho først som den blonde, høgreiste klassiske “Ms Marvel”, Captain Marvel sin tidlegare superhelt-identitet, derav namnet. Dette er umedvete, då ho enno ikkje har full kontroll over kreftene sine.

Deretter vert det forviklingar over ein lest vi kjenner frå klassisk Spider-Man, med balansen mellom å stoppe skurkar og prøve å ikkje skuffe familie og vener og “finne seg sjølv” (i enkelte situasjonar bokstaveleg) . Jordnær, humoristisk og engasjerande. Mange av dei tidlege situasjonane tek utgangspunkt i hennar næraste vennekrets og det er situasjonar der ting står på spel for ho personleg. 


Teikneserien er til dels djupt forankra i det delte Marvel-universet og det kan kanskje verke avskrekkande i starten for dei som ikkje er så langt inne i det, men bør ikkje vere det,  då dette raskt kjem i bakgrunnen for sjølve historien, og all relevant informasjon vert forklart undervegs. Serien er veldig var overfor det at ein del lesarar kjem inn utan mykje forkunnskap.

I utføring er dette ein veldig personleg serie, med fokus på eit ganske kvardagsleg miljø. i dette tilfellet eit multikulturelt bydelsmiljø sentrert rundt Kamala sin muslimske familie. Eit veldig vanleg tenåringsmiljø, sjølv etter norske forhold,  og sjølv om det er ein storby så har Kamalas Jersey City eit veldig lokalt småbypreg. Eg trur nok det er veldig mykje for ungdom å identifisere seg med, meir enn kva som er vanleg i superheltserier.


G. Willow Wilson presenterer oss for eit variert og spenstig persongalleri, kjenslemessig truverdige situasjonar og fantasirike, ofte uvanlege og overraskande action-sekvensar. Teiknaren Adrian Alphona har ein stil meir vanleg i small press-serier, med gode skildringar av keitete tenåringar og merkelege situasjonar. Dei mestrar både det jordnære og det fantastiske på ein måte som  minnar meg om Wolfman og Perez sitt tidlege arbeid på “New Teen Titans” (sjølv om det er vanskeleg å nå heilt opp dit). Omsetjinga har eit naturleg språk, sjølv om det er tydeleg at ein del popkultur-referanser er vanskelege å justere.

Sjølv i sin veldig spesifikke kulturelle setting så er familiesituasjonane vi opplever i serien universelle, trass i at det til tider vert spissa litt i retning av superheltsjangeren.

For eit norsk publikum som ofte har hella meir mot jordnære serier enn mot dei mest fantastiske og verkelegheitsfjerne (utan at det i seg sjølv er negativt)  superhelthistoriane, kan Ms Marvel vere ein god balansegang. Eg vil spesielt anbefale denne for fans av “Nordic Manga”. På mange måter er denne serien meir nært beslekta med slike titlar enn vanlege superheltserie. Serien gjer kanskje ikkje superheltfans av dei, men det holder at dei vert Ms Marvel-fans.


Ms Marvel : Nesten Normal
Skrive av G. Willow Wilson, teikna av Adrian Alphona
Omsett av Daniel Reinsfelt
120 sider
249 kroner
Outland Forlag


Les også:
Eg veit at Serienett sin anmeldar Kristian Hellesund kjem til å stå fremst i køen for å kjøpe denne boka når den kjem, då han har ivra for å få den på norsk i nærare eit tiår no, og hans anmeldingar av dei engelskpråklege utgåvene kan ein sjå her.

1. No Normal
2. Generation Why
3. Crushed
4. End of Days

Ms. Marvels første opptreden på norsk var her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *