Kan teikneserie bli teaterforestilling?

På Edderkoppen Scene går no «Nordlys», ei forestilling basert på Malin Falchs teikneserie. Serienetts utsendte troppa opp på premierekvelden og lurte litt på korleis det skulle bli å anmelde teater.

Alle fotografier er pressebilder, og tilhøyrer arrangøren.

På Edderkoppen Scene i Oslo går no «Nordlys», ei forestilling basert på Malin Falchs suksessrike teikneserie. Serienetts utsendte troppa opp på premierekvelden og lurte litt på korleis det skulle bli å anmelde teater i staden for teikneserie.

La meg difor avklare litt. Dette blir ikkje ei tradisjonell teateranmelding eller ei tradisjonell anmelding av ein teikneserie, men det prøvar meir å vere ei slags analytisk anmelding av korleis ein teikneserie har blitt som forestilling på teater.

Sonja (Ingeborg Walther) og ein trollunge

Sonja får ein medaljong i konfirmasjonsgåve av onkel Henrik. Han viser ho bilete han har teikna frå ei av sine reiser til Jotundalen, som han fortel ligg i Lofoten. Dette er ei skrøne for å skjule at han besøkt ei magisk verd.

På natta kjem ein mystisk skikkelse inn på rommet til Sonja, på jakt etter medaljongen. Det er trollgutten Espen, som tek med seg Sonja til Jotundalen. Her møter ho magiske vesen som trollungar og den snakkande bjørnen Bjørnar. Ho får høyre om jarl Hjalmar og vikingane som vil overta heile øya og utrydde all magien. Sonja bestemmer seg for å hjelpe sine nye vener.

F.v. jarlen (Jonathan Tufvesson), Kjetil (Runar Bjørnsen Jekteberg), og orakelet (Mari Haugen Smistad)

Når ei historie byter medium må ulike element tilpassast, endrast og justerast på. Slik er det med alt som blir adaptert, enten det er bok til film, musikal til bok eller teikneserie til teaterforestilling. Slik er det også i «Nordlys». Historia i forestillinga er gjenkjenneleg for dei som har lest teikneserien. Handlinga er basert på dei første sesk binda i Nordlys-serien, men noko forenkla. Det er eit godt val å dekke handlinga i bind 1-6, då denne kan lesast og forståast som ei komplett historie. Eit viktig poeng er og at ein kan følgje med i handlinga og sjå stykket utan å ha lest bøkene.   

Visuelt er det som sagt mykje gjenkjenneleg frå teikneserien og det ser det ut som karakterane har sprunge rett ut av boksidene til Falch. 

Espen (Cengiz Al)

Sonja (Ingeborg Walther) og Espen (Cengiz Al), er hovudpersonane i stykket. Persongalleriet elles består av trell Kjetil (Runar Bjørnsen Jekteberg), jarl Hjalmar (Jonathan Tufvesson), orakelet Varis (Mari Haugen Smistad), Lotta (Aurora Reed-Jenssen), bjørnen Bjørnar (Gorm Jenseg, som også er onkel Henrik) og trollungane.

Den fysiske scena der historia blir formidla er ikkje så stor, men i stykket reiser vi vidt og bredt i Jotundalen og får oppleve mykje gjennom fantasiens kraft. Overgangen frå teikneserie til scene gir rom for å utforske andre ting enn i teikneserien. Falchs teikneserie har til dømes mykje flott natur i rutene og har eit drag av Theodor Kittelsens maleri over seg. Naturen som element og nesten som ein karakter, er lite synleg i forestillinga.

Lotta (Aurora Reed-Jenssen)

Ein ting som verkeleg kjem til sin rett på scena, er slåsskampane mellom Espen og jarl Hjalmar. Det gir stykket mykje action og spenning. Å fysisk sjå Al og Tufvesson kaste kvarandre rundt på scena og slåss med både kniv og nevar gir historia eit anna lag. Det er levandegjering av teikneserieruter. Ved lesing av ein teikneserie, er det lesaren sjølv skaper/fyller inn deler av historia mellom rutene.

Ei sceneforestilling gir rom for å bruke andre element for å formidle historia. Det er fleire element i historia som er vanskeleg å få vist fysisk på scena, så då blir det brukt andre verkemiddel, som musikk og skuggeteater.

Trollet Trym er stort og skummelt og vi aldri ser han fysisk på scena, men vi opplever karakterane si frykt for han gjennom kroppsspråk og skumle lydar gjennom lydbiletet. Når vi møter Gnist, den vesle blå augestikkaren til Sonja, får vi høyre ein glad melodi. Skuggeteater blir også brukt for å fortelje starten på historia om Jotundalen, og det likte eg godt.

Sjøorm i skuggane

Det er skrive fleire songar spesielt for stykket. Nokre av dei blir framført av Sonja (Walther) og ein kan høyre kor profesjonell ho er som songar. Ei fryd for øret. Songane blir brukt for å vise noko av sinnstemninga og dei indre tankane til Sonja, som ikkje alltid er så enkelt å formidle på scena. I teikneserien brukar Falch fleire ruter til å kunne formidle Sonjas indre liv, enten med eller utan ord. Songar og musikk gjer dog ikkje dette til ein musikal, då der ikkje er dans i framføringa, som er eit av tinga som høyrer til for å gjere det til ein musikal1 

Det er vel verdt å ta turen på «Nordlys». Forestillinga viser at det er mogeleg å lage teater av teikneserie og at det kan gjerast bra. Eg håper at det kjem fleire adaptasjonar av ulike teikneseriar i framtida. Vi har ein rik flora av norske teikneseriar frå dei siste åra der mange historier også fortener å bli fortalt på ei scene.

Forestillinga er på Edderkoppen Scene frå 21.februar til 22.mars.

  1. I følgje Store norske leksikon: https://snl.no/musikal). ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *