Nye talent kjem til

Den norske manga-antologien Rakkan tek seg litt opp for kvart volum. Dei aller fleste faste bidragsytarane er blitt enten betre eller i alle fall meir rutinert sidan starten, men i Volum 3 er det særleg to serieskaparar som høgnar nivået.

Aller først (i alle fall lest frå høgre) har vi «[MEULENCEA] Pentagon Saga» frå debutanten Dænney. Ho gjer (nesten) alt rett frå første augneblink. Kvar einaste rute er metta med effektar og detaljar, med intensitet, og streken er tvers igjennom profesjonell. Skal eg komme med ei innvending om teikningane til Dænney, rett nok ikkje ei fullstendig bagatellmessig ei, må det vere at auga til figurane hennar fleire stader er sjellause som Barbiedokker.

Sjølve historia er førebels i det blå. Mykje skjer, men det meste verkar som rein oppbygging og vi sitter igjen med mange spørsmål. Det som er tydeleg, i alle fall i den redaksjonelle kommentaren, er at [M]PS legger opp til ein isekai-serie (allereie eit velprøvd konsept i norsk såkalla manga).

Den andre som dreg opp nivået er Joiski, som er tilbake med ei nye manganovelle etter ein pause i Volum 2.  «Kaffe for svin» (forsidebilde) er ein liten komedie om baristakultur, ein heilt enkel, ikkje-fantastisk forteljing som blir til noko mykje meir gjennom teiknarens kjensleladde og dynamiske strek. Men det hjelper også at serien har ein ypperleg dialog som Joiski er veldig nøye med å påpeike at han ikkje åleine kan ta æra for. Gjennom krediteringa stadfestar han at Rakkan-teiknarane jobbar tett med redaktørane (noko eg mistenkte allereie i første boka), og til ei viss grad med kvarandre.

Elles er føljetongane framleis bærebjelken i antologien, og dei humpar og går i ulike tempo. I «Aurora» kjem ikkje den romantiske intrigen stort lenger i løpet av tredje kapittelet, som for det meste går med til å vente på at noko skal skje. Også i «Last Day» står romantisk komedie sentralt i handlinga, men her skjer det faktisk ting, både når det gjeld verdsbygging og karakterutvikling, også for bifigurane.  

Tenpis «4E» består framleis av halvparten webtoons-striper om ein snål og ein mindre snål lærar som pratar saman, og halvparten av ein føljetong om en sistnemnte lærars kvardag. Serieskaparen ser nå ut til å følge ein spesifikk ide, men eg er stadig usikker på kva som er poenget med det heile.

Men det er Hiwar Nheli og «Mantikorenes Kongerike» som kan vise til størst forbetring. Heilt uventa er dette ikkje, då serien har tatt seg opp gradvis i kvart bind sidan den flaue starten i Volum 0. I kapittel 4 er det stort sett slutt på den tilsynelatande innfallsbaserte dialogen. Nheli er blitt mykje meir bevisst på å historias si retning, og gjer ein betre jobb med å passe den breiale humoren sin inn i dette. Han har funne ein setting, og lagar ein ordentleg handling rundt denne.

Nei, eg er ikkje heilt tilfreds med at Nehli, når det tydelegvis var hans tur til å teikne coveret, nytta seg av den gamle «bæsj på pinne»-gaget, sjølv om det er ein hyllest til ein av  mangamestarane (Akria Toriyama i Dr. Slump-perioden). Men ja, dette har faktisk ein slags samanheng med ein scene i serien. Og sjølv om scenen er eit typisk døme på serieskaparens humor, er humoren hans blitt så mykje meir.

Men kan Dænney få teikne forsida til Volum 4?


Rakkan Volum 3
Av diverse. Redaktør: Nora Fiskaa Ljøstad
160 sider
119 kr. (veil.)
Outland Forlag

Les om dei føregåande binda av Rakkan

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *