Det andre og største skrittet

At den første «betalutgåva» av Outlands Rakkan både følast og ser så profesjonell ut, må i stor grad kunne forklarast med god redaksjonell styring.

Oppildna av suksessen som forleggar, utlyste Outland i fjor ein mangakonkurranse som resulterte i antologien Rakkan # 0. Du kan lese den her. Gratis, sjølvsagt, for det var snakk om arbeidet til (stor sett) talentfulle amatørar, og nivået var ikkje så mykje høgare enn det ein kan finne i t.d. Bobbla eller Buskerud Folkehøgskoles årbøker.

Likevel har Outland Forlag, mindre enn eit år seinare, sett saman og publisert eit Rakkan # 1, beståande hovudsakleg av dei same bidragsytarane, ein trykksak som dei venter at folk skal betale for.

Outland kastar ikkje vekk tida, og det retro designet som viser tilbake til Egmonts manga-pockets tidleg på 00-talet, er tiltalande. Men er alle dei involverte, inkludert forlaget sjølv, klare? Nokre av bidragsytarane var rett nok på eit tilnærma profesjonelt nivå til å begynne med, men slett ikkje alle.

Minst overtydande var Hiwar Nehlis «Mantikorens Kongerike», ein humoristisk fantasy som i tillegg til å ha ein halvgjort strek, var belemra med keisam, reperteande dialog, og ein historie så lettvint at den kunne ha vore improvisert fram av ein seksåring på teatersport.

Attpåtil er historia hans i Rakkan # 1 eit direkte framhald – Kapittel 2 av «Mantikorens Kongerike. Resonnementet må vere at kven som helst kan gå inn på nettet og lese første kapittelet gratis, men eg lurer på kor klokt det er å minne folk på at dette kapittelet eksisterer, ein gong. Alternativt kan du du nøye deg med å lese eit heilt greitt synopsis i # 1. Uansett, andre kapittelet er mykje betre; linjene er reinare, dialogen må ha gått gjennom ein språkvask, og historia har meir substans. Dette er første teiknet på ypperlig redaksjonell kontroll. 

Xaffie Flora Sarkol hadde også mykje å bevise etter det minimalistiske bidraget «Den Allvitende Forbannelsen». «Aurora» (kapittel 1, ill. øverst) låner ein del frå førstnemnte, men igjen er klare forbetringar gjort både i manus og teikning. Mark Egan, som hadde ein tryggare strek til å begynne med, har derimot bevega seg i ei heilt anna retning enn den opphavelege, konseptuelt. «Last Day» (kapittel 1) er starten på ei sci-fi-soge som alluderer til Europes «The Final Countdown», både songteksten og plateomslaget. Søtt. Sjølve historia er veldig enkel (så langt), men eit skikkeleg fundament, det har den, med mange moglegheiter for kor soga kan gå vidare.

Så har vi to bidragsytarar som ikkje var i Rakkan # 0. «Reisen til det magiske fjellet» (kapittel 1) av June Evelyn Svensli er det minst forførande bidraget, ikkje så mykje på grunn av dei tomme bakgrunnane som på grunn av eit manus går mykje i sirkel og prøver å hale ut tida i påvente av at serien skal få eit plott. «I Morgen» av Joiski er det einaste bidraget i boka som ikkje inngår i ein føljetong, og mangelen på ambisjon er då også poenget med historia – Den handlar om ein student som konstant føler behov for å rettferdiggjere kvifor han utset studiane. Fin avveksling med ein daglegdags sjølvrefleksjon innimellom alle sci-fi/fantasy-føljetongane, men det er Joiskis strek, den suverent dyktigaste og stødigaste i heile antologien, som gjer denne manganovella verdt å lese.

Zuzanna Piechs er den andre bidragsytaren som held fram der dei slapp i # 0, med «Portrett av minner» (kapittel 2). Premissen frå første kapittel er at jenta Hikaru blir påkøyrt og drept akkurat på den dagen ho skulle til å bekjenne sin kjærleik til barndomsvennen, guten Gin. Ho får ein ny sjanse til livet takka vere magiske kattar, men den første haka er at i hennar nye liv vil ingen hugse kven ho ein gong var. Den andre er at ho må ta bustad i kroppen til ein gut. Med andre ord bygger det opp til ein romantisk fantasy-komedie med hetero/homoromantisk forvirring. Men Piech har det ikkje travelt; ho har fleire element ho vil trekke inn først. Det er eit veldig manga konsept, men gjort med meir finesse og oppfinnsamheit enn resten av bidraga.

Rakkan # 1 framstår det heile tatt ut som eit tilfredsstillande profesjonelt produkt samanlikna med # 0. Eg ønsker å sjå meir frå dei fleste av serieskaparane i denne antologien sjølv om kvaliteten ikkje er heilt på det jamne. Joiski og Piech er på eit nivå over resten, både som teiknarar og manusforfattarar.

Så gjenstår det å sjå om Outland ikkje berre kan selge denne, men også møte «Shonen Jump»-utfordringa om å produsere antologiar regelmessig nok til at lesarane ikkje mister interessa for føljetongane. «Rakkan» hadde vore ein katastrofe i Narvesen nå i våre dagar, men i Outlands system, og med den innebygde subkulturen i butikkjedens lesarkrets, kan det fungere.


Rakkan Volum 1
Av diverse. Redaktør: Nora Fiskaa Ljøstad
160 sider
119 kr.
Outland Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.