Det norske mangahåpet

Dei fleste bidragsytarane til Outland Rakkan fortset å vise forbetring ettersom føljetongane skrider fram. Godt er det, for nokre av dei kan vere med oss lenge.

Så kom Rakkan Volum 2 ut berre fem månader etter nummer ein. Dermed har Outlands eigenproduserte mangaantologi bestått den første prøven, nemleg å vise at dei kan komme med nye utgåver regelmessig. Signala frå Outland så langt tyder på at Rakkan kjem to gonger i året. For ein antologi som er dominert av føljetongar, er såpass heilt nødvendig.

Kontinuiteten frå Volum 1 er nemleg høg; alle føljetongane har framhald i Volum 2. For variasjonens skuld finst det eit «one-shot» også i denne. Ikkje av Joiski denne gongen, men av debutanten Tenpi. Hans «4E» handlar (førebels?) ikkje, som tittelen skulle tyde på, om ein skuleklasse, men om to lærarar, den eine ganske streit og den andre noko eksentrisk. Serien er fortald frå synsvinkelen til den første, men handlar så langt om hans forsøk på å forstå om den andre. Det er ikkje så lett, for denne nye læraren følger sine heilt eigen resonnement og tankemønster. Humoren er original og uføreseieleg, men ofte også pussig og antiklimatisk. Tenpi har ein habil strek, om enn noko generisk og skjematisk.

Lest frå venstre er tredje innslaget  «Reisen til det magiske fjellet» (kapittel 2), som har mykje å bevise etter ein treig begynnelse i Volum 1. Men kapittel 2 er ikkje til å bli så mykje klokare av, og ender veldig brått, etter at vi rett nok har blitt introdusert for nokre potensielt meir plottdrivande element. Den ganske tjukke streken som eg syntest kledde serien betre, er bytta ut med ein veldig tynn og sirleg strek som kontrast

June Evelyn Svensli har antyda at «Reisen» er på fire kapitel, så historia har ikkje så god tid som den gir inntrykk av. Desto vanskelegare er det å gjette seg til kva retning den skal ta.

Også Xaffie Sarkol legg stadig meir vekt på romansen i sin føljetong, «Aurora» i kapittel 2. Ulrikke frå Xaffies første serie, «Den allvitende forbannelsen» i Rakkan Volum 0, blir ikkje berre en sentral ny bifigur i dette kapittelet, men stadfestar også med all tydelegheit at historiane er del av same universet. Det opnar for moglegheiter vidare. Enn så lenge held «Aurora» eit behageleg tempo, og eg kan sjå korleis serieskaparen kan komme i mål i løpet av fem kapittel, som planen visstnok er.

Likevel har ho ein tendens til å trivialisere litt meir enn strengt nødvendig, og kunne lære noko av Zuzanna Piech om korleis ein lager god fantasykomedie frå eit skulemiljø. Den polske serieskaparen som debuterte i Rakkan Volum 0 er i Volum 2 den beste, både på strek, dialog og historie.. «Portrett av minner»  held fram med å bygge eit stort univers i eit avgrensa miljø. Mykje skjer, og alt er med på å bevege historia framover. Zuzanna har planlagt tolv kapittel, korav dette er det tredje. Framdrifta er upåklageleg.  

Lest frå høgre har Mark Egan også passe god tid. Den irskfødde Coffee Party-teiknaren planleggar ti kapittel av «Last Day» (forsidebilde), med høve til å utvide ytterlegare. Spoiler: Utgangspunktet for «Last Day» er at dei to hovudpersonane Naomi og Torben har endt opp på ein slags rom-ark etter at jorda bokstaveleg tala gjekk i bitar i første kapittelet. Utan å bruke så mange ord får Mark tydeleg fram dei sterke kjenslene hos dei overlevande i kapittel 2, og han nytter også høvet til å gi hovudpersonane litt bakgrunnshistorie, igjen utan så mange ord.  Over heilskapen ligg det veldig klare ønsket om å selge inn ein kommande romanse mellom Naomi og Torben, men det passar greitt inn i samanhengen. 

Så har vi Hiwar Nheli. Serien hans har gjennomgått det største forbetringa sidan starten. Nå som serien hans «Mantikornes Kongerike» har funne forma, er det lettare å legge merke til kor mykje den skil seg ut frå resten av innhaldet, på godt og vondt. Frå starten av har serieskaparen nemnt Eiichiro Oda (One Piece) som ei viktig inspirasjonskjelde, og meir og meir begynner «Mantikoren» å likne på ei high fantasy-utgåve av One Piece: Tøysete, breialt. høglydt, og ein smule absurd. Eg har ikkje funne ut kor mange kapitel han har planlagt, og er usikker på kva dette tredje kapitelet har å seie for soga som eit heile, men sett i isolasjon er det eit solid stykke arbeid, særleg for fans av Odas hemningslause forteljarstil.  


Rakkan Volum 2
Av diverse. Redaktør: Nora Fiskaa Ljøstad
160 sider
119 kr.
Outland Forlag

Les også anmelding av Volum 1

Volum 0 kan lesast gratis her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.