
Teikneserien som definerte amerikanske teikneserier på 90-talet er no endeleg på TV, med eit velkomponert ensemble av stjerner og karakterskodespelarar som gir nytt liv til teikneserien med ofte overraskande og fascinerande nyanser.
Tom Sturridge leier TV-serien (Netflix) som The Sandman, i ein fabelaktig skodespelarprestasjon. Som i teikneserien er Draum, eller Lord Morfeus, ein kjøleg, fjern gudeskikkelse med eit andlet som hugga i marmor, utan kjensler eller alder. Men under det leverer Sturridge ein gnistrande intensitet, og ein meir menneskeleg og sympatisk Draum enn den vi vert kjend med i teikneserien. Her er det ingen tvil om at ein har vald rett person til rolla.
DC Comics’ The Sandman gjekk i 75 hefter frå 1988 til 1996 og så var den over, som ei fullstendig historie. Dette var uvanleg i amerikansk mainstream då. Sandman var ikkje den første tittelen med slike ambisjonar innan amerikanske teikneserier, den tråkka ikkje opp stiane, men den gjorde dei breiare og la ned asfalt på dei.

Teikneserien handlar om Draum. Draum er ein av dei Endelause, ein familie på sju evige vesen som er lekamleggjeringar av abstrakte konsept knytta til korleis levande vesen oppfattar verda. Draum, Daud, Attrå (Drift i bokmålsomsetjinga, både av teikneserien og denne nye adapsjonen), Desperasjon, Dom (Destiny) og Delirium (det er eit poeng at dei alle har namn på «D») .
Under første verdskrigen vert Draum rykka ned frå si trone, ut av draumeverda, og fanga i kjellaren til den britiske amatørmagikaren Roderick Burgess, strippa for sine mektige magiske maktsymbol, naken i eit fengsel av glas. Medan han er der så faller hans kongerike, det bokstavelege Draumeland, i ruiner, verda går av skaftet og mareritt sleppast laus på verda. Etter eit århundre slepper han fri og prøver å få attende sine verkty, å gjenoppbygge det som var tapt. Men han er ikkje lenger den han eingong var.

Serien The Sandman hadde mange gode teiknarar, men det var hovudsakeleg prosjektet til forfattaren Neil Gaiman. Den gongen hadde han ikkje mykje å vise til; ei intervju-bok om Douglas Adams, og eit par teikneserier før Sandman. Seinare har han blitt ein av dei verkeleg store fantasy-forfattarane, også i prosa.
Tidlegare versjonar av «The Sandman» var i sjangeren «mystery». «Mystery» er ikkje krim- og detektivhistorier slik vi forstår omgrepet frå prosa og film, men eit omgrep dei nytta fordi «horror» ikkje var lov å bruke i amerikanske teikneserier. Ein litt tam form for skrekk, med pulp-elementer som vampyrer, vandaude, varulvar og sentral-europeiske eventyr. Litt støkk, ein vri på slutten og mørk, makaber humor.

Gaiman hadde sine røtter meir i ei blanding av britisk fantasy, sci-fi,-skjønnlitteratur og diverse, eit heilt anna univers enn den amerikanske litteraturen, og prøvde å dra frå begge i starten. I dei tidlege heftene, dei som vi ser i adapsjon no, var serien ei blanding av forteljar-teknikkar frå både skjønnlitteratur og kiosklitteratur, ofte fokusert på sjokk og grøss og brå handlingar utan at det alltid passa tematisk. Jo lenger ut i serien ein kom, jo meir skjønnlitterær vart den, og ein del av dei overtydelege forteljar-grepa forsvann. Skrekk veik plassen til ein meir reindyrka fantasy.
Vendepunktet for Gaiman der var dei enkeltståande historiane kjende som «Dream Country», inkludert ein av dei første teikneseriane som vann ein litterær pris, «A Midsummer Night’s Dream» (# 19).
Eg vil seie at Netflix’ «The Sandman» er ein veldig vellukka adapsjon, i forhold til at den fangar den stilen og kjensla som fansen sette pris på ved teikneserien. Serien er veldig tru til historia der lite av handlinga er kutta, og mykje av dialogen og handlinga er direkte frå teikneserien, om enn finpussa. Ikkje berre det, men den fungerer bra for seg sjølv òg, ein trenger ikkje å ha noko forhold til teikneserien. Det er ein velspelt, vel oppbygd TV-serie med realistiske karakterar og ein sterk humanistisk nerve og inkluderande menneskesyn.

Grunnen til at eg nemner det stilistiske ved teikneserien, og dette er mest for fans av teikneserien som våger seg utpå å sjå den, er at ein her, med Neil Gaiman med på laget, har gjort ein del bestemte grep for å medvete endre serien på visse områder.
Ja visst, klassisk DC-superheltmateriale og slikt som var mykje til stede i dei første hefta er endra eller fjerna og dei relevante delane erstatta med noko anna. Dette er forståeleg når ein vil behandle serien som eit einheitleg separat verk. Til dømes er DCs berømte anti-helt John Constantine bytta ut med Joanna Constantine, men det er ein karakter med liknande definerande traume og like ikonoklastisk personlegdom, sjølv om ho òg er veldig «seg sjølv». Ting som ein elles har bytta denne typen materiale ut med. fungerer òg godt i samanhengen.
I tillegg så er TV-serien i tone og stil straumlinjeforma i forhold til det teikneserien vart seinare, slik at TV-serien er reindyrka fantasy,, og skrekk-genren sine hyppige sjokk og støkk og overtydelege element har forsvunne.

Teikneserien har ein del scener der mellom anna homofobi og seksuelle overgrep vert nytta som sjokkerande element, for å trekke fram døme på ting som vert tona ned. Hovudsakeleg så har det den funksjonen at tematikken vert klarare, meir fokusert.
TV-serien er teknisk strammare oppbygd og til og med scener rett frå teikneserien har klarare tematisk fokus og mange stader meir djupn. Mellom anna så har antagonisten «the Corinthian» fått ei tydelegare rolle tidlegare i serien. Dette kunne lett ha vorte eit grep som forstyrra, men i staden så gir det denne første sesongen ein solid raud tråd å følgje.

Ofte så ser ein i adapsjonar at det virker som om endringar vert gjort berre for å markere at ein har vore «med på» historia. Men her virker det som endringar Gaiman kunne tenkast å ha gjort sjølv, viss dette var ei samling av serialiserte prosakapittel. Teikneserien i månadshefte er eit medium der det er vanskeleg å «omskrive» tidlegare kapittel i ein føljetong. I ein adapsjon så kan ein «fikse» på slikt.
I teikneserien så var sjølve hovudpersonen ein karakter prega av kjenslemessig distanse, ofte stille observerande og vanskeleg å kome inn under huda på. Det er noko ein kan sleppe unna med i ein teikneserie.

Men som Brecht fekk erfare når han skulle prøve ut sin teori om Verfremdungseffekt i teater og film, så er denne distansen utruleg vanskeleg å skape mellom ein skodespelar og publikum. Dei prøver difor ikkje å gjenskape dette i TV-serien. Jo visst, ein del distanse, men er det ein ting som kjenneteikner Tom Sturridge sin draumeherre, så er det at ein verkeleg kjenner kontakten han oppnår med sjåaren. Sjølv når han er «blank» og distansert så vibrerer kjenslene under huda.
Sturridge er omgitt av fortreffelege skodespelarar som kler rollene forbløffande vel, men trekker stadig fokuset med sin avmålte men intense tolking av Draum.
Draum sjølv er gjort meir «menneskeleg» og direkte sympatisk noko som kan vere ei utfordring, då det er det største brotet med originalen, slik eg oppfattar det. Men isolert sett så synast det å vere det rette valet for denne nytolkinga.

Netflix-prosjektet, leda av Neil Gaiman, David Goyer og Allan Heinberg, er eit klasse-eksempel på ein adapsjon som viser stor respekt og omtanke for det opphavelege verket, samstundes som ein ikkje er redd for å stramme inn og fokusere der det trengs. Utfordringa med å fjerne «DC Universe»-materialet utan samstundes å miste noko, er bra handsama og fører til nokon uventa, men effektive og forståelege endringar.
Det er ikkje alle endringane der eg heilt forstår kvifor dei endte på dei vala dei gjorde, men eg har nok tillit til adapsjonen generelt til at det ikkje uroar meg.
Fans av The Sandman har venta veldig lenge på å sjå ein adapsjon, anten på film eller TV, og no som den har tatt steget ut av draumane og inn i røynda så kan i alle høve eg, som fan, seie at denne TV-serien var verd ventetida.

The Sandman
USA 2022
Distribusjon: Netflix
Basert på ein teikneserie skapt av Neil Gaiman, Sam Kieth og Mike Dringenberg
Regi: Jamie Childs m.fl.
Manus: Neil Gaiman & David S. Goyer & Allan Heinberg m.fl. basert på føljetongane «Preludes and Nocturnes» og «The Doll’s House»
Skodespelarar: Tom Sturridge (Draum/Morfeus), Boyd Holbrook (Korintaren) Vivienne Acheampong (Lucienne/bibliotekaren), Jenna Coleman (Constantine), Stephen Fry (Gilbert), Gwendoline Christie (Lucifer), Mason Alexander Park (Attrå/Drift), Kirby Howell-Baptiste (Daud)
10 episodar
Aldersgrense: 18 år
Verdspremiere 5. august 2022