Ein tidskapsel med lange forgreiningar

Spørsmålet er ikkje berre om W.I.T.C.H.er relevant nok for dagens ungdomspublikum, men om den er tidlaus nok.

Egmont gir i desse dagar ut dei gamle W.I.T.C.H -historiene på nytt. Ingen ting tyder på at Disney har planar om å vekke til live att konseptet som ein Disney Plus-serie (med førehald om at Dis Con 22 framleis står att). Teiknefilmserien er ikkje ein gong på strøymetenesta ennå. Så mykje tyder på at avgjerda har bakgrunn i den aukande mengda med suksessteikneseriar for barn og ungdom innan fantasy-segmentet. Mange av desse er skapt av  skapt av ein generasjon serieskaparar, som vaks opp nettopp med W.I.T.C.H. I tillegg til «Nordic Manga»-bølga frå Egmont har fleire andre forlag begynt å utgi italiensk/fransk/belgiske seriar inspirert av W.I.T.C.H (inkludert co-skaparen Barbuccis nyaste serie), så Egmont ville kanskje like gjerne utnytte dei at dei sitter på rettane til «originalen».

12 år  har gått sidan siste nummeret av bladet kom ut på norsk, lang nok tid til at ein ny generasjon kan bli introdusert for dei gamle episodane. Publikasjonen er ikkje meint å selge på nostalgi, i alle fall. Det framgår av korleis den blir marknadsført på serie.no.

Med ein så lang norsk publikasjonspause kan det også vere på sin plass med litt historikk: W.I.T.C.H er ein mahou shoujo-serie (også kjent som «magical girl manga») som blei skapt av italienske Disney-teiknarar i 2001, og starta som månadsblad i Norge same året. Den blei raskt ein suksess over heile Europa, også her, og resulterte i ein rekke spin-offs som prosaromanar, temabøker, spesialhefte, brettspel, eit pop-album med Marion Ravn, og den alt nemnte teiknefilmserien. Ein pocketbokserie som samla historiene frå månadsheftet, W.I.T.C.H Sagaene, gjekk frå 2003 til 2006, og rakk å samla årgangane frå 2001 til midten av 2005. Sjølve bladet haldt ut til og med sommaren 2010 (då dei avslutta med ei juleforteljing!) i Norge, og fram til 2012 internasjonalt.  

Innhaldet i den nye pocketboka De tolv portalene – Del 1 er identisk med innhaldet i den første bindet av W.I.T.C.H Sagaene, men basert på designet til Yen Press’ engelskspråklege pocketutgåver, som har kome ut kontinuerleg sidan 2017.

I tillegg til ny innpakking har den nye utgåva også større format enn den gamle.

Settinga er moderne og vestleg: Fem high school-jenter i den fiktive storbyen Heatherfield finner ut at dei har overnaturlege krefter knyta til dei fire elementa. Desse kreftene har ein slags symmetri med kvarandre, og gjer dei i stand til å forvandle seg til vaksne superversjonar av seg sjølve (eller eldre tenåringar; det er ikkje heilt klårt). Ein kosmisk orden har valt dei ut til å vakte balansen mellom dei ulike verdane.

Ordet «heks» blir sjeldan nytta på alvor i serien, dei kallar seg vanlegvis vaktarar eller feer, men tittelen er eit anagram av forbokstavane i jentene sine fornamn: Will («hjartet», eller elementa si balanse), Irma (vatn), Taranee (eld), Cornelia (jord) og Hay Lin (luft).

Det var gjennom W.I.T.C.H Sagaene at underteikna oppdaga serien. Kanskje hadde eg den gongen fordomsfullt låge forventingar til teikneseriar for jenter, men i alle fall blei eg gledeleg overraska over fantasirikdommen og kvalitetsnivået på både tekst og teikning generelt,

Å skulle gjenoppleve nostalgien er ei risikoøving, men konklusjonen min er at desse tidlege W.I.T.C.H-episodane har heldt seg . Kombinasjonen av kosmisk portalfantasy med superheltserie og dramedy for tenåringsjenter byd på ei svært rik og metta intrige. Nokre gonger kan det hende at serieskaparane vil for mykje på ein gong, men det finst alltid ein ganske tydeleg overordna plan, og ein veldig bevisst og gjennomført ide om korleis dei fem hovudpersonane samhandlar og utfyller kvarandre. Irmas ustanselege replikkvitsar er litt slitsame, nå som då, men dei spelar eigentleg berre på Peter Parker-tradisjonen, og fungerer på mange måtar som eit sentralt bindingselement i dialogen.

Sjølv med fire teiknarar kreditert, ikkje inkludert tusjarane, er streken svært rein, pen og konsistent gjennom dei fire lange kapitla som utgjer første bindet. Den strenge produksjonskontrollen til Disney var nok i full effekt her, sjølv om teikningane og fargane ikkje kan måle seg med det strigla og perfeksjonistiske arbeidet som skaparane Barbara Canepa og Alessandro Barbucci gjorde på sine seinare seriar.

Visse element ved serien er nok mindre politisk korrekte i dag. Jentenes «superformar», høge, slanke og langbeina, blei knyta til seksualisering og kroppspress allereie på 00-talet. I ettertid er det også lettare merke seg fråværet av svarte, brune og asiatiske bakgrunns/bifiguarar i det som vel er meint å vere ein moderne nord-amerikansk storby, og kor mykje press det legger på Taranee, Hay Lin og deira respektive familiar om å representere alle synlege minoritetar.   

Men 20 år har ikkje forelda serien bortanfor all redning, sjølv om mobilmodellane og ein einsleg diskett røper alderen. Serieskaparane var ganske omhyggelege med å unngå å framheve kulturelle og teknologiske referansar som ville datert serien i ein rasande fart.

Med tanke på at dialogen også er relativt tidlaus, er det interessant å merke seg at serien har fått ei ny omsetjing. Språkleg har ikkje dette resultert i nokon nemneverdig forskjell frå originalen. Enkelte namn og titlar er endra («Ikke-stedet» er blitt til Metamoor; Hay Lins bestemor, ein nøkkelspelar i den kosmiske ordenen, er blitt til farmor), og eg legger merke til nokre få døme på justering av inflasjon og oppdatering av ordbruk. Men for de meste er resultatet berre at den og den generelle formuleringa er bytta ut med ei ny og litt annleis, men like generell formulering. Og opptil fleire stader lurer eg på om det ikkje er noko den nye omsetjaren har misforstått, og som låt meir riktig første gongen (sjå eksempel ovanfor). Når ein valte å omsetje heile greia på nytt uansett, kan det vere av omsyn til designet. I originalutgåvene var den norske teksten ikkje tilpassa snakkeboblene, så det blei for mykje «luft» i dei. .

Er W.I.T.C.H ein ubestrideleg klassikar som fortener å bli reprodusert til hypotetisk evig tid, som Asterix, Bone eller Sandman? Nei, ikkje i nærleiken. Men den er meir enn eit flyktig zeitgeist, eit kulturhistorisk minne om kva som påverka den nye generasjonen av serieskaparar. Serien har framleis føresetnader for å bli lest og forstått og å underhalde også på 2020-talet.


W.I.T.C.H. -De tolv portalene, del 1
Skrive av Elisabetta Gnone og Francesco Artibani
Teikna av Alessandro Barbucci m.fl.
Fargar og lysdesign av Barbara Canepa
Omsett av KiliKrumins AS
250 sider
99 kr.
Egmont

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *