Temaet for Bergen Litteraturfestival 2023 er raseri. Richard Conyngham fann seks slike døme på «raseri» i det gamle Sør-Afrika, og ga det teikneseriens form.
Av komplekse historiske grunnar har Sør-Afrika tre hovudstader. Bloemfontein er den juridiske hovudstaden. Her var det at akademikaren og skribenten Richard Conyngham begynte å leite i støvete rettsarkiv, mange av dei ikkje ennå digitalisert, etter aktivistsaker frå perioden 1910-1948.
Mange veit kanskje at apartheid blei innført I 1948, og at det såleis går eit historisk skilje der. Men eit like naturleg historisk skilje går I 1910, då dei separate koloniane i Sør-Afrika blei sameint til ein union under det britiske samveldet.
Framleis stigmatisert
Resultatet blei “All Rise: Resistance and Rebellion in South Africa 1910-1948”, ei teikneseriebok som Conyngham var invitert til litteraturfestivalen for å snakke om. Skjønt han føretrekker på snakke om «grafisk historieforteljing» I alle fall då han opptrådde på Bergen Litteraturhus i går ettermiddag brukte han ordet «comic» berre ein gong for å beskrive kva format han jobba i med denne boka. Hensikten med å gjere boka i teikneserieform, har vore å gjere historiene meir tilgjengelege, seier han, og meiner det framleis er stigma rundt det grafiske mediet, som om illustrasjonar gjer litteraturen useriøs.
Det er vanlege folk han vil framheve i boka, folk som sjeldan får historiene sine fortald. Rett nok opptrer Mahatma Gandhi i ein av teikneseriane, «Until the ship sails», om rettigheitskampen til indiske innvandrarar, men det er som bifigur.
Ikkje berre svart motstand
Conyngham har ønska å famne breitt når han fortel om vanlege folks motstand i det etnisk samansette Sør-Afrika. Historiene han trekker fram handlar om indarar og svarte, men også om lågstatus kvite arbeidarar. Dei har sin plass i Sør-Afrikas historie, og også dei kunne bli offer for urett. Nokre av teikneseriane har behalde sin relevans. «Here I cross to the other side» fortel om gruvearbeidarane sine kår, som framleis er harde.
All rise» består av seks historier teikna av seks ulike illustratørar. Richard Conyngham har ikkje teikna sjølv, men han har prøvd å matche etnisiteten til teiknaren med etnisiteten til hovudpersonane i historia, så langt det rimeleg lot seg gjere. Saaid Rahbeeni, teiknaren av «Until the ship sails», er muslim, ikkje hindu, men har røtene sine i same regionen. «Here I cross to the other side» fortel om dei svarte gruvearbeidarane, og er teikna av den svarte illustratøren Mark Modimbola,
Ein uslepen diamant
Særleg stolt verkar Conyngham over «The widow of Marabastad”, som er illustrert av Dada Khanyisa. Han kallar denne teikneserien ein «uslepen diamant». Den svarte, kvinnelege kunstnaren Dada Khanyisa skil seg tydeleg ut i boka med ein teiknestil som ligg nærare tradisjonell, afrikansk kunst. Historia dei fortel er om ei anonym vaskekone, Helena Detody, som på 1920-talet trassa passersetelkravet for svarte kvinner i Pretoria etter solnedgang. Eit rettsleg utsegn på 149 ord som er bevart i Bloemfontein er det einaste ho fortalde offentlegheita om seg sjølv. Til og med stavemåten av etternamnet hennar er det uvisse om.
Men det spesielle med saka hennar er at ho vann, i eit system som motarbeida svarte kvinner på alle måtar. Dette skuldast ikkje at dommaren var progressiv, er Conyngham nøye med å påpeike, men at han hadde ei respekt for lovens bokstav som Helena sin forsvarar greidde å utnytte. Men det verkeleg viktige med denne saka, var at ho danna presedens. Etter dette blei det slutt på å arrestere kvinner for manglande passersetel i heile regionen.
Lenger tilbake i tid
Richard Conyngham er i gong med ein oppfølgjar. Denne gongen går han endå lenger tilbake i tid, og då kjem det til å dukke opp historier om slaveri og folkemord i Sør-Afrika. Han håper å få med seg heilt nye teiknarar til dette prosjektet.
Folk spør meg kvifor eg ikkje fortel om apartheid-perioden, seier Conyngham. Bøker om dette temaet sel framleis godt i Sør-Afrika. Men så mykje er allereie fortald der. Det er vanskeleg å finne gløymte historier om apartheid, avsluttar han.