Fire kveldar med teikneseriar

Kvar teikneseriefestival får finne fram til sine eigne løysingar under desse spesielle omstenda. Comnicon has basert seg på førehandopptak.  

Festivalen er den einaste så langt i år som har gjort dette, og kanskje var det dei tekniske erfaringane frå Bergtatt i oktober som førte til at arrangørane i Stavanger ville vere på den sikre sida. Ved å legge ut alt fortløpande på Comnicons YouTube-konto har festivalen også mangedobla sitt publikum i løpet av helga, når alle sjåartal både under og etter premierane er lagt til.

Fire kveldar
At festivalen skulle flyttast til november i 2020, var for lengst vedteke. Men den vedvarande pandemien tvang Comnicon til å satse på viral overføring. Festivalen avlyste også sitt tiltenkte fokus på julehefter.

Ein annan ting som særmerker Comnicon i forhold til andre teikneseriefestivalar av året, er at alle innslag blei sendt på kvelden, eller seinettermiddagen.  I kalendermål er den også årets suverent mest langvarige norske teikneseriefestival, med sending fire kveldar på rad. Rett nok skulle det berre vere tre kveldar, men redigeringa av siste innslaget, ein kortdokumentar om risotrykking av «ziner», blei forseinka. Det blei sendt tidlegare i kveld.

Comnicon opna fredag klokka sju, med Maya Øverbøs intervju med Inga Sætre. «Det finnes en død etter livet» frå 2018 var den førre teikneserieboka til Inga. Nå jobbar ho med eit nytt teikneserieprosjekt om tre jenter med samanvevde historiar.

Ikkje berre lunken
Dei to neste innslaga inngjekk i vignetten «Lunken Comnicon Podcast», og er nettopp det – illustrerte podcastar med berre stillbilde. Espen Birkedal leia desse to sendingane, der han intervjua hhv. Ane Barstad Solvang og Anders Kvammen. Han laga også illustrasjonar til videoane. Ein stor del av intervjuet med Ane ble gjennomført utandørs til fots i Oslo, eit atmosfærisk (og teknisk) vellukka grep.

Kristian Hellesunds intervju med Erik Falk på laurdag var i stor grad prega av det nasjonale teikneserietraumet kjent som nedlegginga av Forresten. Siste utgåva (# 33) kom for eitt år sidan nå. Utan støtte frå innkjøpsordninga følte ikkje Erik at det var forsvarleg å halde antologien gåande utan garantiar om, ordentlige honorar.

Men det er framleis mogeleg å lære nye ting; denne skribenten skal tilstå at før intervjuet slo det han aldri at tittelen er eit ordspel – Forresten er «for resten», når dei kommersielle behova er dekka.

Kristian Hellesund framførte også sitt standard føredrag om dei norske teikneseriane sin historie (inkludert forhistorien), dagen etterpå.

Nytt forlag på veg
Ein ting som lenge var mangelvare i årets program, var noko dagsaktuelt. Laurdag kveld klokka sju endra det seg, då Comnicon sendte Espen Birkedals virale intervju med Ola Olsen Lysgaard og Fredrik Rysjedal. Dei to serieskaparane er aktuelle som forleggarar av Rutenett, Norges første reint digitale teikneserieforlag.  6. desember kjem Rutenetts første utgjeving, antologien Svaip. Ein rein nettpublikasjon, sjølvsagt, både på norsk og engelsk samstundes, og gratis. Som ein overgang til førre innslaget viser det seg at nedlegginga av Forresten inspirerte dei til å starte ein ny antologi med norske teikneseriar.

Modellen deira er basert på førehandsfinansiering, då dei erkjenner at den norske marknaden er avhengig av støtteordningar. Ola og Fredrik har hatt som mål at ingen bidragsytarar skal gjere gratisarbeid, unntatt dei sjølv. Apropos Forresten og honorarproblem; 6000 kr. er standardhonoraret for dei som har bidrege til Svaip. Vi venter spent på resultatet andre søndagen i advent.

(Øvst: Festivalteikning laga av Dusan Cvetkovic til Comnicon)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.