Nesten normalen

Behovet for ein fysisk teikneseriefestival med alt som høyrer til, har vore presserande lenge. OCX 2021 hadde ingen problem med å fylle lokala.

Berre ein ting mangla eigentleg på årets festival – Utanlandske gjester med eigne programpostar. OCX 2021 kan difor kome til å stå igjen som paneldebattfestivalen. Ingen av gjestene på den rikhaldige lista hadde eige innslag (sjølv om komikar Amir Asgharnejad nok lett kunne fylt eitt åleine). I staden var kvar programpost sentrert rundt eit tema.

«Den viktigste samtalen»
Eg sa noko liknande om ein debatt på fjorårets festival, men dette tilfellet var det ikkje mine ord, men ordstyrar Kristian Krohg-Sørensens på fredag kveld. Teknisk sett gjekk OCX 2021 over to dagar, med lansering av den kombinerte programavisa og antologien N.F.T. – Norges Fremtidige Serieskapere og kulturpolitisk paneldebatt. Debatten kunne kanskje ha heitt «Seks månader sidan opprøret – Kva nå?» Jenny Jordahl, Håkon Strand, Fredrik Rysjedal og Norsk Forfatersentrums Ingvild Christine Herzog var samla hos Tegnerforbundet for å snakke om honorar og arbeidsvilkår i norske teikneseriebransje.

– Alle stader vi får pengar frå er det underbetaling slo Jenny Jordahl fast. I juni initierte ho eit opprør for å trekke merksemd mot dette. I eit forsøk på å hjelpe har Tidsskriftet Numer, som Fredrik Rysjedal er redaktør for, utarbeida ei anbefalt prisliste for illustratørar og serieteiknarar (som skal vere «golv, ikkje tak»). Eit tenkt scenario frå Kristian Krohg-Sørensen, retta til panelet, om det er forsvarleg å fire på krava i nokre omstende, minna oss alle om at det er ingen opplagte svar her.

Aksjonen for eit halvt år sidan var adressert til den dåverande og ganske profilerte kulturministeren Abid Raja. Etter regjeringsskiftet trengs det ei ny drøfting med det nåverande kulturdepartementet. Jenny tilråder samarbeid med Norsk Journalistforbund, som også i stadig større grad er samansett av frilansarar med usikker inntekt.

For mykje pappavitsar?
Hovuddelen av OCX blei som vanleg gjennomført i Serieteket på laurdag, med marknadsplassen flytta frå telt til andre etasje på biblioteket. For festivalleiinga var det eit vesentleg poeng å utsetje festivalen frå august til eit tidspunkt utan forbod mot stands eller restriksjonar på publikumstal. Og folk kom i flokk då desse restriksjonane var oppheva. Dei fleste av programpostane var minst ¾ fulle, og i alle fall på eit par av dei var det berre ståplassar igjen. Dette utan nokre «kanskje einaste sjanse til å sjå i Norge/Oslo»-trekkplaster.

I staden blei det mykje bransjeprat av typen «Kva er vitsen med stripeserier?», der Therese G. Eide drøfta formatet med Erle Marie Sørheim, Walter Wehus og Strand-redaktør Lasse Espe. Er norske stripeseriar blitt for trauste? Erle meiner det er fare for det, og brukte både ordet «pappa-humor» og nettopp «traust» for å beskrive utviklinga.  Lasse Espe ønska seg meir mangfald, etnisk (Jeanine El Khawand, som dei fremja i vinter, er i tenkeboksen) så vel som i kjønn og distrikt. –«Jenterevolusjonen» er over, meiner Erle, og nå er det eit sakn etter nye ting. Tendensar til sensur, eller i alle fall lesarprotest, blei tatt opp saman med drøfting om stripenes plass på kulturbudsjettet, vaksne menn si overvekt blant lesarane, og avgrensingar i formatet.  Heller enn å kalle det avgrensa meinte Therese G. Eide at det kan samanliknast med haiku, og ho liker den gradvise oppbyggingsprosessen som er vegen mot ei stripesamling.

Smartare enn karikaturen
Nokre gjester er berre betre til å underhalde uavhengig av kva dei gjer som kan kallast teikneseriar. Amir Asgharnejad er nemnt. Flu Hartberg, med mora si som sekundant, har også eit scenetalent, særleg med Amir som gjest på årets Seriemord. Flu leia ein svært uhøgtideleg samtale om «Unge tegneseriedrømmer» saman med dei før nemnte, pluss Nora Dåsnes og N.F.T.-medverkande Andrea Ferkingstad.

Men spesialisten framfor alle på å løfte stemninga. ofte med berre ein liten, lågmælt kommenta er Knut Nærum. På festivalen blei han denne gongen presentert for den vanskelege oppgåva å snakke om karikaturar og satire utan å fokusere på ytringsfridom («Det er ingen elefant i rommet»). Også i panelet var naturlegvis Erle Marie Sørheim  og Tor Bomann-Larsen. Sistnemnte er i dag kjend som kongehusbiograf, men i samanheng med teikneseriemediet er han ei levande legende frå den tida då ein begynte å snakka om at teikneseriar «ikkje berre er for barn». I tillegg til at han er avisteiknar og skapar av den satiriske teikneserien «Glipp». – Teikninga er subjektiv, derfor kan den ikkje brukast til å dokumentere, slo Bomann fast. Derfor synes han det viktig å skilje mellom satirikaren og historikaren i seg.

Samtalen handla elles mykje om Erles bok, mens Knut Nærum i kjent stil ga ein oppsummering av norske vittigheitsblads gullalder (ein historie som han meiner slutta med nedlegginga av KOnK i 1985). Frå gravinga i desse blada hadde han også funne den perfekte avsluttinga i form av ein hundre å gamal satireteikning av Jens R. Nilssen, med ein pussig, men perfekt parallell til dagens elsparesykkeldebatt.

Les også eiga sak om utdelinga av «Årets Tegneserie»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.