Mimring og namn for framtida

Steffen Kverneland er årets festspeldiktar. Festspelinnslaga hans i Bergen er arrangert av Norsk Forfattersentrum, og blei avrunda med «Festkveld» på Bergen Litteraturhus fredag kveld.

-Vi sukker medlidande kvar gong ein kulturjournalist «oppdagar» at det er mogeleg på ta teikneseriar seriøst, innleia kveldens konferansier Kristian Krohg-Sørensen.  Kulturpressa har i alle fall for lengst oppdaga Steffen Kverneland og korleis han briljerer både som forfattar og bildekunstar, haldt Krohg-Sørensen fram, og samanlikna det å vere teikneserieskapar med idretten kombinert (hopp og langrenn).

Kveldens program bestod av gjesteopptredenar av eit utval kulturpersonlegdomar Erle Marie Sørheim leverte eit kort og svært komprimert utval frå boka «Karikaturenes Historie». Maria Navarro Skaranger leste frå teksten «Jeg plystrer i den mørke vinden», Agnes Ravatn leste novella «Den somaren eg var avhengig av porno».

Kristian Krohg-Sørensen

Kristian Krohg-Sørensen prøvde å gjere ein liten vri med å presentere seg sjølv. -Eg er sjukeleg opptake av historie, og mange vil nok seie at eg er fødd 100 år for seint, begynte han, før han fortalde historia om korleis han fekk middel til å begynne på Gulosten. Steffen Kverneland og Lars Fiske skulle delta på NRKs Kulturquiz (2014) med Kristian som protesjé. Viss dei vann, ville han få 100 000 til prosjektet sitt. Kverneland og Fiske briljerte, og ei stund verka sigeren sikker, men motstandarane, skodespelarane Petronella Barker og Henrik Rafaelsen, tok dei igjen i oppløpet. Til slutt sto dei heilt likt, og Barker/Rafaelsen tok sigeren fordi dei var raskare med å svare på «sudden death»-spørsmålet «Kva heiter den gotiske domkyrkja i Trondheim?».

Kristian fekk 30 000 i staden for 100 000, nok til at han greidde å fullføre boka likavel. Nå ventar kulturlivet spent på den tredje boka, «Fengselsfuglen». Serieskaparen er ferdig med skissemanuset, men det tek kanskje eit år til før boka er tredje bindet av Gulosten er klar.

Mette Hellenes (f.v.) og Vanessa Baird

Mette Hellenes og Vanessa Baird møter Steffen Kverneland kanskje ein gong i året, på julebord. Begge kunstnarane lagar grafiske bøker i grenseland mellom kunstbøker, stumme bildebøker for vaksne, og teikneseriar. Mette Hellenes lagar karikaturteikningar, og vann «Årets Tegneserie»-prisen i 2020 for ei bok som samla desse, «Kebbeblife – Burning Babe». Ho var sist aktuell med ei bok om forholdet til hundane sine, særleg under pandemien – «Le printemps, l’été, l’automne, l’hiver». Under opptredene fokuserte dei på denne inspirasjonskjelda.

For hovudpersonen og hans mangeårige makker, Lars Fiske, handla denne kvelden mykje om mimring. Begge serieskaparane oppsummerte sin kunstariske karriere frå tidleg ungdom og fram til bladet FIDUS og ein tidleg Raptusfestival (legendarisk skildra i «Slyngel») forma vennskapet deira.

John Hoelstad Dæhli (f.v.) mottar stipendet fra Steffen Kverneland

Arrangementet handla ikkje berre om mimring, men også om å sjå framover mot nye talent. Kverneland avslutta nemleg kvelden med å gi festspeldiktarane sitt stipend for 2023 til teiknar og grafikar John Hoelstad Dæhli. Stipendet er på 10 000 kr, og det er tredje gongen det blir delt ut. Om Dæhli seier Kverneland at «han har ein tilsynelatande intuitiv måte å jobbe på, om det gjeld teikneseriar eller tresnitt. Det gjeld også måten han teiknar på, og måten han disponerer sidene sine på. Det han skildrar er veldig nært og har ikkje nødvendigvis nokon poengtert historie eller nokon klar dramaturgi. Han er fri til å skape kunst, og det er veldig inspirerande å følge han».



Les også:
Steffen Kvernelands uke

Øverst: Steffen Kverneland og Lars Fiske ser på en av Steffens aller første tegneserier.. Alle fotografier av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *