Status quo held fram med å bli utfordra i Judd Winicks niande Hilo-bok, «Den siste byen på jorda». Heltar får stadig nye rollar, og spøkelser må ta avskjed.
Salssloganet «Perfekt for fans av Hundemannen!», som har stått øvst på dei tre siste Hilo-bøkene, blir meir og meir søkt, for til å vere ei barnebok er dette er ganske intrikat historieforteljing med mykje alvor. Og slik har vore det ei god stund.
«Gina og den siste byen på Jorda» er siste delen av ein trilogi innad i Hilo-serien der Hilos venninne Regina Lee Cooper, «Gina» har stått i sentrum for hendingane. Jorda er blitt ein magisk stad, men ikkje på ein god måte, og Gina må sette i stand verda slik den ein gong var. Rettleiaren hennar er formora Regina Lee Cooper, «Reggie», den levande «Låsen» som held ute magiske skapningar frå den dimensjonale korsvegen som er byen Hurlum. Nå hastar det å stoppe kongefamilien Gemenum. Men kven, eller kva, er Gemenum, eigentleg?
Ei potensiell ulempe med «Den siste byen på jorda» må du ha lest dei to føregåande for eigentleg å skjøne stort, sjølv om boka opnar med eit synopsis. På godt og vondt er dette konsekvensen av ambisiøs historieforteljing. Men har du først begynt å lese serien, vil du ikkje ønske å ha det på nokon annan måte. Judd Winick har mange trådar å lause opp utan å keie publikum undervegs, og boka er tettpakka.
Balansen mellom leik og alvor er ei fin linje som barnebokforfattarar til alle tider har vore nøydde til å gå. I Hilos verd (eller rettare sagt multivers) er spranga mellom leik og alvor mange og korte, særleg i denne trilogien. Serieskaparen er ein meister på dialog, i å leike seg med ord og formuleringar, med komiske avsporingar, og på å setje dei inn i situasjonar som forsterkar effekten. Dei mange og fantasirikt utforma figurane tyr lett til både skravla og nevane, og gir fort opp innandørsstemmen .
På den andre sida er det eit djupt alvor i bihandlinga om Izzy (som likavel er gjort med mykje leikenheit og sprudlande fantasi, viser det seg til etter kvart). Hilo begynt å snakke med sin avlidne venn Izzy, som er i hovudet hans. Ikkje berre som eit minne; ho er bokstaveleg tala i hovudet hans. Dette gir meining i konteksten, og var noko som blei antyda alt i sjuande boka. Med kulminasjonen i denne boka blir det heilt vesentleg for både plottet og sjølve bodskapen i trilogien. Den underforståtte bodskapen om at nokre ting og nokre personar blir borte, men lever vidare i oss, er formidla med eit fabulerande alvor.
Det same gjeld skildringa av Gemenum. Eg har tidlegare vore inne på korleis det var komplekse prosessar som gjorde Hilos nemesis Marekvass til ei øydeleggande kraft. På same måte har Gemenum fleire lag. Men her er det ikkje snakk om å resirkulere plottpoeng. Kongefamilien har sine eigne, unike motivasjonar som gjer det mogeleg å ta dei på alvor; endå så tåpelege dei ser ut, også etter denne seriens standard. Viss du kan få publikum til å forstå kvifor skurkar gjer som dei gjer, utan at ein nødvendigvis skal synest synd på dei, har du funne den rette balansen.
Førre boka i serien, «Gina og den store hemmeligheten» er nominert til Sproingprisen for 2023. I seg sjølv er dette ein prisverdig anerkjenning av kva som blir laga og omsett av teikna kvalitetsbøker for barn, men det var også ein nominasjon til ei ufullstendig historie. Nå er historia, akkurat denne historia, fullbyrda med glans. Samstundes som den, til liks med sjette bindet, sluttar med reelle konsekvensar som gir alvor til eventyret, og har betydning for vegen vidare.
For eventyret held fram. Berre litt annleis.
Hilo 9 – Gina og den siste byen på Jorda
Av Judd Winick
Omsett av Morten Hansen
226 sider
249 kr. (vegl.)
Vigmostad & Bjørke
Les også
Anmelding av bok ein
Anmelding av bok seks
Anmelding av bok 7-8