Spelkveld på Deichmanske

Oslo Comics Expo 2023 innleier i år med ei ganske assortert gruppe av delvis multimediale innslag.

Torsdagen besto av ei lita handfull programpostar, mellom anna ein presentasjon av NORLA ved Dina Roll-Hansen (bildet under). Same dagen blei forresten NORLA-direktør Margit Walsø intervjua av Dagsavisen om fremjing av norske teikneseriar i utlandet. NORLA, som blei stifta i 1978, jobbar for å fremje norsk litteratur i utlandet. Stønad til å få refundert omsetjingskostnad er ein sentral del av tilbodet deira, og dei reiser også mykje rundt for å promotere norsk litteratur. Når det gjelder teikneseriar er «Kvinner i kamp» av Breen og Jordahl den største internasjonale suksessen som NORLA har bidrege til i nyare tid; den er omsett til 34 språk. Teikneseriar som er knyta til kjente historiske, norske kulturpersonlegdomar, som Munch og Sult, er også populære.

Gradvis kjem dei internasjonale gjestene tilbake etter pandemien. Men akkurat som i fjor er det ennå ikkje snakk om «kjendisar» i bransjen, heller eit lite assortert utval av kunstnariske serieskaprar. Etter den offisielle festivalopninga på Deichmanske Grünerløkka tidleg fredag kveld, kom Franske Sammy Stein (bildet under, lengst til høgre, med tolk og intervjuar) for å snakke om teikneserieavantgarde og antologiar. Sidan 2014 har han vore drivkraft bak den eksperimentelle antologien Lagon Revue. Å stå ansvarleg for ein slik produksjon er i seg sjølv ein massiv jobb; Stein kunne fortelle om arbeidsdagar frå ti om morgonen til midnatt for å få ut ei bok som blir distribuert til 50-100 bokhandlarar, alt i alt. Men første utgåva blei seld ut, og antologien har eit internasjonalt publikum. Å fremje nye talent er viktig. -Talentlandskapet endrar seg, seier han. Det kjem alltid nokon nye som gjer ting endå betre.

Sceneframføring av teikneserie er blitt ein innarbeida tradisjon på OCX. Vanlegvis føregår slike arrangement seint laurdag ettermiddag, men fredag kveld dramatiserte tyske Nino Bulling og Bär Kittelmann sin transseksuelle kjærleikshistorie «Firebugs» på festivalscenen med musikk, lydeffekter og radioteaterstemme (bildet under). Bulling har også ein scenesamtale i morgon.

Egmonts store forsommarnyheit er «Edelmot» av Victor Nordahl og Odin Helgheim, men det var «Sidequest 2: Lik og del» dei fekk gjere til arrangement på OCX 2023. Faktisk var det også første gongen forfattar David Skaufjord og nåverande teiknar Trine Lise Normann (bildet under, med Tonje Tornes lengst til venstre) møttest i verkelegheita, sjølv om dei rett nok har hatt mange Teams-møter. Normann tok over som teiknar frå Ronny Haugeland med «Lik og del». Skaufjord nemnte for øvrig at ingen ser ut til å ha tatt det visuelle ordspelet som ligg i at tittelen «Lik og del» er skrive med knoklar. Skaufjord hevdar også at han har skrive 12 Sidequest-historiar, så han har nok materiale framover dersom teiknar og forlag er med. Han har også jobba med eit Sidequest-spel, men måtte gi det opp for å vidareutvikle eit spel om Snusmumriken frå Mummitroll-bøkene.

Aproipos spel så blei kvelden avslutta med ein uhøgtidelelg rollespelsesjon med Skaufjord, Cha Sandmæl, Ronny Haugeland og spel-leiar Bård Lilleøien (f.v. på forsidebildet). Den var nok mest moro for deltakarane som satt på scenen, men dei greidde å halde mesteparten av publikum i ande fram til nærmare elleve om kvelden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *