Tiårets beste? Runde tre

Var 2010-2019 eit bra tiår for nye, norske teikneseriar? Her er Tronds beste, med subjektivitetsgaranti.

I januar prøvde eg å markere tiåret som nettopp hadde passert med ei personlege favorittliste over internasjonale teikneseriar. Å lage ei norsk liste viste seg å vere litt vanskelegare. Litt fordi ein kjem meir tett og personleg på utøvarane, men endå meir fordi eg gradvis oppdaga at viss personlege vurderingar ligg til grunn, er det få av dei store auteurskapte enkeltverka som når heilt opp til topp fem.  

Ikkje dermed sagt at det er få auteurar på den endeleg lista; faktisk så endte dei sterke, personlege uttrykka opp med å dominere lista. Men ikkje alltid dei mest episke formata.    

Gelé
Av Ida Neverdahl
Debut: Nemi, sommaren 2012

Kanskje meir enn nokon andre har Ida Neverdahl skapt ein eigen identitet for den seinmilleniale generasjonen av norske serieskaparar.  Hennar underfulle og surrealistiske univers, like heslig som det er vakkert, let seg ikkje heilt avgrense til ein serietittel, men «Gelè» er den som kjem nærmast til å famne alle desse særeigne elementa.  Hovudfiguren Lulu er framleis den ultimative manifestasjonen av serieskaparen sine inste ønske og grensesprengande fantasi.

Ida bryt startar det nye tiåret med Trollbarn, ein serie om historiske hekseprosessar, i samarbeid med ein ekstern manusforfattar. Men kva ho enn gjer i framtida av meir personlege arbeider, kjem det ganske sikkert til å vere prega av hennar framleis unike blanding av det idealistiske, det djupt personlege og det burleske.   

**

Krüger & Krogh
Av Ronald Kabícek, Endre Skandfer og Bjarte Agdestein
Debut: «Krüger & Krogh – Brennpunkt: Oslo», album, Egmont 2014

Då denne serien blir kunngjort i 2011, vakte det oppsikt at nokon endeleg ville prøve å lage ein ny norsk albumserie i klassisk fransk-belgisk stil. Seinare har det kome nokre få til i denne kategorien, aller viktigast John S. Jamtli. Likevel er det ikkje tvil om Krüger & Krogh er ein serie som gjer seg ekstra flid med denne stilen, og minst like mykje med å gi den eit særskilt norsk uttrykk. Serien greidde tidleg å overraske også; med utgangspunkt i 60-talssettinga kunne den kunne ha kome unna med å eit bitelitt bakstreversk kvinnesyn, , men alt i andre albumet inkorporerte den to interessante kvinneskikkelsar. Vi ventar spent, men om nødvendig tålmodig på å sjå kor vegen går for Krüger & Krogh i det nye tiåret.   

**

Intet Nytt Fra Hjemmefronten
Av Therese G. Eide
Debut «Intet Nytt Fra Hjemmefronten», blogg frå oktober 2014

Kanskje ikkje like original som «Dunce», men definitivt noko av det mest morosame og allmenngyldige Norge har sett i det aktuelle tiåret. Etter å ha fått tre barn på 18 månader gjorde den ein gong unge og lovande serieskaparen Therese G. Eide comeback med ein bloggteikneserie om live som småbarnsmor. Sidan har det blitt seriestriper i både blader og aviser.  Aspekta som serien rører ved, er eit tematisk overflødigheitshorn som serieskaparen utnytter til fulle, og forsterkar med ein  tiltrekkande søt og naiv strek. Serieskaparens tydelege kjennskap til historie og populærkultur er er ein bonus til dei meir kunnskapsrike lesarane, som kjem på toppen av ein ganske folkeleg og vidfamnande humor.  

**

Dunce
Av Jens K. Styve
Debut: Dagbladet, hausten 2016 (forløpar «JensK Sesong 1», bok, Jippi 2015) 

«Dunce» er truleg den smartaste. og i alle fall den mest originale norske stripeserien som har debutert i seinare tid. Poeng og situasjonar er ofte uføreseielege, figurane er ikkje umedelbart enkle å setje i bås, og serien omfamnar absurde situasjonar som den samstundes behandlar med forfriskande subtilitet. Kontrasten mellom det trivielle og det sære er noko som Jens K. langt på veg har perfeksjonert med «Dunce».

Nedlegginga av Dagbladets daglege teikneseriesida gjorde 2019 gjorde serien særskilt utsatt, men nå ser den ut til å vere på veg opp og i vekst igjen. 

**

En Frivillig Død
Av Steffen Kverneland
Debut: «En Frivillig Død», bok , No Comprendo Press 2018

Bare for å ha ein ting klart: Munch er diskvalifisert frå å vere med på denne lista. Serien starta i 2006 og gjekk som mangeårig føljetong i Kanon-antologiane før boka kom i 2013. Lista går på serie, ikkje format.

Det blei likavel plass til ein serie av Steffen Kverneland på lista. At eg sjølv veks opp i distriktet som blir skildra, var nok med på å vekke nære kjensler til stoffet, men boka har utvilsamt også universelle kvaliteter. Med utgangspunkt i farens uoppklarte sjølvmord har Steffen laga ein særs engasjerande og fasettert oppvekstforteljing med vekt på den ressurssterke faren som eit levande menneske, og korleis han var med på å forme serieskaparen sjølv som menneske og kunstnar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *