Kva kjem i TnT-året?

Vinteren/våren 2025 er ikkje av dei aller mest spennande sesongane for teikneseriar. Men vi har alle forventingar til nystarta TnT, og Outland sin manga-avdeling går ikkje berre på gamle rutinar.

Denne lista omfattar ikkje periodika. Med førehald om endringar. Takk til forlaga for informasjon, og til Øyvind Holens og hans artikkel i Pondus 1/25 for supplerande informasjon.

15/1: Artikkelen er oppdatert med informasjon frå Outland og Andreas Iversen.

Forelska? – Stjålne drømmer

Januar
Størst forventing i januar knytar det seg nok til Ragnarok 6 – Valhall av Odin Helgheim. Ikkje berre fordi det er seriens finale, men også fordi det er første boka frå TnT. Den er ute nå, men får lanseringsfest den 22. på Deichman Tøyen. Ønsker du deg noko litt mindre sjangerbestemt kan Amazonas – fortellinger langs elvebredden frå Trykksak Forlag vere av interesse. Dette er ein reiseskildring frå regnskogen, teikna og forfatta av den Stavangerbaserte brasilianaren Leo Ribeiro. Den er også ute nå.

Egmont gjorde sitt beste for Øyvind Sagåsen og Radio Gaga, men det blir Strand som gir serien sitt siste hurra denne månaden, med samlinga Siste sending, som også inneheld ein ny spesialhistorie. Strand kjem også med Pondus 0-6 av Frode Øverli, nytt opplag heilt i fargar.

Frå Outland kjem det ei lang rekke kjente manga-titlar frå januar og utover, som Pokémon-eventyrene – Del 8 : Gold, Silver & Crystal (Outland) av Hidenori Kusaka, Satoshi Yamamo. Men samstundes kjem også noko nytt og friskt frå same forlaget: Silhuett av en stemme 1 av Yoshitoki Oima. Dette blir ei meir jordnær forteljing om ei skolebølle som søker tilgjeving frå ei døv jente.

For barn og unge: Bonnier gir ut Sonic the Hedgehog: Full krise/I siste sekund av Ian Flynn, og femte bind av Forelska? – Stjålne drømmer av BeKa og Maya kjem frå Fontini.

Snøkattprinsen

Februar
Dette pleier å vere ein stille månad, men litt er det å velje mellom, særleg av barnetitlar. Frå Outland kjem Dragon ball Super 10 – Morrohs ønske av Akira Toriyama og Toyotarō og One Piece 10 – «Ok, let’s stand up” av Eiichiro Oda i første halvdelen av månaden.

TnT gir ut Dina Norlunds Snøkattprinsen i nytt opplag, med ny forside.

Det same gjer fjerde bindet av Valpeagentene: Snømonsteret (Bonnier) av Felix Gumpaw, Millas dagbøker: Gudinnen uten ansikt (Gyldendal) av Joris Chamblain og Aurélie Neyret, og Bunny vs Monkey og overlyds-ai-ai (Vigmostad & Bjørke) av Jamie Smart.

Håndbok for superhelter 10: Alle lyver (Kagge) av Elias og Agnes Våhlund kjem fmot slutten av månaden. Det same gjer nye Elleville eventyr (Cappelen Damm), og dei to nye titlane er nok sjølvforklarande: Zombie-Hans & Grete av Benjamin Harper og Fernando Cano og Superhelten Lille Rødhette av Otis Frampton.

Utanom barneseriar og manga markerer Strand at de har fått Rutetid tilbake med ei jubileumsbok, 25 år i rute. Marius Henriksen bruker som kjent Pondus-metoden for nummerere Storefri-samlingane sine, så den kommande heiter Fjottene i åttende, også frå Strand, sjølvsagt. Og for Ford Forlag lagar Daniel Østvold eit nytt album i kompaniskap med Anne-Kristin Strøm, Hva museet skjulte.

Disney: Norsk Donald 14

Maria fra Magdalena (dansk originaltekst)


Mars
I mars er det som vanleg storinnrykk. Strand kjem med ny Lunch-«handbok», Den lille boka om shitty ledelse, og si første Bestis-bok, Vennskapets hemmligheter. Dessutan samlar forlaget Holen/Noguchis Drabant med undertittelen Hele historien.

Norges eldste forlag, Verbum, er ikkje så store på teikneseriar, men den kristne forlagskjempa gir ut Maria fra Magdalena av Kristian Leth og Peter Snejberg denne månaden.

No Comprendo Press si bokliste pleier å vere haust-tung, og reiseskildringa Nordkapp-Lindesnes av Anders N. Kvammen skulle då også ha vore ute sist november, men nå ser det ut som den kjem i mars.

TnT kjem med bind 2 av Forbi stjernenes port av Kristensen og Syftestad, og fjerde bindet av Mørkalven, som får tittelen Drømmen, av Helen Kaldheim. I same sjanger, omtrent, finner vi Bård Lilleøiens Dadaph Serraph-oppfølgar Lunas Tåre – Over dal og berg (Überpress). Den kjem til våren, tidlegast denne månaden. Men for å vende tilbake til TnT eit lite augneblink så lanserer dei også Mestertyven Gjest Baardsen, som blir Trond J. Stavaas sitt comeback til norsk kulturhistorie (etter «Blasfemi»).

Den som vil lese seg opp på samanlikningsgrunnlaget, «Gjest Baardsen» av Jostein Mykletun og Håkon Aasnes , kan gjere det her.

Lunas tåre

Aschehoug har utmerka seg med nye, norske verkelegheitsnære teikneseriar, og den lenge beboda Jeg vil ikke være her av Dorte Walstad kjem endeleg i mars. Same forlag kjem også med ei bok om astronaut-dyr, Astrobajas av David Williams og Adam Stower.

Elles for barn og unge denne månaden: Andreas Iversen, som alltid har eit nytt prosjekt på gong, har teikna Haugskrømt (Gyldendal) etter manus av Tore Aurstad. Teiknaren omtaler dette som «I samme gate som Tåke over Svartøy og Fantomrakettene» (ikkje rart, for begge desse var også skrive av Aurstad). Vidare kjem Zora: Underverden (Vigmostad & Bjørke) av Judith Peignen og Ariane Delrieu , Avatar: Den siste luftbøyeren – I Ubalanse (Bonnier) av Hicks og Wartmann, og femtande bindet av Vehlman & Gazzottis Alene (Qlturrebus, sjå forsidebilde), som har fått den pirrande tittelen Hotellet på kanten av verden. Sistnemnte kan bli utsett til april.

Japansk manga frå Outland: Pokémon-eventyrene 16 – Ruby & Sapphire, del 2 og Silhuett av en stemme 2.
Disney: Donald Duck Fantasy: Magiens mestere – Arven og Don Rosas Andeby 6.

Silhuett av en stemme

April
I alle fall i april kjem bind 7 av Qlturrebus’ andre faneserie, Motstandsbarna – Ut av det blå av Dugomier og Ers. Ein manga-publikasjon som det knytar seg ei viss forventing til i vår er Mantikorens kongerike – Volum 1 (Outland) av Hiwar Nheli. Denne var tidlegare ein del av Outland antologi Rakkan, men Nhelis kommande solopublikasjon var vidt kjent i alle fall sidan Raptus 2024.

Ingen nordisk manga frå TnT i april, men igjen (altså etter Gjest Baardsen) demonstrerer det nye forlagshåpet si allsidigheit med samleboka om Fritt, av Bjørnar K. Meisler og framleis anonym forfattar.

Møkkapus: Punsjboller i mosen og en total kattestrofe av Sophie Souid og Thomas Hjorthaab kjem på Gyldendal. K.L. Kølleskov kjem med andre bindet av Chanta på Überpress.

Japansk manga frå Outland: One Piece 11 og Dragon ball super 11.
Disney: Norsk Donald 15.

Kanskje det var elefanter

Mai
Det kjem nytt Sprint-album (tittel og serieskaparar ikkje fastsett) frå Egmont, og Oscar-vinnar Torill Kove lanserer teikneserieversjonen av sin eigen animasjonsfilm, Kanskje det var elefanter på Cappelen Damm. mens Edelmot 3 av Victor Sotberg og Odin Helgheim er den store vårsatsinga frå TnT.

Strand har planlagt to Pondus-bøker, Eliteserien 26 og 30 år med Liverpool. For barna har Therese G. Eide eit nytt Super-Frank-samarbeid på gong med Mats Eldøen, Tidsmaskinen (Cappelen Damm).

Japansk manga frå Outland: Silhuett av en stemme 3 og Pokemon-eventyrene17 – Ruby & Sapphire del 3. 

Disney: Donald Duck Fantasy – Hevnens time., Don Rosas Andeby 7, og Disneys Ikoner 1: Donald Duck – En upåklagelig personlighet.

Drabant

Juni
Egmont sin vinter/vår-katalog består for det meste av Billy og Andeby, men i juni begynner det endeleg å bli litt tak i Norges framleis største serieforlag. Etter Avisgjengen og Drittungene er Kristoffer Kjølberg tilbake med eit nytt konsept for barn, SuperMegaGigaSjefen. Og fanzineskapar Jofrid Østenstad kan stå ovanfor eit profesjonelt gjennombrot som serieteiknar med Maria Storm – Mythosordenen, ein ny spenningsserie for barn og ungdom, Det er Joseph Solbakk-Ampofo som har skrive manus. Bonnier gir ut andre bindet av Tezukas Unico, av Sattin og Gurihiru.

Daniel Østvold har funne nok ein samarbeidspartner på manussida i den engelske forfattaren og komikaren Richard O. Smith. Too late for DNA Test/Exit wound (Ford Forlag) er sistnemnte sin sjølvbiografi, teikna av Østvold, sjølvsagt.

Japansk manga frå Outland: One Piece 12, Dragon ball super 12 og Min Helteakademia 7.

Disney: Donald Duck Fantasy – En ny verden.

,

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *