Raptus nærmar seg ein berekraftig størrelse. Sjølv om det dessverre betyr at den er blitt mindre.
Alle fotografier av Trond Sätre
Raptusfestivalen av 2024 blei arrangert den 13-15. september, på Det Akademiske Kvarter i Bergen, i år som i fjor og enkelte føregåande år. Ein såg straks at visse endringar var gjort i forhold til i fjor, endringar som streng tatt var til det betre.
Alle føredrag var flytta inn til Speilsalen i andre etasjen, eit rom som i fjor blei brukt til «B-arrangementa» (mitt ord) medan dei mest prominente arrangementa var lagt til Tivolisalen i underetasjen. Tivoli har 125 sitteplassar når setene er trekt ut. Speilsalen kan kanskje romme 50 menneske. Sistenemnte er ganske enkelt eit meir realistisk publikumstal. Dessutan tek det seg betre ut når salen er i alle fall neste full. Meir intimt og personleg kjennest det og.
I staden var marknads-og singeringsplassen flytta til Tivolisalen (forsidebilde) etter at setene var trekte inn. Med unnatak av Oskar Garnes, som også i år selde frå samlinga si i Maos Lille Rødde, vegg i vegg med Speilsalen. Fordelen med Tivoli er betre plass og meir luft under taket samanlikna med loftsrommet Storelogen. Derfor var det ei ekstra glede å konstatere at marknadsplassen i år var dominert av teikneseriefolk. Til samanlikning var marknaden i Storelogen i fjor dominert av alt anna enn teikneseriar: Trykk, plakatar, pyntegjenstandar, glitter og stas. Som eg var inne på i samband med OCX i sommar, på ein vellukka marknadsplass kan tilbodet vere til dels meir spanande enn føredraga. Sjølv om det er langt mellom dei lokalproduserte fanzinene på Raptus.
Ei anna viktig endring var at cosplaysamfunnet i større grad var ein isolert programpost i år. Dei hadde nemleg fått loftet med Storelogen, og haldt seg for det meste der. Dei skapar i alle fall liv og røre, er det ofte blitt sagt om cosplayarane på Raptus. I år måtte teikneseriefestivalen greie seg utan den stemninga. På godt og vondt var dette med på å gjere Raptus 2024 til ein meir dempa affære.
Planen var at Serienett skulle ha to reporterar til stades på årets festival, men av grunnar eg ikkje skal komme inn på her, måtte vi nøye oss med ein. Dette betydde nokre harde prioriteringar for meg som tilstadeverande. Årets representant for den internasjonale (og særleg den italienske) Disney-produksjonen. Paolo Mottura fekk eg ikkje med meg nokre av føredraga til. Heller ikkje årets representant for dei belgiske forlaga, Smurfeteiknar Miguel Diaz Vizoso. Fokus fekk bli på dei norske.
Først på mitt program var Aleksander Kirkwood Brown og Luis Guaragna. Dei har nett fullført ein av Cappelen Damms svar på nordisk manga-bølga, den kittelsenske fantasyserien Underbyen. Diverre var det nye bindet ikkje klart til festivalen. Men serien er i boks, og Aleksander kunne fortelje at han held fram med å spele på norske tradisjonar i teikneseriane sine. Hans neste prosjekt er ein vikingteikneserie om Gunnhild Kongemor, Eirik Blodøks’ kone. Andreas Iversen skal teikne denne.
Kurdisk-norske Hiwar Nehli blir første teiknaren frå Rakkan som får eiga bok på Outland Forlag. Han hadde også teikna årets festivalplakat, og heldt kurs under festivalen. Underteikna var mindre begeistra for serien hans, «Mantikornes kongerike», men fekk meir respekt for mannen etter å ha sett han førelese i Speilsalen. Han er underhaldande, vittig og reflektert, og det er heilt bestemte grunnar til at seriane hans er plumpe. Dessutan blir han etter eige utsegn oppeldna av dårlege kritikkar. Han framstår som noko av ein perfeksjonist: -Det er ikkje talent, men hardt arbeid som gjer deg til ein god teiknar, slo han fast.
Føredrag er meir enn koseprat, det er også fag. Til presentasjonen av fagboka si «ADHD» på laurdag hadde Øystein Runde med seg barnepsykiater Berit S. Solberg for å setje bokas innhald i rett kontekst. Ho enda då også med å stå for det meste av snakkinga. Den norske delen av laurdagsprogrammet var elles dominert av Überpress, som ikkje hadde rukke å få årets regulære utgåve av «Overtrykk» klar til festivalen. Men dei greidde å samle dei fleste av bidragsytarane: Oliver Levang, Jostein Fyllingen og Rodrigo Cortez, i tillegg til redaktør Are Edvardsen. Fjerde bidragsytar Ørjan Aarvik var ikkje til stades. Til liks med fjorårets Overtrykk har årets eit uoffisielt, men gjennomgåande tema. I fjor var det hestar, i år er det hekser.
Andre publikasjonar frå Überpress i år er «Sort lam» av Oliver Levang og Vinter, «Ingen visste 2» av Mac og Andreas Håndlykken, og «Chanta bok 1» av K.L. Kølleskov. «Sort lam» og «Chanta» kom i vår, mens «Ingen visste del 2» kom frå trykken akkurat i tide til å bli lansert på Raptus. Alle desse serieskaparane var på Raptus i år, saman med Bård Lilleøien. Sistnemnte meiner han kanskje har vore på raptus litt for mange gonger, men han hadde tatt nokre års pause nå. Og han har ein ny teikneserie på gong. Ein av neste års satsingar frå Überpress er «Lunas tåre», som Bård kallar «episk fabelprosa for barn». Serien er lagt til Dumroth-universet frå Bårds stripeserie Dadaph Serraph.
I tillegg til å vere ein del av føredragsprogrammet hadde Oliver og Vinter også eigne teikneseriar til sals i Tivolisalen.
Hiwar Nehli var ikkje den einaste gjesten i år som viste seg å vere overraskande underhaldande i sin sceneopptreden. Kølleskov, ein gjest som eg i utgangspunktet ikkje hadde nokre særskilte forventningar til. gjorde eit godt inntrykk. Kathrine (for det er fornamnet hennar) står bak dei to nettseriane Chanta og Shifting borders, og valte å fokusere på temaet sensur då ho kom til orde på Raptus For sjølv om Chanta er ein ganske vaksen serie, er Shifting borders (som ikkje har vore samla i bokform ennå) mykje dristigare. Webtoon har «fluffy» retningslinjer, fortalde ho, dei let deg sleppe lettare dersom du generer mange klikk. Men ho råder aspirerande serieteiknarar til å spreie serien utover, og ikkje nøye seg med ein plattform på nettet.
Eg antyda allereie at nokre føredrag er meir faglege enn andre. David Revoy valte å legge meir vekt på det tekniske i sin eigenpresentasjon på søndag. Den franske grafikaren er internasjonalt kjent som mannen bak fantasy-komedien Pepar & Gulrot («Pepper & Carrot» både på engelsk og fransk), og den norske samleboka som Outland Forlag ga ut i fjor, er framleis den mest komplette papirutgåva av den populære nettserien. Særleg ettersom serien ikkje er blitt oppdatert sidan i fjor vår. Men han har planar om å halde fram.
David blei etter eige utsegn forført av moglegheitene som låg i open source, og brukte noko tid på å anbefale og demonstrere teikneprogrammet Krita. Digitalt utstyr er mykje enklare enn målingsutstyr, meiner han. Sjølv om han vaks opp med teikneseriar var det ikkje den store draumen å bli serieteiknar. Anime og videospel var dei viktigaste inspirasjonskjeldene. Interessa for å lage teikneseriar kom då nokon fortalde han at teikneseriar er som storyboarding.
Det var litt underhaldande å etterpå høyre Thierry Capezzone skryte av kor populær ein blir i Sveits av å vere Rasmus Klumps teiknar, men strengt tatt var David Revoys søndagens einaste nødvendige innslag. Etter å ha helsa på han ved signeringsbordet, var det ganske lett å ta ei avgjerd på at eg ikkje ville vente på avslutningsshowet i år. Eg har fått med meg dei aller fleste Raptusfestivalar gjennom historia, men med åra blir ein meir pragmatisk.
Les også:
Dragen gikk på dagen (intervju med Cha Sandmæl på Raptus)