I ei tid då dårleg råd er blitt samfunnsnormalen, kan norske teikneseriar for ein gongs skuld gå inn i eit nytt år med meir pengar i si kollektive lomme. Kva vil ein bruke dette på?
Forsideillustrasjon: Eden B. Melles.
Norsk teikneseriebransje kunne, i motsetning til veldig, veldig mange andre, avslutte året med lyse utsikter for næraste framtid. I haust føreslo regjeringa ei auke i innkjøpsordning og produksjonstilskot til teikneseriar på 2 millionar. I desember blei dette dobla på det endelege statsbudsjettet, då SV tok på seg rolla som den kule, spandable tanta til jula 2023.
Resultatet av dette ser vi kanskje ikkje ordentleg før til bokhausten 2024. I følgje Grafills stipendtildelingliste er mange pirrande titlar i vente, men førebels er det meste på vårens publikasjonsplan import. Med førehald om endringar, sjølvsagt.
Aktive forlag
Men Egmont viste seg å vere framsynte. Då ei dør lukka seg for mediegiganten, med haustens melding om at 33 årsverk og 70 millionar kroner, må kuttast, opna eit vindauge seg. Egmont kom med rekordmange elleve NME-titlar i 2023. Eg trudde først ikkje dei kunne greie å overgå dette i 2024, men allereie nå verkar det som eit ganske sannsynleg scenario.
Vi ser tilbake på eit år der teikneseriar er blitt eit medium som stadig fleire forlag ønsker å engasjere seg aktivt i. Ganske brått begynte t.d. Bonnier Norsk Forlag å satse på teikneseriar for alvor sommaren 2023, med full fart vidare til seinvinteren/våren 2024. Rett nok er det berre snakk om endå meir fantasy og action for barn, og berre importerte titlar, så langt. Men fleire titlar å velje mellom er uansett eit gode.
Dessutan, forlag med vellukka importerte teikneseriesatsingar kan komme til å satse på norskproduserte kvalitetsseriar. I 2023 lanserte Gyldendal to nye framhaldsseriar – Atmosfærebarna og Villvillmarka, i tillegg til kanskje årets beste norske teikneserieroman, Martin Ernstsens «Men hvem er du?» Ein gong så beskjedene Aschehoug lanserte to nye potensielle framhaldsseriar – Esters Univers og Bøllefrø – i tillegg til m.a. den prisvinnande teikneserieromanen «Grip den føkkings dagen». Og Nora Dåsnes, som er blitt «stjerne» i bransjen vår, er framleis tilknytt det forlaget.
Peak strip
Etter den store avskallinga i 2022 unngjekk bransjen fleire nedlagte norske humorblad i 2023. Bank i bordet. Men vi er nok definitivt «peak strip». Marknaden ser ut til å vere metta, og den nye generasjonen av håpefulle serieskaparar har slutta å bruker humorstriper som inngangsport. Viss det var som i 2010 ville Dunce allereie hatt sitt eige blad, og Desibelles hadde vore samla i hittil to innbunde bøker.
Utan nokon nemneverdig endring i stripe-og einruteseriane si utvikling ser eg heller ikkje for meg at norske teikneseriar kjem til å blande seg mykje inn i politikken, trass i stadig fleire brennbare tema. Eller kanskje desto meir på grunn av det.
Men to trendar ser eg for meg i 2024.
De eine er tøysehumor for mindre barn. I mange år har slike teikneseriar vore bestseljarar., og i 2023 er det to norske titlar som har prøvde å få ein plass på denne marknaden, Subwoolfer og Bøllefrø. I alle fall Subwoolfer er tilbake med ein oppfølgjar alt til våren. I mellomtida ser det ut til at forlaga vil halde fram med å introdusere nye importerte titlar
Ikkje lenger berre fantasy
Men først og fremst ser eg på trenden med verkelegheitsnære historier. Dette var eg inne på også ved førre årsskiftet, men sidan den tid er tendensen ytterlegare blitt stadfesta. For dei yngre står særleg «Tarjei 13 år» og «Esters univers – Bonusbror og marsvintrøbbel» – begge to forteljingar om skilsmissebarn – igjen som viktige publikasjonar i 2023. Sjølv Egmont satsa på det verkelegheitsnære med Edelmot. Serien var full av fantasy-estetikk, men historia var sett inn i ein verkelegheitsnær gamer-kontekst.
Og deira satsing held fram for fullt i 2024. I januar kjem Cathrine Sandmæls «Jenter». I mars kjem «I Pappas hode», som ser ut til å bli ei tvitydig forteljing av typen «fantastisk eller berre psykologisk?». Og i mai kjem andre Edelmot-boka.
Eit nytt slagord for Egmonts barne-og ungdomsavdeling kunne kanskje ha vore «Nordisk manga: Ikkje lenger berre fantasy!»
Då har eg ikkje kome inn på dei mange kommande NME-titlane (i tillegg til dei mange frå før eksisterande) som er rein fantasy. Uansett, ingen har sagt at manga berre kan vere fabelprosa (for å bruke eit omgrep som rommar litt meir enn «fantasy»). Det finst vel ikkje eit tema som ikkje kan takast opp i manga, som Rebecca Suter, førsteamanuensis i Japan-studiar ved Universitetet i Oslo, påpeikte for eit par dagar sidan.
Men nokon ny boom for «ekte» manga, tilsvarande den vi hadde tidleg på 00-talet, ser eg ikkje framover. Slik norske superheltfans vendte seg til å kjøpe dei amerikanske originalutgåvene allereie på 90-talet, har mangafansen vendt seg til å kjøpe importutgåver av sine favorittar. Outland greier nok å halde liv i ein og annan omsett manga, men Norge treng å finne sin eigen veg. Egmont sitt svar på årets innsparingar i mediekonsernet ser ut til å vere denne vegen. Fantasy eller slice of life, svaret er meir nordisk manga.
Ikkje at det fungerte for Outland, sjølv om serieskaparar sto i kø for å vere med då Rakkan kom med si siste utgåve i haust. Antologiar er eit vanskeleg format å selje, det veit alle. I det minste får ein rekne med at det ga mange talentar blod på tann.
Eit format for alt
Sjølvbiografiske teikneseriar (eller i alle fall teikneseriar frå eige liv) er elles ei trend som kjem til å vedvare. To elles ganske ulike forteljingar om foreldre med demens utmerka seg i 2023, før nemnte «Men hvem er du?» og «Mora mi». Og i haust viste Steffen Kverneland at han evner å variere det personlege og kunstariske uttrykket for si intelligente sjølvsentrering med «Skygger». Ida Larmo, Ingeborg Karlsby Wiulsrød og Anders N. Kvammen jobbar alle med nye bidrag til sjangeren.
Den nye generasjonen elskar det fantastiske, og eg klandrar dei ikkje. Eg er gamal nok til å hugse den tida då Bing og Bringsværd sto ganske aleine om å fremje det dei døypte fableprosa i norsk kulturforståing. Aleine om i det heile tatt å behandle det som kultur og litteratur, eigentleg. Som fan av den slags følte eg meg umyndiggjort. Men nå som pengane til innkjøp er der, er det viktigare enn nokon sinne å få fram at teikneseriar er eit format som kan brukast til å fortelje kva historie som helst.