![](https://serienett.no/wp-content/uploads/2023/03/Elly-front-668x334.jpg)
Som eit økologisk eventyr er «Elly & Gustav – «Høstånden» visuelt raus, passe skummel, og passe trøysterik for målgruppa.
Då eg såg det første promomaterialet for «Elly & Gustav» (orig. Eli & Gaston) trudde eg dette skulle bli ein noko underfundig, men likavel enkel og triviell humorserie om ei ung jente og katten hennar, og kanskje katten skulle snakke, men utan noko påfallande overnaturleg utanom det.
I staden er serien eit slags fantasy-epos i avgrensa format, med ein eigen lettfatteleg mytologi om vesen som beskyttar skogen i samråd med menneske og dyr. Utgangspunktet er ei samling av velkjente historiekomponent. Ei ung jente, Elly, skal feriere på landet hos bestmora si, saman med katten sin, Gustav (og ja, han kan snakke, utan at nokon bemerker det). Dei trivst ikkje først, for tilsynelatande er det så kjedeleg så langt ute på landet, men etter kvart blir dei involvert i eit mysterium som dreier seg om skogen sjølv
![](https://serienett.no/wp-content/uploads/2023/03/Elly-06.jpg)
Forleggaren operer med to ulike anbefalte alderssegment, 6-9 og 9-12. Førstnemnte segmentet er det rette; «Høstånden» er laga for å vere enkel nok til at ganske små barn kan skjønne handlinga. Den titulære anden kan vere for skummel for dei minste, særleg i dens første scene, men mange barn nede i seks år burde kunne tole dette, Anden er omsynslaus, men det verste den gjer er å prøve å bringe fram hausten for tidleg, i alle fall til den lokale skogen, slik Hufsa bringer fram vinteren. Og skumlare enn Hufsa er den ikkje. «Elly & Gustav» er akkurat passe skummel, har akkurat passe med fare, og er akkurat passe trøysterik.
![](https://serienett.no/wp-content/uploads/2023/03/Elly-01.jpg)
Teiknar Celine Deregnaucourt nytter ein moderne stilart som har mykje til felles med ein annan fransk serieteiknar tilknyta den same norske forleggaren, Amelie Fléchais. Men Deregnaucourt er meir konvensjonell, både i strek men kanskje endå meir i fargar. For grafisk er «Elly & Gustav» sjølvsagt også særs barnevennleg. Figurane er breie, runde, søte og storauga og fargane er klåre og behagelege. Også landskapet er i utgangspunktet behageleg, men dess meir du studerer det, og dess lenger ute i boka ein kjem, dess meir uroleg og trugande blir det. Slik sett er landskapet det ved illustrasjonane som reflekterer handlinga og bodskapen best.
Og ettersom historia også tydelegvis har ein økologisk bodskap, stiller eg meg tre spørsmål på slutten av boka. Er bodskapen hamra inn, pinleg overtydeleg? Nei, heldigvis ikkje. Er bodskapen forståeleg for barn? Vel, den kan vere litt vanskeleg å gripe veldig konkret, men intensjonen bak er tydeleg nok. Overskuggar den for historia? Nei, den er ein saumlaus og naturleg del av historia. På tre av tre punkter er formidlinga såleis vellukka.
![](https://serienett.no/wp-content/uploads/2023/03/Elly-03.jpg)
Boka opnar for ein oppfølgjar, men på ein så forsiktig måte at soga kunne ta slutt nå utan at nokon føler seg lurt eller utilfreds av den grunn. Ei ulempe eg likevel kan sjå med å skulle halde fram, er at fleire av figurane framleis er litt flate. Og eg får ikkje ei kjensle av at formatet opnar for mykje karakterutvikling. Boka sine rause 130 sider med teikneserie gir mykje rom for det visuelle, og for dramaet. Burde det ikkje det vere nok? Ikkje heilt, noko saknast. Berre kattane – særleg Gustav, men også skogkatten Mia – er litt interessante i seg sjølv, og ikkje berre i kraft av rolla dei spelar i dramaet. For kattane kan eg vende attende til skogen.
![](https://serienett.no/wp-content/uploads/2023/03/Elly-cover.jpg)
Elly & Gustav – Høstånden
Skrive av Ludovic Villain, teikna og fargelagt av Celine Deregnaucourt
Omsett av Stéphanie de Miranda
136 sider
249 kr. (veil.)
Solum Bokvennen