Fanzinefredag 4

Januar 2022 kikkar Serienett på fanziner som var til sals under OCX 2021. Andre runden går til Ida Neverdahls meir kinky side, og til ymse eigenpublikasjonar.

**

IQbrems – Ikke helt voksen
IQbrems 2021

Av Ida Charlotte Myhren
Sjølvutgitt

Ida Charlotte Myhrens IQbrems er ein typisk «urban ung kvinne»-stripeserie som har vore i sirkulasjon på nettet sidan 2011. I den seinare tid har dei nye stripene vore lettast å finne på Instagram med den engelske tittelen NoBrainer, men to album er tilgjengelege på norsk, det nyaste frå sommaren 2021.

IQBrems (som visstnok er eit slangomgrep for når folk som burde vite betre, gjer dumme ting) er i utgangspunktet ein noko retningsvill stripeserie som kan skifte frå treffsikker satire til reine banalitetar. I det heile tatt verka den skrive etter innfallsmetoden. Ein kan undre seg på om denne stripa, t.d. var eit forsøk på å vere sjølvironisk:

Mellom albuma tok Myhren ein pause, fullførte økonomistudia og fekk ein «ordentleg» jobb. Då Strand kunngjorde ein teikneseriekonkurranse i 2020, blei ho motivert til å lage IQBrems» igjen. Serien har altså ikkje blitt produsert heilt regelmessig, men det er likavel lett å sjå ei utvikling. Ho ha lært mykje om teikning sidan sist; om fargelegging, djupn, og korleis ein får figurane til å sjå meir naturlege ut.

Sjølv om Myhren opnar 2021-albumet med å gjenta ein av dei plattare vitsane («det stjernebildet ser ut som [en penis]»), er det også ei viss utvikling å spore innan idear og tekst. Ho er blitt flinkare med ordlegging (kanskje inspirert av Ellen Ekman?), og særleg vitsane frå hovudpersonen Fridas kontorjobb verkar inspirerte, kanskje av serieskaparens eigne erfaringar. Ikkje at det å gjere «IQbrems» primært til ein «work com»-serie hadde vore ein god ide.  Seriens fungerer framfor alt som eit meir folkeleg, norsk alternativ til liknande svenske seriar som «Lille Berlin» og «Jentene på haugen». 

**

Lugubra
Av Ida Neverdahl
Træsh Forlag

Sjølvaste Ida Neverdahl lagde ein fanzine, kanskje fordi innhaldet var for kinky for dei etablerte forlaga? Kanskje også for surrealistisk, og, med sitt raud-svarte risografitrykk er «Lugubra» ein teikneserie som i det heile tatt er visuelt på sidelinja, også for denne serieskaparen. Når det kjem til stykket er den likavel ikkje spekulativ. Sentralt i handlinga står ein omsynslaus super-dominatrix som kanskje er i stand til å ha djupare kjensler, trass alt. På typisk Neverdal-vis triumferer kjærleiken igjen. Det er berre vegen dit som er litt meir spesiell denne gongen. Alle som er interessert i Ida Neverdahl bør studere denne, sjølv om lakk og lær ikkje skulle vere deira greie.

**

Vegger
Av Levi Holt Bratland
Sjølvutgitt

Ein samling seriar som var resultatet av teiknarens bachelorprosjekt i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo, 2021.

Boka er ei samling med trivielle, etter kvart ganske nonsensaktige episodar frå livet til ein ung mann i ei bustadblokk. Heftet inneheld nokre lakoniske kvardagsobservasjonar som kan vekke til små refleksjonar, og blokka er det perfekte einsformige miljøet for slik humor. Men like ofte verkar «gagsa» meiningslause for meiningsløysa si eiga skuld. Det blir litt for mykje anti-humor.   

**

Kapteinen som ikke kunne svømme
Av Andreas Iversen
Etterord av forfattaren
Sjølvutgitt

Ein liten fabel basert på familiehistoriar om Andreas Iversens eigen oldefar Antonius Steen Stenersen, ein sjøkaptein som visstnok ikkje kunne symje, og som spøkte med at dersom båten hans sank, kunne han berre gå tilbake til land. Og det seier i grunnen det meste du treng å vite om handlinga, sjølv om historia sjølvsagt er fri fantasi.

Iversen har lagt overraskande mykje arbeid ned i ein trykksak med eit opplag på 50 eksemplar, og utan nokre openberre gjenbruksområder: 29 striper med ei samanhengande historie. Seriens milde og underspela temperament står i sjarmerande kontrast til den dramatiske og fantasifulle premissen. Men aller best er den forseggjorte bruken av naturfargar, som set alt saman i ei perfekt stemning. 

Tagget med

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.