Eit ganske eineståande produkt innan fransk-belgisk teikneserietradisjon er komplettert med andre samlebindet av Lupano og Cauuets «Gamle Gubber».
Sproing-pris eller ikkje, det verka ikkje for sjølvsagt at serien skulle halde fram etter sitt første samleband på norsk. Serien har ingen kjente og kjære legatfigurar fortrinnsvis skapa (eller i alle fall utvikla) av Franquin eller Goscinny, og den har ingen beintøffe machoheltar med meiningslause, men internasjonale marknadstilpassa namn. I staden har den nettopp kva tittelen seier, gamle gubbar, og desse opererer i eit semi-realistisk moderne univers som referer tett til franske samfunnsforhold, og er krydra med franske ordspel som ikkje let seg endre like lett som i Asterix. Kontinuiteten er, om ikkje einerådande, så i alle fall viktig. I tillegg har serien ofte ei veldig klar politisk slagside i si drøfting av desse samfunnsforholda, rett nok alltid presentert med oppriktigheit og smittande hjartevarme.
At eit såpass originalt produkt har kome så langt på den norske teikneseriemarknaden vitnar om ei rosverdig prioritering frå utgjevaren. Det hjelper så klart at Outland har gått over frå album til samleboksformat. Faktisk er vi nå heilt á jour; sjette albumet i dette bindet kom på fransk hausten 2020, og så langt har serien berre utkome med eit bind i året i snitt. Paul Cauuet har ein metodisk sirleg strek med meir karakter (og realistiske rynker) enn hos nokon annan fransk-belgiske teiknar eg kan komme på. I det heile tatt, den ser ut som den tek tid.
I det vi har kome til bind 4-6 er det etablert eit fast persongalleri beståande av dei tre kompisgubbane – den pensjonerte fagforeiningskjempa Antoine, den framleis svært aktive anarkisten og aktivisten Pierrot og sydhavsfararen Mimile – pluss Antoines vaksne barnebarn Sophie som bestyrer familiens dokketeater mens ho prøver å vere ei god aleinemor for dottera Juliette.
I Magikeren er det berre er to ting folk snakar om heime i landsbyen til Antoine: Kven som er faren til Juliette, og miljøaktivistane som blokkerer utvidinga av eit nytt fabrikkanlegg i landsbyen. Området er nemlig habitatet til ei sjeldan grashoppeart, ein «taggete magikar». Begge tema blir vevd saman når Sophies forelsking i aksjonistleiaren tvinger henne til refleksjon. «Magikeren» er då også først og fremst Sophies historie, og miljødebatten kjem etter kvart litt i bakgrunnen, utan at det gjer noko. Albumet har dessutan fleire av dei beste gagsene i boka, med folkemøtet til miljøaksjonistane som det klåre høgdepunktet. Denne sekvensen blir skildra to gonger; første gongen filtrert gjennom Sophie sine dagdraumar.
Klare for asylet opnar med at Pierrot og vennene hans aksjonerer utanfor verdsbanken i Sveits. Dei blir sendt heim til Paris og forhøyrt på eit lokalt politikammer. Der får Pierrot seg eit tankekors når han møter Patricia, ei ferm, svart politikvinne som han hjalp på rett kjøl då ho var på ein fritidsleir som tenåring. Men det som både han og kameratane fester seg ved, er at han inspirerte nokon til å bli politi. Ein stygg ironi i deira auge. I mellomtida roter Mimile seg bort i ei anarkistvenninne av Pierrot som skjuler asylsøkarar, mens Sophie tvinger Antoine og faren sin, Antoines son, til å passe Juliette saman.
Dette albumet har den lausast samansette historia, og dessutan ein bodskap som er smurt så tjukt på at den simpelt hen blir framført som reine såpekassetalar. Førstnemnte er eigentleg ikkje noko problem så lenge dei små forteljingane engasjerer. Og historia som heilskap har mange nok relevante parallelle handlingar, og veltaima humor at det går an å vere med på sistnemnte. Ramma for det heile er ein landskamp mellom Frankrike og Australia, og innvandring- og flyktningpolitikken til begge land blir prøvd plukka frå kvarandre. Til slutt handlar det likevel framfor alt om dei nære forholda. For Antoine og sonen endar det med ei velfortent sitcom-audmjuking, og ein lukkeleg slutt for Sophie og Juliette.
Tette ører er det minst interessante albumet i samlinga, den eksotiske lokasjonen til tross. Mimile inviterer kameratane til Fransk Guyana i Amazonas av førebels hemmeleghalda årsakar. Antoine er begeistra over å få sjansen til å sjå regnskogen, medan den parisiske bohemen og urbanisten Pierrot berre finn ting å klage over. Eit interessant utgangspunkt som kunne gå mange ulike vegar viser seg å munne ut i ein enkel økologisk og anti-kapitalistisk bodskap.
På manga måtar er bodskapen meir påtrengande enn i «Klare for asylet» fordi det denne gongen er for lite anna ved historia. «Gamle Gubber» er på sitt beste når den sjonglerer fleire bihandlingar. Etter ein litt keitete start viser «Magikeren» og «Klare for asylet» at dette er noko manusforfattar Wilfrid Laupano har blitt meisterleg på. Kompleksitet er ein god ting i denne serien, når elementa komedie, idealisme og såpeopera blir jamt fordelt.
Gamle Gubber 3-i-1 (andre bindet)
Skrive av Wilfrid Lupano, teikna av Paul Cauuet
Omsett av Olivia Tångring
170 sider
299 kr.
Outland Forlag
Les også:
Anmelding av album nr. 1, «De som blir igjen»