Nordnorsk jazz-jul og heftig AI-thriller er på topp i årets utval av julehefta til moderne norske stripe-(og rute)seriar
Gradvis blir det tynnare i rekkene. Kollektivet og Hjemmefronten er ute etter iherdig kamp om merksemda, TegneHanne får ikkje ein gong gjestopptreden i år. Vi trøyster oss med det fleirtalet som trass alt held ut ennå.
**
Pondus Julen 2023
Av Frode Øverli + gjester
85 kr./34 sider/Strand
Etter fjorårets meir signifikante julehistorie (som rett nok også var laga i stripeform) er vi tilbake til rutinen med årets Pondus julehefte. Nye og jule/vinterrelevante striper på det jamne, men ingen høgdepunkt. Og elles er det som vanleg quiz og året i kavalkade, og tosiders julespesialar frå M, Dunce og Bestis. Nivået er høgt over det heile, men traust og raskt gjennomlest.
4
**
Dunce Jula 2023
Av Jens K. Styve
99 kr./50 sider/Stand
For kvart år scorar Dunce endå litt høgare på originalitet og framføring i spesialhistoria. I år handlar det om eit musikalsk generasjonsskifte. Gustav er lei av banal julemusikk. Han vil framføre den meir eksperimentelle julejazzen til sitt idol, Daniel Blåsfjæs i staden. Og han vil ha billettar til nemnte artist sin julekonsert. Stemningsfylt, uføreseieleg og til ettertanke. Jens K. Styve overgår forventingane mine, som allereie var ganske høge.
Også inkludert er ekstra mange sider med striper, meir enn ei på dei fleste. Eg veit ikkje korfor akkurat dette heftet (om vi ser vekk frå Pondus Julehistorier) fekk utvida sidetal, men gjerne for meg
6
**
Rutetid Julen 2023
Av Frode Øverli + gjester
79 kr./24 sider/Egmont
Også i år er dette heftet ei snurrig blanding av einruters blødmer og Fritts idealisme. Men sistenemnte verkar holare og mindre gjennomtenkt i år (i fjor var temaet Ukraina, i år er det Pride). Og resten er veldig kjapt gjennomlest, sjølv om i alle fall Frode Øverli og til og med Øyvind Sagåsen glimtar til innimellom.
3
**
Pondus – Klassiske julehistorier 2023
Av Frode Øverli + Frode Grytten
179 kr. /100 sider/Strand
Ikkje så mykje jul (men litt) i eit hefte som i staden prøver vere ein komplett krønike over Jokke og Camilla sitt forhold. Ikkje eit dårleg val (sjølv om ein vel kunne fylt Pondus ekstrahefte med kva som helst på dette tidspunktet), og mykje lesestoff for den noko høgare prisen. Trufaste Pondus-lesarar må prioritere det vanlege juleheftet, mens dykk andre kan velje dette i staden (eventuelt i tillegg).
Med småtekstar frå Frode Gryttens «Deilig er jorden», men det kunne godt ha vore litt fleire av dei.
4+
**
Nemi Julen 2023
Av Lise Myhre
36 sider/79 kr./Gyldendal
Eg har alltid vore litt svak for Nemi i jula., Serien har ei blanding av mørk sentimentalitet og barnsleg glede som passar så godt til høgtida. Når så mykje er sagt, skuffar det meg litt at Lise Myhre manglar evene til fornying. Ei samling med striper. Ei juleforteljing som berre er laust prat (og noko slappare enn i fjor, må eg få lov til å påpeike). Nokre enkle refleksjonar. Og sjølvsagt, André Bjerke. På den andre sida er materialet stort sett nytt, etter kva eg kan sjå, og det er ein del å lese på. Ingen meme-striper heller, og berre éin pin-up.
4
**
Storefri Julen 2023 – I rampenisselyset
Av Marius Henriksen
85 kr./34 sider/Strand
Ny langhistorie frå Marius Henriksen frontar årets hefte. Han beherskar ikkje formatet særskilt godt, fokus manglar. Men han følger i alle fall ei raud tråd, og forteljinga om klassens klovn som får meiningsfylt utløp for den viltre oppførselen sin, er akkurat passe sentimental. Det fyllar det meste av plassen. Resten er meir kvardagslege saker frå Henriksen og redaksjonen.
3+
**
Lunch Julen 2023 – Kjell redder* jula (*For hele verden – på utrolig dramatisk vis)
Av Børge Lund + Therese G. Eide
85 kr./34 sider/Strand
Børge Lund har behandla temaet AI før, og han har laga nærast episke juleforteljingar før, så kva kan han finne på av nytt til årets Lunch julehefte? Jo, han kan gå eit skritt lenger med begge deler. Tittelen på årets juleforteljing er ikkje berre hype! Årets historie er større, smartare og meir utruleg. Noko av julestemninga og komikken forsvinner kanskje undervegs, men blir kompensert av episk satirisk science fiction. Børge, du får det til igjen!
Og etterpå kan lesaren roe seg ned med litt meir jordnær (men framleis julerelevant) humor frå Lunch og Hjemmefronten.
6