Julehefter 2021 – Yngre Amerikana

Mykje er som før, men Billy slår eit slag for variasjonen, mens Hårek, Snøfte og Skipper’n må finne ei naudløysing saman.

Billy – Fire julehistorier fra Sumpleien
Nokre gonger har du lyst til å gi eit julehefte poeng berre fordi det prøver. Mange julehefte prøver aldri, men dei siste åra har Billy, som tradisjonelt berre trykker ei samling med regulære søndagssider, også levert små spesialhistoriar av Sam Klein. I år er heile tolv sider sett av til nye julehistoriar signerte Sam Klein og Henrik Rehr. Både historie og poeng verkar halvgjorte, men ein viss sjarm har dei likavel. Resten av heftet er sett av til to segment der Sjanten blir med og besøker Billys familie til jul. Berre gamle reprisar, sjølvsagt, men litt meir lesing en dei vanlege søndagssidene, og meir tanke bak, også. Dessutan er dei henta frå ein god periode i serien (60-talet)

Eg ville ikkje betalt for dette, men for ein gongs skuld føler eg ikkje at Billy julehefte er bortkasta tid.
4

**

Tommy & Tiger’n
Eg har ein fast regel om ikkje å automatisk gi høg karakter til eit julehefte berre fordi serien er av høg kvalitet – Ikkje viss eg har lest alt saman før. Og i julehefte har ein gjerne det. For meg er og blir Tommy & Tiger’n eit av dei mest overflødige julehefta, men det er vel nokon som kan oppdage denne moderne klassikaren på nytt også i år.

Dessutan er  innbrotshistoria, kanskje seriens mest vellukka kombinasjon av humor og alvor, og eit godt døme på solid historieforteljing i stripeformat, med i år.  Og materialet frå «Perler for svin» er stadig morosamt (og nytt).  
4

**

Pusur
Også i år er det vanskeleg å slå Pusurs julehefte når det gjeld julestemning, i alle fall reint kvantitativt. Seriens største problem er vel at sjølv om den prøver for hardt på å formidle jul i kvar rute, blir resultatet gjerne litt overflatisk. Framstillinga av Pusur sjølv som et bøllete og grådig barn med eit hjarte av gull innerst, og ein grenselaus kjærleik til jula, hadde vore meir sjarmerande om det ikkje blei hamra inn så ofte. Poenga varierer frå pinleg banale til faktisk litt morosame. Enkelte av dei svake poenga blir redda av bra visuell presentasjon, som er noko denne serien alltid har vore god på.
3

**

Juleklassikere
Juleheftemarkanden er tøff, og sjølv halvgamle travarar er ikkje trygge lenger (med førehald om at gamle travarar er dei som har vore med sidan seinast 1945). «Juleklassikere» er årets tydelegaste teikn på det. Snøfte Smith (julehefte sidan 1970), Hårek (sidan 1975) og Skipper’n (sidan 1986) er nå degradert til eitt felles julehefte på 50 sider i eit forsøk på å kompensere for sviktande sal. Litt vemodig er det å sjå Hårek bli redusert til dette, kanskje med Snøfte og, men Skipper’n er allereie halde kunstig i live årevis gjennom årvisse uoffisielle hefter utan ordet «jul». For han er dette ein naturleg utvikling.

Kva så med innhaldet? Ikkje så interessant, sjølvsagt. Hårek og Snøfte byd på hyggelege reprisar frå gode årgangar, men fort lest og endå fortare gløymt. Skipper’n byd på nyare reprisar signert Hy Eisman. Traustare og kjedelegare enn Eisman blir det ikkje. Det beste eg kan seie om han som teiknar av Skippern, er at han i motsetning til den mest kjente Skippern-teiknaren Bud Sagendorf, ikkje prøver å kompensere for dårlege poeng med ein masse spørsmål- og utropsteikn. På den andre sida manglar han også spensten til Sagendorfs strek.
3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *