Vi stig inn i Hevádriel! Her er første kikken på kva som venter oss i bind to av Arkin, «Håpet».
«Arkin» debuterte seint på vinteren 2021, som den fjerde av Egmonts nye fantasy-framhaldsseriar. Under psevdonymet H.L. Phoenix er den skrive og teikna av Helge Lee , som har brukt resten av dette året til å promotere serien mens han står opp grytidleg for å få kommande bind ut i tide.
Dette er omslaget på neste bok i serien, «Håpet». Einaste kunnskapen som skribenten har om boka på førehand, er det eg kunne lese meg til av første boka.
Det ein straks merkar seg, er det markante nærværet av overnaturlege skikkelsar. Av dei fem figurane på forsida er det berre to vi kjenner igjen frå første boka: Arkin sjølv, og panteren Melion (ikkje Bagheera). Dei andre tre er tydeleg designa for å sjå overnaturlege, og i to tilfelle, mindre menneskelege ut.
Spoiler for første boka i serien:
På slutten av «Arkin 1 – Lysets Vokter» kjem Melion for å ta Arkin med til Hevádriel, eit mystisk land vi førebels veit svært lite om. Men dei tre nye figurane gir oss ei viss oppfatning av kva stad dette er meint å vere.
Ovenfra og ned:
Øvst ser vi ein grå, vansira figur med hovudskalleansikt og glødande auger. Av utsjånad minner han mest om Iron Maidens covergutt Eddie, sjølv om ein slik figur kan ha mange andre slags inspirasjonskjelder t.d. Skeletor eller Johann Schmidt. Men denne karen er endå meir umenneskeleg vansira enn dei nemnte, fordi han (eller det) har ein diger pukkelrygg eller noko liknande. Er det litt for openbart at ein slik figur må vere ond? Kan det vere at Lee vil prøve å overraske lesaren med å gjere figuren til ein tragisk elefantmann?
Til høgre ser vi endå ein umenneskeleg figur med glødande auger, men denne har ansiktet dekka til av eit visir. Ein slags vandaud riddar? Ein demon i rustning? Eit golem? Figuren er så tvitydig at her er det berre å gjette vilt enn så lenge. Akkurat som første skikkelsen verkar han i alle fall umedelbart trugande. Men enn så lenge er det ikke lett å seie kven som er ond og god i Hevádriel.
Nedst har vi eit kappekledd individ som leviterer over ei plate som igjen leviterer over eit symbolkledd podium i det som kanskje er eit slags tempel. I det heile er alt ved dette individet gjennomført fantasy, sjølv om tankane til denne skribenten går i retning av noko meir kosmisk i stil med Jack Kirby og Jim Starlin, heller enn tradisjonell «high fantasy». At han sit i Buddhastilling, har armane i kors og tilsynelatande er ansiktslaus (for ikkje å snakke om at han, som før sat, leviterer), tyder på eit individ som meiner seg heva over verdas trivialitetar. Kanskje ein klok konge eller åndeleg leiar av Hevádriel. Eller tvert imot den store skurken, ein tyrann og ein trugsel mot riket? Arkin har, kan ein hevde, allereie ein Gandalf og ein Aslan. Er dette hans Sauron?
Uansett som bærer omslaget med seg lovnader om meir rein fantasy og mindre fantastisk realisme enn i første boka, «Hemmeligheten». «Arkin 2 – Håpet» kjem ut i slutten av februar.
Les også:
Anmeldig av «Arkin- . Hemmligheten»
Intervju med H.L. Phoenix