Norske julehefteklassikarar er trauste, men nokre gonger er det mogeleg å kombinere nytenking med tradisjonar som går heilt tilbake til røtene. I dette segmentet finner vi årets mest spennande nyheit.
I år kjem berre hefter med noko nytt materiale til å vere omtalt i denne kategorien. Det inkluderer faktisk dei aller fleste av klassikarane.
Ingeniør Knut Berg 2022
Av Øyvind Lauvdahl
36 sider/67 kr./Fonna Forlag
Også tilgjengeleg på nordsamisk som Inšenevra Knut Berg 2022
Kanskje ikkje årets aller beste, men nærme, og i alle fall er det årets store nyheit innan julehefte. I sumar kunne Serienett melde at Øyvind Lauvdahl ( Kjære Sorgenfri, Ontography) hadde overtatt den klassiske eventyr/sci-fi-serien om Ingeniør Knut Berg. Etter at produksjonen av originalen slutta for seksti år sidan, er det gjort eitt forsøk på å fornye serien, då Knut Westad, med manus av Bing og Bringsværd, starta den opp att i 2007. Den varte berre i tre år, så nå får vi sjå om Lauvdahl kan komme lenger.
Ein ting som den nye forfattaren/teiknaren i alle fall har vore veldig nøye med, er å halde på originalens format, visuelle uttrykk og forteljarspråk. Dette inkluderer tofargetrykket og teksten under bileta. Overgangen frå dei gamle avsnitta til Vigleik Vikli og Ronald Stone. mest mogeleg saumlaus. Opninga på historia er til og med ein direkte kopi av opninga på originalen! Og Ingeniør Knut Berg er først og fremst ein ingeniør! Ein merker samstundes korleis Lauvdahl har latt seg inspirere og rive med i si utforsking av seriens rike univers. Han fortel med ei overtyding som om han hadde skapt dette frå botnen av.
Som vanleg i IKB sluttar heftet med melding om framhald til neste år, men første del kjennest heldigvis som ei tilfredsstillande leseoppleving i seg sjølv.
5
Vangsgutane 2022
Skrive av Kjartan Helleve (nytt materiale) og Leif Halse, teikna av Ivan Andreassen (nytt materiale) og Jens R. Nilssen
36 sider/67 kr./Fonna Forlag
Årets nye Vangsgutane bruker ein del plass på å avertere for Knut Berg, både redaksjonelt og i sjølve historia. Dette leier til eit ganske lett og slapstick-prega klimaks, men sjarmen er framleis der sjølv om ambisjonen til den førre forfattaren, Nils Nordberg, manglar. Dessutan ser vi endeleg den føreståande forløysinga av eit romantisk subplott som serien har lokka med i nokre år nå. Jepp, Vangsgutane kan ha eit romantisk subplott! Og eg anar allereie kva som kan bli handlinga neste års julehefte.
Også i årets hefte er ei reprise frå 1956 med mykje artig, framfor alt introduksjonen av rektors tøffe niese Tupp- Ei «girl power»-historie frå 1956!
4
Smørbukk – Jula 2022
Av Håkon Aasnes (nytt materiale), Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden
36 sider/79 kr./Norsk Barneblad og Egmont
Smørbukk blir foodora-bod, og gjer alt feil. Ei kaotisk farse med ein nokså svak avslutting. Litt moro greier Aasnes å gjere av Smørbukks karakteristiske raude islendar, men alt i alt er dette meir masete enn underhaldande. Det hjelper litt at reprisematerialet frå 1972 viser korleis eit ordentleg Smørbukk-eventyr skal byggast opp og eskalere.
3
Tuss og troll – Jula 2022
Skrive av Gard Espeland (nytt materiale) og Johannes Farestveit, teikna av Håkon Aasnes og Sveen & Emberland (nytt materiale) og Solveig Muren Sanden
36 sider/79 kr./Norsk Barneblad og Egmont
Gard Espeland er i slag med årets eventyr. Det nye materialet står ikkje tilbake for det gamle. Smarttelefon-metaforen i «Dei kvite krystallane» er litt tung på labben når du tek den, men fungerer i eventyrkonteksten. Ein fordel som Tuss og Troll har framfor Smørbukk er at formatet er fleksibelt. I år har Sveen & Emberland difor fått nokre ekstra sider til å fullføre eventyret om dei passiviserande krystallane.
4
Nr. 91 Stomperud – Julen 2022
Av Håkon Aasnes
36 sider/79 kr./Egmont
Av alle julehefte med nytt materiale, er 91 Stomperud jamleg det mest føreseielege kvart år, og det i konkurranse med veldig mykje traust. Og i det ligg vel sjarmen for mange. Mykje oppbygging, mykje, og stort sett ganske tørr, dialog, mykje uthaling, for så vidt mykje som skjer, nokre gonger, på vegen mot slappe poeng. Stemningsfulle miljøskildringar og mykje godt handverk frå veteranen Aasnes men kjedeleg.
3
Den forrige forfatteren til Vangsgutane var ikke Nils Nordberg. Veldig synd at ikke Ole Mikal Nilsen ikke fikk følge opp et meget lovende manus til fjorårets årshefte med guttene fra Todalen på Nordmøre, uvisst av hvilken årsak.