Med «Mulanosaurs Rex» formidlar Øyvind Torseter ein klår økologisk bodskap. Men dei verkeleg store bileta er dei vi kan sjå med eigne auge.
Mulegutten har igjen fått ny jobb, denne gongen som dinosaurekspert på naturhistorisk museum. Korleis? Slike spørsmål er det sjeldan fruktbart å stille i Mulegutten sitt univers; han berre er det. Men han er ikkje noe særskilt flink til det. Besøkstala går ned, og når han skal prøve å finne ein ny attraksjon, er den første planen hans å søke på nettet etter «ukjent palentologisk funn». Den andre er å setje saman ein ny dinosaur av leivningar som er til overs. Det fungerer ikkje.
Samstundes er Presidenten frå dei to føregåande bøkene på ein turné som blir avbroten av ein plutseleg «peak oil». Han får høyre at det skal finnast ein attlevande dinosaur langt inne i jungelen, og bestemmer seg for at den greiaste løysinga er om han finner denne dinosauren, så han kan bruke den til å lage meir bensin og halde fram med turneen. Som antatt ekspert blir Mulegutten drege med på ekspedisjonen. Trass alt har han og bruk for ein dinosaur.
Forsideillustrasjonen fører tankane til Brødrene Dal, nærmare bestemt til «Professor Drøvels Hemmelighet», og sjølve innhaldet tek også mykje inspirasjon derifrå, både i tekst og handling.. Sjølv slutten har ein interessant likskap som eg ikkje trur er heilt tilfeldig.
Men uansett inspirasjonskjelde er Mulegutt-bøkene som alltid sin eigen ting, utanfor nisjar og konvensjonar i norske bildebøker og teikneseriar – Ein serie med «barnebøker» med fleire lag å utforske for både barn og vaksne, rikt tekstur av landskap, mykje absurd men ofte pirrande underspela humor både i tekst og teikning. Alt saman fronta av ein sympatisk men ofte tafatt hovudperson som aldri heilt skjøner verda han lever i, men tek alt som det kjem.
«Mulanosaurs Rex» er den femte boka i serien om Mulegutten. (medrekna «Hullet» frå 2012). På forlaget sine eigne sider oppgir Cappelen Damm «9-99» som anbefala alderssegment for denne boka, noko som tyder på at forlaget til og med offisielt ankerkjenner kor grensesprengande Torseter sine bøker kan vere.
Denne gongen er formatet kvadratisk (det er ulikt kvar gong), noko som gir Torseter hans største kunstnariske fridom og breieplass sidan «Mulegutten» (2015). Store, detaljerte motiv over heil -og dobbeltsider dominerer, medan teikneseriesider med skisseaktige ruter, ofte så enkle som mogeleg, bidreg til å drive det vesle som er av handling framover. Heil -og dobbeltsidene kan vere alt frå vakre, men lett urolege fjell -og jungellandskap, til ei ekstremt detaljert og lada skildring av ein grensestasjon som er eit militært høgsikkerheitsfort full av piggtråd og murar.
Elles er bokas sentrale tema av økologisk art. At Presidenten vil finne ein dinosaur berre for å få bensin til bilen sin, er eit finurlig og deilig absurd satirisk-økologisk poeng. Men etter kvart som handlinga (igjen, det vesle som er av den) skrid fram, blir bodskapen noko meir direkte og alvorleg. Som Mulegutten sjølv seier det, «Plutselig var det som at jeg tenkte klart». Eit resultat er at Presidenten endar med å spele ein tydelegare skurkerolle enn i dei tidlegare bøkene. Han var aldri særskilt sympatisk, men tidlegare skapa han mest problem på grunn av dumskap. Trump (eller Bolsanaro, for den saks skuld) kan vere inspirasjon for endringa, men det er i så fall så indirekte at ein berre kan spekulere. Presidenten er framleis ein heilt sjølvstendig figur.
Innvandring og flyktningar er truleg også eit tilsikta tema i «Mulanosaurus Rex»; grensestasjonen er allereie nemnt, og på ekspedisjonen møter Mulegutten og Presidenten ein liten gris som vil hjelpe dei viss han får sleppe over grensa (noko som Presidenten berre motviljug går med på). Grisen har sin funksjon, men eig for lite personlegdom til å tilføre handlinga stort. Kanskje Torseter vil gi han ein viktigare rolle i neste bok.
I større grad enn i dei føregåande bøkene klargjer «Mulanosaurus Rex» kor hen den vil med historia, sjølv om vegen dit ofte er minst like full av overraskingar som før. Og når Øyvind Torseter har fått sagt det han har på hjartet, gløymer han ikkje grunnlaget for figurens sjarm. Etter å ha hanskast med grensevaktar, urskumle utkantzombiar og arrogante presidentar, held Mulegutten berre fram der han slapp.
Mulanosaurus Rex
Av Øyvind Torseter
104 sider
349 kr. (veil.)
Cappelen Damm
Les om dei tidlegare bøkene:
Mulegutten
Mulysses
Altmuligmannen