Korte liv med mål og meining

Tredje boka i «På fire bein»-serien prøver å lære barn om døden. Måten teikneserien gjer dette på, er både vakker og original.  

Veit du eigentleg korleis ei døgnfluge ser ut? Sjølv om den blir omtala av SNL som den mest primitive av dei flygande insekta, er den ein stilfull akvatisk skapning, med langstrakt kropp og store trekanta venger. Ein skapning som tek seg godt ut i Berenikas dyreverd. Særleg når den teikneserieskapande målaren vektlegg nyansane av grønt hos flugene.

«På fire bein – Soloppgang» handlar først om at liv er over alt,. Dernest handlar den om døden, som naturleg nok er eit vanskeleg tema i barnebøker. Berenika har valt ein forsiktig, men slett ikkje tvitydig framgangsmåte. Vesle Rev og Store Villsvin blir ven med ei døgnflugenymfe dagen før ho utviklar seg til ei døgnfluge. Om morgonen har ho fått venger, tek farvel og flyg. Om kvelden kjem ho tilbake, og så døyr ho. Medan dei to hovudpersonane ser på, først litt forvirra.  

Ho har levd eit fullt liv, og fått utretta alt ho ville. I seg sjølv ein god moral. Ho hadde den rette innstillinga. Men særleg Vesle Rev har vanskeleg for å godta at ho er borte allereie, og brukar tid på å bearbeide sorga.

Litt dramatisk er det. Sorgbearbeidinga, altså. Dødsaugneblikket til fluga er ganske udramatisk, noko som truleg også er eit viktig poeng. Etter å ha vore vitne til dette blir den forvirra reven, i eit litt surrealistisk, men lettfatteleg grep, forfølgd av lange, slyngande skuggar gjennom natta.  Men melodramatisk blir det aldri, for det er ikkje måten «På fire bein» blir fortald på. Utan anstrengingar lærer denne historia barn om både døden, naturens orden, sorg og «carpe diem».  Det er skjønnheit over alt i formidlinga. Seriens kanskje mest berande element til ei kvar tid, den melankolske stemninga som blir uttrykt gjennom Berenikas akvareller, har fått utvida tyding denne gongen.

Forteljinga i «Soloppgang» er også den mest konkretiserte så langt i serien.  Dei to føregåande binda var meir om Vesle Rev og Store Villsvin sine reiser, og til ei viss grad om kva dei lærer undervegs. Denne gongen handlar det mest om kva dei lærer.

«Soloppgang» sluttar på eit punkt som verkar noko brått. På den andre sida har Rev og Villsvin då sagt alt som trong å bli sagt i sakens høve. Og Revs sluttord passar perfekt




På fire bein (3) – Soloppgang
Av Berenika Kołomycka
Omsett av Knut Inge Andersen
48 sider
299 kr. (vegl.)
Andersens Forlag

Les også:
Anmeldingar av alle «På fire bein»-bøkene
Intervju med Berenika Kołomycka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *