Storleiken i det å vere så uendeleg liten

Dei kvilelause dyra, Vesle Rev og Store Villsvin, vandrar vidare i Bernikas barneteikneserie, «På fire bein: Lengst vekke».

Sist me møtte dei to venene var dei på veg ut i den store verda, mykje takka vere Store Villsvins eventyrlyst. Dei har ikkje noko uttalt mål med reisa si; dei vil berre oppdage og som Store Villsvin seier, «sjå til enden av verda». Som den første boka i serien er dette ei forsiktig og poetisk forteljing der ikkje stort anna skjer enn at dyra vandrar frå miljø til miljø og undrar seg over det dei ser.

Ho er delt inn i tre kapittel, «Langt», «Lengst» og «Lenger vekke», som er meir eller mindre frittståande historier. I det første kapittelet finn Vesle Rev lukka i å vere på reise og freistar fange henne, i form av ei eldfloge, men innser at han må sleppe henne fri. I det andre kapittelet vandrar dyra i skoddeheimen og mistar nesten kvarandre. Bokas siste kapittel handlar at Store Villsvin har lyst til å bli ein sel og reise til verdas ende. Det er korte og ordknappe forteljingar som passar godt for dei minste, som opnar opp for samtalar om vennskap, lukke og det å ville vere noko anna enn det ein er.

Målgruppa vil nok kjenne seg att i båe karakterane, der dei er drivne fram av nysgjerrigheit, frykt for det ukjende, eventyrlyst og kameraderi. Dei ter seg som barn på godt og vondt, og dei lærer av kvarandre. Det at det skjer så lite i boka kan støyte nokre barn som er vande med futt og fart frå seg, men gir dei seg tid til å komme inn i og dvele ved den stille og meditative forma, vil dei bli løna. Det mest dekkande ordet for boka er at ho er «fin». Ho inneheld fine bilete, har eit fint format med tjukke permar, og ho formidlar fine bodskap. Det er trygt og godt å vere saman med Vesle Rev og Store Villsvin.

Teikneserien er ei blanding av illustrasjonar og akvarellar. Dei er enkle og vakre, og særleg naturskildringane bidreg til å gjere verda rundt dei nesten skisseaktig teikna dyra større og meir underleg. Karakterane, med klare strekar, befinn seg i maleriske og flytande landskap, frå graskledde sletter, til tåkefulle fjell, og til evige sandbankar og hav.

Boka fekk meg til å tenke på Hans Børlis dikt «Under himmelen» som opnar slik: «Tro ikke at / jeg kommer fra små forhold! / Himmelen stod alltid åpen over meg» og blir avslutta med linjene «… Jeg har / erkjent storheten i det / å være så uendelig liten». Vesle Rev og Store Villsvin bidreg til å løfte fram denne erkjenninga for små lesarar (og betraktande lyttarar) på ein måte som er sjeldan i dagens barnelitteratur.


På fire bein – Lengst vekke
Av Berenika
Omsett av Katarzyna Tykocka og K. I. Andersen
56 sider
299 kr.
Andersens Forlag


Les også:
Melding av første boka i serien

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *