Frøya luskar i kulissane

Samanhengen mellom Odin Helgheims to mytologiseriar er blitt mykje tydelegare nå som vi er inne i sluttspurten av Ragnarok.

Akkurat som med Dragens Øye er femte bindet av Ragnarok ein semifinale. Sjette bindet blir det siste, i alle fall i denne soga.  «Loke» er prega av at Odin Helgheim teikna tre bøker i år (Edelmot 2 og bildeboka «Odins udyr»); det blir mange heilsider, for det meste i det golde, kosmisk-mytologiske landskapet som serien har gjort til eit varemerke. Boka er ganske raskt gjennomlest, men Helgheim er også veldig bevisst på ansvaret han har som forteljar. Mykje skjer i innspurten til ragnarok, og serieskaparen rekker å setje samen dei viktigaste bitane. Thyras og Hods plass i soga, for ikkje å snakke om Lokes motivasjon, blir tydeleggjort. Det er også ganske sterkt å lære om det tragiske opphavet til frostjotnane. Eg kan aldri sjå dei bisarre skapningane på same måten igjen. Dei er meir som elefantmenn enn monster nå.

På den andre sida var eg ikkje begeistra for å sjå meir av Blåtann. Han er endå meir irriterande denne gongen, som ein vandrande parodi på dei slitsame «festlege» sullikane ein tradisjonelt finner i manga/anime. Eg måtte anstrenge meg litt for å oversjå han. Så skal heller Odin Helgheim få ei orsaking frå meg viss gubben viser seg å vere superviktig i finalen.

Den oppsiktvekkande avsløringa av opphavet til Odin (karakteren) stadfestar at Helgheim tek seg til dels veldig store fridomar med mytologien. Men slik han har lagt det opp gjennom de føregåande fire binda, gir det fullgod meining nå. Å fornye den norrøne mytologien er vanskeleg. Å fornye den i ein kontekst som kjennest nordisk, og utan å bli parodisk, er endå vanskelagre. Odin Helgheim har lukkast med det. Sjølv om eg ikkje vil hevde at Ragnarok er den «nordisk manga»-føljetongen eg har følgt med størst iver, begynner serien å verke lovande på oppløpssida.

Den brukte berre litt tid, og mange golde kosmiske motiv, på å komme dit.

Ragnarok 5 – Loke
Av Odin Helgheim
146 sider
329 kr.
Egmont

Les meir om denne serien


Å lese «Loke» før den andre boka om Ragnarok-seriens Frøya viste seg å vere rett prioritering, for nå har eg blitt meir viljug til å vere med på dei mytologiske fridomane som Odin Helgheim tek seg. Som vi fant ut i første bindet av denne spinoff-serien var Frøya ein vagabond som blei utnemnt – av Loke – til ein slags kattegud. I bind to gir han henne i oppdrag å hente tilbake to skattar som blir vakta av helveteshunden Garm.  Meir seier eg ikkje om det, for nokre få, små overraskingar er det mogeleg å hente.

Som førre gongen er historia lite interessant, og sjølv om serien er meint for yngre lesarar enn Ragnarok hender det at eg lurer på om forfattaren undervurderer den tiltenkte målgruppa. Rett nok skal eg ikkje sjå bort frå at visse element, som den uttalte «barne-tv-moralen» i korleis Frøya greier å pasifisere Garm, er gjort med litt glimt i auget.

«Vokterhunden Garm» ei uansett ei forbetring frå første bindet, fordi det nå er klårare kva rolle Frøya kan komme til å spele i den breiare Ragnarok-mytologien. Av den grunnen har eg heller ikkje noko imot cliffhangeren som boka sluttar med. Visuelt slåande er den i alle fall!

Sett opp mot ei Ragnarok-bok er det også lettare å sjå fordelen som (det frykta?) bildebokformatet til Frøya-bøkene har framføre standardformatet for nordisk manga. Eg har snakka med foreldre som har uttrykt misnøye med det sistnemnte. Teikningane kjem betre til sin rett i et mellomstort format. Isabell Martinsen og Frøya sjølv har fortent det.


Katteguden Frøya (Ragnarok) – Vokterhunden Garm
Skrive av Odin Helgheim, teikna av Isabell Martinsen
50 sider
249 kr,
Egmont

Les om første bindet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *