Kvifor er «Stjerner i mørket» den første teikneserien frå ein flyktningleir eg har lest?
«Stjerner i mørke» ville vore umåteleg kraftfull nesten uansett korleis den var utført. Dette er både fordelen og ulempa ved å velge ein objektivt viktig tematikk. Stjerner i mørke er i kategorien «viktig» serie: Den fortel historia om korleis somaliske Omar og veslebroren Hassan, som slit med anfall og manglar språk, lever og overlever i flyktningeleiren Dadaab i Kenya i fleire år.
Og serien tek ingen store sjansar: Teikningane til Victoria Jamieson er rett fram, formspråket er rett fram. Ingenting skal stå i vegen for Omar si historie.
Sterke valg
Likevel er det mange fallgruver ein slik serie kunne ha gått i. Og Jamieson unngår dei. Mest merkbart er det på bakgrunnane. I ein andre verdskrig-serie som kom ut for litt sidan, påpeikte ein anmeldar at konsentrasjonsleir-fangane var teikna som ei grå masse, medan nazistane var teikna med individuelt særpreg, slik at serien sitt forsøk på vise menneskeligheta til fangane vart sabotert av teikningene. Flyktningane i Dadaab er påfallande IKKJE ei grå masse. Kvar einaste person avbilda i flyktningeleiren ser ut som dei har eit prosjekt, enten nokon dei passar på, eller noko dei leikar med, at dei har gitt opp eller at dei har håp. Dette ser ein allereie på første oppslag i boka.
Individualiteten til alle karakterane i leiren får også fram monotonien i deira felles situasjon. Dette er menneske som eigentleg kunne og ville gjort heilt ulike ting. Men all deira kreativitet, all deira optimisme, all deira kjærleik, er stengt inne i eit støvete leirområde der Omar og vennane si evne til optimisme framstår som superkrefter. Litt mjøl og olje frå FN, utdelt annakvar veke, er det einaste som held dei unna svolt.
Dramatisk kvardagsliv
Livet i leiren er monotont, så serien kunne blitt monoton. Men i staden klarer dei å skape ein thriller om venting. Det er alltid nye små glimt av håp: Kan dei finne mora? Kan dei få ein veg ut? Kan FN gi dei håp?
Det er også fullt av mellommenneskeleg drama i flyktningeleiren, og det handlar ikkje om store, grusomme liv og død-spørsmål, men om små, gjenkjennelege problem. Som vennar som ikkje vil snakke saman men likevel er glade i kvarandre. Boka kunne heilt sikkert skrudd opp dramaet til hundre ved å fokusere på dei vanvittig grusomme historiene som kan ligge bak kvar einaste person som måtte flykte frå landet sitt, men som den no er kan serien lesast av kven som helst.
Og poenget er ikkje å fortelle «alt». Poenget er veldig enkelt:
Menneska som endar i flyktningeleirar opplever det med heile seg. Dei går ikkje inn i ein slags annan tilstand der dei berre er «flyktningar». Dei må leve heile liva sine i dette limboet av venting, ressursmangel og, i Omar sitt tilfelle, det daglige valget om å ikkje gi opp, men kjempe vidare for å få eit litt betre liv.
Solid med kontekst
Serien er lang, men forlaget har likevel teke seg bryet med å gi den både forord og fleire etterord. Dette funkar bra. Serien sjølv står uansett solid på eigne bein, og spesielt ønsker ein å vite meir om korleis det gjekk med Omar etter at boka si fortelling er over.
«Stjerner i mørke» er eit vitnesbyrd og eit vindauge inn i ein kvardag som altfor mange opplever, og som altfor mange andre velger å tenke minst mogleg på. Trass tematikken klarer den kunststykket å ikkje verte knusande mørk – men det djupe mørket ligg ikkje langt unna. Dette er teikneserien det er viktigast at alle i Noreg les i år.
Stjerner i mørke
Historie av Omar Mohamed, tilrettelagt og teikna av Victoria Jamieson
Fargar av Iman Geddy
Omsett av Therese G. Eide
Forord av Mohamed Abdi
Etterord av forteljarane og Jan Egeland
274 sider
329 kr. (vegl.)
Strand Forlag