Coveravsløring: Askeladdene

I mars kjem Therese G. Eide med si første (tilnærma reine) barnebok, «Askeladdene som kappåt med trollet». Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget. 

Denne gongen skal eg ikkje hevde at det er snakk om ei blind analyse av coveret; eg har for lengst blitt informert om handlinga, og til og med delt den informasjonen:


Therese G. Eide («Intet Nytt fra hjemmefronten») lager barnebok saman med barna sine! I Askeladdene som kappåt med trollet skal Therese lese eventyret: «Askeladden som kappåt med trollet» for ungane sine. Men dei synes historia er for keisam og makaber, og diktar sin eigen versjon.


Eg har også hatt høve til å sjå på tidlegare utkast til både tittel og omslag. Den endelege versjonen ser slik ut:

Som vi skjønner, prøver omslaget å imitere ei gamaldags eventyrbok med mørkeraud innbinding, gullskrift, og falma rosemalingsmønster. Ei tidlegare utkast eg fekk sjå på, hadde gyldnare skrift og mindre falma rosemalingsmønster. Kontrasten til dei meir kvardagslege og moderne «utklippstekstane» er uansett tydlege (særleg dei som liksom er festa med teip), og truelg eit bevisst blikkfang for bokhandelpresentasjon.

Merk også at det står «Hjemmefronten presenterer», heller enn «Intet Nytt Fra Hjemmefronten presenterer». Den fulle tittelen på serien er kanskje i ferd med å bli litt mykje av ein munnfull? Eller var det berre reint praktiske designomsyn, for denne eine gongen?

Figuren i midten er Thereses lett omteikna versjon av «Skogstroll» frå 1906, ei av dei meir ikoniske av Theodor Kittelsens veldig mange ikoniske trollteikningar. Gjenkjennelegheita er nok grunnen til at ho har brukt denne i staden for den illustrasjonen som Kittelsen faktisk lagde til eventyret om Askeladden som kappåt med trollet. 

Under, og på sida av dette, ser vi då – igjen i utklippsform – fire av figurane frå «Hjemmefronten», mamma og dei tre barna. Alle gutar, som kjent, men i tillegg er det også ei lita jente her. Håret tyder på at det kan vere Therese/Mamma sjølv i ei yngre utgåve. Ein kan såleis spekulere på i kva samanheng ho kjem inn i det improvisert omskrive eventyret.

Omslagsteikninga kan også tyde på at dei prøver å «mate» trollet (ein dobbel tyding som eg førebels ikkje finner grunn til å spekulere på), noko ein sjølvsagt kan gjette at står i samanheng med eventyret som blir fortald.  


(Øvst: Utsnitt av Theodor Kittelsens originalteikning «Skogstroll»)

Les også:
Anmelding av første Hjemmefronten-boka
Anmelding av «Koronadagbøkene»
Anmelding av «Foreldreskapet»
Intervju med Therese G. Eide

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.