Zeitgeist frå ein krisestart

I skrivande stund verkar «Koronadagbøkene» meir aktuell enn nokon sinne. Men kvar krise har sine fasar, og den fasen som boka skildrar, framstår allereie i ettertid som noko heilt særskilt.

13. mars 2020, same dagen som lockdown blei igangsett, begynte Therese G. Eide å poste små teikningar om korleis livet for ein småbarnsfamilie kan arte seg under pandemien. Under vignetten «Intet Nytt frå Hjemmefronten» hadde ho allereie gjort suksess med teikningane sine på blogg og som stripeserie i to ulike blader. Evna hennar til å ta på kornet kvardagslivets gleder og sorger for ein norsk småbarnsfamilie, gjorde koronateikningane til eit lyspunkt i kvardagen for svært mange.

I «Koronadagbøkene» er nokre av desse teikningane, først posta på Instagram og Facebook, rørt saman med teikneserien som Therese laga for Empirix, og litt nytt materiale for å gi ei slags heilskapskjensle.

For meg er det dei tidlege teikningane og stripene frå sosiale media som står igjen som høgdepunkta frå denne perioden. Dei blei skapt i augeblikket, og spontaniteten gir ei nærleik til stoffet, i tillegg til at den let Therese bruke idear som ho kanskje seinare ville frykta var for tøysete. Men nokre av dei beste ideane hennar er også blant dei mest tøysete. For som ho sjølv seier det i ein av desse stripene, ho kjenner generelt på mindre skam i koronatida.

Skjønt den av Hjemmefronten-stripene som eg har mest kjær frå lockdownperioden (og som er inkludert i boka), er ein meir dempa sak. Den er ikkje av dei morsomaste, eller mest velteikna, det er berre ein småvittig, men realistisk skildring av den innleiande, nervøse stemninga som prega kvardagen.  Ei lita stund kjentest det nesten som vi levde i 1940 eller 1349, og meir enn noko anna tok stripa pulsen på denne underlege situasjonen vi plutseleg var oppe i alle saman.

Seinare kunne ho slå seg laus i takt med at folk trengte mindre trøyst og meir avkopling, og då fekk vi figurar som koronamonstret (vekselvis teikna enten berre som eit kjempevirus med ansikt, eller i ein kvasi-fascistisk uniform)  og anden i mobiltelefonen – Ein ambivalent, litt rampete figur som nyter å skremme oss med dårleg nytt, men som innimellom er nådig nok til å trøyste oss med oppmuntrande meldingar.  Dette er berre så alt for attkjenneleg.      

«Koronadagbøkene» blitt ei veldig hyggeleg, om nesten i overkant beskjeden publikasjon; knapt meir enn ein innbunde pamflett. Fleire av teikningane er utlatt, endå det strengt tatt ikkje var så mange totalt, og mange vil nok sakne ein favoritt. Eg for min del skjønner ikkje kvifor denne fargeglade kunngjeringa av våren ikkje fekk vere med.     

Kanskje kjem dei utelatte teikningane og stripene med i ein «Koronadagbøkene 2» men det er stemninga frå den første perioden som denne boka summerer så meisterleg. Eventuelle framtidige koronadagbøker bør nok legge vekt på andre fasar, og med dei, andre Zeitgeisten.  Som det heiter avslutningsvis, fortsettelse følger!

Intet Nytt Fra Hjemmefronten: Koronadagbøkene
Av Therese G. Eide
50 sider
129 kr. (veil.)
Egmont

Les også:
Anmelding av den første Intet Nytt Fra Hjemmefronten-boka

2 tanker om “Zeitgeist frå ein krisestart

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *