Fabelprosa og miljøvern

Vi er langt inne i ein epoke der norske forleggarar satsar på teikneseriar for barn og ungdom på alvor. Slike publikasjonar utgjer også ein stor del av teikneserievåren for 2022.

Norske
Egmont trur i alle fall ikkje at marknaden er metta ennå: Dragens Øye – Angrepet kjem den 15. januar. Same tidspunkt kjem førsteplassen på salslistene for det neste halvåret: Nordlys – Portaltreet Del 1. Det er ein travel månad for Egmonts NME-avdeling, då Emily Sørensen, alias Emsoble, også debuterer med antologien Under Regnbuen. Og i slutten av februar kjem Arkin (2) – Håpet.

Faktisk er det tre debutantar på Egmonts Fantasyavdeling denne sesongen: Etter Emily Sørensen kjem dei andre to i mars: Forlaget ser for seg at Ville Poter – Revefarmen av Victor Nordahl  kan bli ein norsk versjon av «Kattekrigerne», men med revar. Mørkalven 1 – Alene av Helen Kaldheim gir kanskje norsk fantasy-flora nok ein svartalv-helt, jamfør Kha i Dragens Øye, men forlaget meiner at «Mørkalven» vil passe for litt eldre ungdommar. Hovudpersonen Caim prøver å finne sin plass i ei verd der han tilhøyrer ein forhatt og utdøyande rase

Apropos Dragens Øye så utgir Cha Sandmæl to bøker dette halvåret; læreboka med den beskrivande tittelen Lær å tegne mennesker og alver (del 1) kjem til våren, men her er ikkje nærmare tidspunkt fastsett ennå.

Under den nye vignetten «I rute med lesing» lanserer Vigmostad & Bjørke ein ny, norsk teikneserie for dei minste barna, Til topps av Nicolai Houm og Sandra Steffensen, i mai. Også frå Vigmostad & Bjørke kjem eit par andre norske teikneseriar for barn og unge, Regnværsdagen av Max Estes og 20 greier du bør vite om miljøvern av Ole Mathismoen og Jenny Jordahl, deira fjerde teikna sakprosabok om miljø saman, begge i mars.

Året begynner også med miljøvern: Embla – Kampen for fremtiden er ein ny kampanjeteikneserie frå Arild Midthun, teikna i same stil som biografien hans om Ivar Aasen (1996). Denne er klar frå Cappelen Damm den 17. januar. Forskar og skribent Bjørn H. Samset står for manus på denne fiksjonsforteljinga om klimaendringar. Vi møter Embla som står framfor sitt livs store gjennombrot. Frå å leve i ei trygg verd av moter og sosiale media, møter ho brått utfordringar som tvinger henne til å ta eit val for framtida. Undervegs i historia blir Embla presentert for tre mogelege og faktabaserte framtidsscenario.

Therese G. Eide («Intet Nytt fra hjemmefronten») lager barnebok saman med barna sine! I Askeladdene som kappåt med trollet skal Therese lese eventyret: «Gutten som kappåt med trollet» for ungane sine. Men dei synes historia er for keisam og makaber, og diktar sin eigen versjon. Denne kjem ut på Egmont i mars.

Manga
Frå Outland (kor elles?) kjem det stadig meir manga-manga (ikkje «manga-ish» eller «Nordic»). Dragon Ball 3-i-1 (40-41-42) er klar den 14. januar, Pokemon-eventyrene held fram med bind 2 og 3 den 12. februar og 29. april henholdsvis. Mitt Helteakademia 3-i-1 samlar bok 7-8-9 og 10-11-12 den 13. Mai og 9. juli henholdsvis.

Av vestleg manga er volum tre av Rakkan ute i april

Omsette
I mars kjem Den venstrehendte damen. andre bindet av Serena Blascos Enola Holmes-adapsjon. Gyldendal fullfører Spilledåsen-sagaen med Mankefalkens fjær. Frå Qlturrebus kjem ein ny albumserie, Motstandsbarna, med handling lagt til det naziokkuperte Frankrike. Vive la résistance! Motstand møter også myndigheitene i dødsriket; det tolvte bindet av Alene har tittelen Opprør i Neosalem. Nærmare lanseringstidspunkt for dei tre sistnemnte er ikkje fastsett.

Vigmostad & Bjørke held det gåande med fleire omsette seriar, som Kaptein Supertruse 10 og Turbo-Tim 6 i februar, Nikoline 4 i april, Hilo 8 og Superpus 2 i mai, og Havets Enhjørning 6 i juni,

Frå Outland kjem moderne amerikansk fantasy frå Uglehusets manusforfattar, Molly Ostertag: Første bindet av The Witch Boy (norsk tittel ikkje fastsett) er ute i februar. Bind to er planlagt å komme ut i juni.

I mai lanserer Outland den opphaveleg franske Mitt Første Eventyr, ein serie med interaktive sjangerteikneseriar for dei minste. Heile fire titlar blir det å velje mellom: Oppdrag Atlantis, Eventyret om dragen, Reisen til Okerriket, og Med Phobos til stjernene. Og i juni kjem Outlands første teikneserie på nynorsk: Pepar og Gulrot, omsett frå David Revoys Pepper & Carrot. Faktisk så finst den allereie på nynorsk.

Frå Outland kjem dessutan meir superheltar. Første samlinga av Spidey, ein miniserie om Peter Parkers ungdom er ute i mars. Det same er Ms. Marvel – Nesten Normal. Det er første gongen denne serien kjem på norsk, sjølv om figuren hadde gjestopptreden i ei norsk Spider-Man-bok i fjor.

Og nå som Outland Forlag har fullført sin omsetjing av Bone i pocketformat, måtte dei sjølvsagt gi ut Jeff Smiths og Charles Vess’ Rose også. Den skal vere klar i april.



Denne lista er ikkje nødvendigvis komplett, og som vanleg tek vi førehald om endringar i lanseringstidspunkt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *