Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til Ragnaroks første spinoff-bok, «Katteguden Frøya»
I september kjem fjerde boka i Ragnarok-serien, «Yggdrasil», men før dette kjem avleggaren «Ragnarok – Katteguden Frøya» (arb. Tittel «Frøya – En frittstående historie fra Ragnarok»). Ragnarok blir den andre NME-serien som får ein slik, etter Nordlys («Bjørnar – En historie fra Nordlys» i 2019).
Boka er skrive av Odin Helgheim, opphavsmann/forfattar/teiknar av Ragnarok, men sjølv om han har vist seg ekstra produktiv som teiknar i år, med Edelmot i tillegg til den kommande Ragnarok-boka, var nok tre bøker for mykje, sjølv for han. «Frøya» teikna av Isabell Martinsen, som er mest kjent for å illustrere bøkene om Dyrehagedetektivene (skrive av Mona Grivi Norman). Isabell fekk vist seg fram som ein særs lovande ny teikneserieforteljar med novelleforteljinga «Mor» frå Overtrykk 2021. Dette er første teikneseriepublikasjonen der ho har teikna alt
Underteikna har lest alle bind av Ragnarok, men veit på førehand ingen ting spesifikt om «Frøya», unntatt arbeidstittelen og det ein kan gjette seg til gjennom kjennskap til norrøn mytologi generelt. Dette er såleis ei «blind» analyse av coveret:
Som eg straks skjøner, endra ein nok tittelen på boka til «Katteguden» fordi historia legg vekt på kattar. Kattar over alt, i alle fall vegg til vegg, på omslaget. Dette kan vere eit marknadstilpassa grep, særleg ovanfor det manga-lesande publikummet som eg trur boka er meint å appellere til, men det er også i tråd med mytologien: Frøyas vogn blir trekt av kattar, og ho er ofte avbilda med kattar.
Frøya sjølv ser veldig ut som ein katt her, for ikkje så seie ei gaupe, med den hårfargen og frisyren. Utan at vi har fått sjansen til å sjå så nøye på kleda og kroppsfasongen hennar ennå, merker vi oss at ho ser yngre ut enn Peter Madsens Frøya, som vel er det mest naturlege mytologiske referansepunktet vi har i teikneseriar frå før. Ragnaroks Frøya er meir moderne utsjåande og pønka, i tråd med korleis Ubbes makker Thyra også er portrettert.
Eg har ikkje greidd å finne noko mytologisk grunnlag for å gi Frøya to ulike augefargar. Om dette er eit estetisk blikkfang, eller det har betyding for historia, kan vi førebels berre gjette på.
Då eg ikkje kjenner til plottet, kan eg heller ikkje seie stor om dei fire karane i bakgrunnen. Umedelbart kjenner eg dei ikkje igjen frå Ragnarok. Ut frå oppsynet deira vil eg tru at dei er skurkane i historia, kanskje av typen komisk skurkebande, særleg fordi ein av dei skil seg ut som ein typisk stor og dumt utsjåande muskelmann.
Konklusjon: «Katteguden Frøya» kjem til å legge vekt på katteaspektet, kanskje i endå større grad enn tittelen ga inntrykk av. Utan nokre kjente fjes på forsida er det også nærliggande på tru at dette blir ein frittståande forteljing innan Ragnarok-serien sitt univers, sjølv om ein ikkje kjente til arbeidstittelen, der gudinna Frøya må overvinne ein bande viss motivasjon vi ennå ikkje kjenner.
«Ragnarok – Katteguden Frøya» kjem den 20. august.
men …, er ho ikkje ei gudinne, då? Kattegudinna Frøya?
Tja, teknisk sett så skulle det jo egentlig være «Katteåsynja Frøya».