Kva kjem dette halvåret?

Mange seriar i etter kvart fleire bind, går igjen i teikneseriane sin bokhaust. Men vi kan også vente oss mange potensielt spennande debutar i fleire ulike sjangrar.

August
Sandnes Media er tidleg ute i den skarpe konkurransen om fantasy/ spennings-teikneseriar for barn og unge, med Krypto (6) – Oppslukt, den 3. august frå Gyldendal. Frå Cappelen Damm kjem Subwoolfer: Oppdrag bestemor av Ben Adams og Martin Aas, på same datoen. Denne boka spelar vidare på «mytologien» til gruppa Subwoolfer, som var det norske MGP-håpet med «Give that wolf a banana» i fjor. Andre humoristiske teikneseriar for barn i august er Superpus (4) – Bedre sammen av Dav Pilkey den 15, og Loke – en grusom guds guide til å få skylda av Louie Stowell den 31. begge frå Vigmostad & Bjørke. Alexander Istad og Cappelen Damm tek opp konkurransen med dei mange utanlandske hybride morobokseriane med eit heilnorsk alternativ, Gutta Krutt og gledesdreperen, ute den 11. Også frå Cappelen Damm kjem ein heilt ny, tjukk og fullgod teikneserieroman (ikkje ei hybrid denne gongen) frå Bjørn Ousland, Bokslukeren, ute den 7. 

Etter Sult er nok forventningane passe store til Martin Ernstsens nye teikneserieroman om farens Alzheimer, Men hvem er du?, frå Gyldendal, den 15. august

Men hvem er du?

Pote-gjengen (2) og den store forandringen av Nathan Fairbank kjem frå Fontini den 15.august. Outland har ein jamn publikasjonsplan for manga, og kjem i august ut med bind to av Eiichiro Odas One Piece og bind åtte av Hidenori Kusakas Pokemon-eventyrene.

Marta Breen og Jenny Jordahl held fram med å setje feministisk dagsorden i teikneseriane med den biografiske Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet frå Cappelen Damm den 7. Frå Foot Forlag kjem Du har ingen makt i denne situasjonen (sjå forsidebildet) av Herman Breda Enkerud den 16. Forlaget omtalar boka som ei «fargesterk og mosaikkpreget selvhjelpsbok full av nykommunistiske vignetter som henvender seg til deg, lesere.»

Talet på nye stripesamlingar er noko redusert denne augustmånaden, men Storefri gjer sin debut i innbunde samleboksform med Læreplan B den 10, og årviss som vanleg er Pondus-samleboka; 22 mil igjen den 17. Lunch (17) – Da var det helg kjem den 8. Alle frå Strand. Nyaste Lucky Luke-albumet, Rattatas Ark av Achdé og Jul, kjem ut på Egmont den 11. Sjette Blacksad, Til slutt faller alt av Canales og Guarnido, kjem frå Egmont den 15.

Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet

Frå midten av august tek alle opp kampen med Krypto om fantasy/spenning for barn og ungdom. Cha Sandmæl er ute med årets andre Dragens Øye-bok (den fjerde totalt), Såret, den 15. Same dagen kjem Mia Myhr (2) og kaoskrystallen av Sara Hjardar. Ragnarok blir den andre «nordisk manga»-serien som får ein spinoff med Katteguden Frøya – En frittstående historie fra Ragnarok, teikna av Isabell Martinsen etter Odin Helgheims manus, ute den 20. Alle desse frå Egmont, sjølvsagt. Bonniers kjem med si tredje Avatar: Legenden om Aang-bok, Det som ødelegger, av Konietzko & Dante, den 28. Vigmostad & Bjørke kjem med ei heilt ny fransk-belgisk fantasysatsing etter Nikoline, Zora – Det usynlige huset, ute den 30.

Deretter avrundar vi august med den lenge venta teikneseriebiografien om flyktningen Omar Mohamed, teikna av Victoria Jamieson og omsett av Therese G. Eide, Stjerner i mørke. Denne kjem frå Strand den 31.

Bokslukeren

September
Gyldendal startar månaden med Ronja Svenning Berge (frå bladet Nemi) si debutbok Hvis det ikke brenner, ute den 1, ein spennande debutant med ei verkelegheitsnær historie.

Men fantasy/spenning (+ grøss) er framleis dagsorden i den første høstmånaden: Cappelen Damm si hovudsatsing innan sjangrane, Underbyen (2) – Nøkkelen er ute den 4, teikna av Luis Guaragna. Og jula kjem tidleg til Grimsrud med Edward Rubikons Mysterier (8) – Julebukkenes natt den 11, teikna av Andreas Iversen. Dette blir den første reine teikneserieboka i serien om Edward Rubikon. Begge er skrive av Aleksander Kirkwood Brown. Egmonts neste runde med nordisk manga byr på Oppfinneren (2) – Skrotnissens hemmelighet av Lars Henrik Eriksen den 15, og Ragnarok (4) – Yggdrasil av Odin Helgheim den 25 september. Og den 20. blir det godt, men sikkert også vemodig, å få truleg den siste samlinga med teikneseriar frå Dina Norlund si hand. Den heiter Vill. På ein ikkje fastsett dato kjem H.L. Phoenix dessutan med læreboka Lær å tegne monstre og fantasifigurer. Nokre få månader forseinka kjem Villvinmarka (1) – Den siste hodeskallen frå Gyldendal den 22, skrive av Ola Nielsen og teikna av Martin Hvattum

Stjerner i mørke

Fontini går også tungt inn i denne konkurransen med ein heilt ny serie Issunboshi – Kampen mot monstrene, som er teikneseriedebuten til animasjonsveteranen Ryan Lang, og i tillegg nye bind av Cossu & Bocquets Frnk (2) – Utbruddet og Applegate, Grant & Grines Animorphs (3) – Nærkontakt. For dei som liker romanse og kvardagsdrama betre, lanserer Fontini Dupuis-serien Forelska? – Hjertets hemmeligheter av Beka & Maya på norsk. Alle desse kjem  i medio september.  Også innan same segmentet kjem Denne vinteren – En Hjertestopper-roman av Alice Oseman frå Gyldendal den 29.

Til dei yngre kjem Cappelen Damm fjerde bindet av Osborne, Laird & Matthews’ Tidsmaskinen – Sjørøverskatten, og Hundemannen (11) drar på Lopphavet (lurer på kor mange under 40 som tek den referansen?) av Dav Pilkey kjem frå Vigmostad & Bjørke. Begge er ute den 18. Og Aschehoug legger ikkje skjul på at dei ønsker å konkurrere med nettopp Hundemannen når dei lansere nyheita Bøllefrø – Den store eplekonkurransen av S.G. Bjørdal den 21. Teamet Rørvik & Gulliksen kjem med nye vitseteikningar av typen «barne-Larson» i Koselig med katt – helsprø vitsetegninger frå Cappelen Damm den 14.

Underbyen – Nøkkelen

Er det då ingen ting for vaksne lesarar? Jo, det er i alle fall Ugress av Keum Suk Gendry-Kim. Som kjem ut på Pax den 12. I denne boka held den koreanske serieskaparen fram å utforske Koreas dystre historie, denne gongen med fokus på tvangsprostitusjonen under andre verdskrigen. I september (dato ikkje fastsett) kjem vidare Ford Forlag med Log Lady Lusty and the Mummy Wolves av Daniel Østvold, ein teikneserie basert på den sanne historia om den eksentriske milliardæren Log Lady Lusty. Frå Überpress kjem Illustrert Kommentarfelt (tidlegare utgitt i bladet Lunch og som eigenpublikkasjon) av Trond J. Stavås. Denne blir lansert på Raptus.

Også i september kjem Outland med femte og dessverre siste utgåva av Rakkan, pluss Dragon Ball Super vol 3. Lucky Luke – de beste historiene 1 er klar frå Egmont den 20. Neil Gaimans norrøne guder 1. av P. Craig Russel og, vel, Neil Gaiman, blir lansert av Outland Forlag den 9. Den nittande Nemi-boka kjem frå Gyldendal den 8.

Edward Rubikon – Julebukkenes natt

Oktober og mot jul
Bokhausten er som ofte elles tung i fronten, men store forventingar blir det nok i oktober også, mykje takka vere Steffen Kverneland, som skal vere ute med Skygger frå No Comprendo Press då.

Og Aleksander Kirkwood Brown er ikkje ferdig ennå. Del to av Skare med tittelen Snøengler, er ute den 12. Teiknar er igjen Thomas Falla Eriksen, og utgjevar er Strand. Spartacus Forlag kjem nok ein gong inn på krigen og holocaust med teikneserieromanen Duften av furu av Bianca Schaalburg. Denne kjem på norsk den 6. Mykje lettare stemning er det nok i  tredje bindet av Kaos på skolen, Skjebnesvanger skoledans, også den 6, frå Gyldendal. Aschehoug på si side kan by på nok ein oppveksthistorie i teikneserieform; den 19. er Dorte Walstads debut Jeg vil ikke være her klar, etter meir enn eit års forseinking. Qlturrebus kjem med fjerd bind av Ers & Dugomiers Motstandsbarna, Eskaleringen.

Heilt på slutten av månaden, den 30, relanserer Gyldendal «Kikkis Krim» på norsk under eit nytt namn – Millas dagbøker. Og ja, det er same serien og same første boka, for bind ein av begge heiter Den forsvunne dyrehagen, og serieskaparane heiter Joris Chamblain og Aurelie Neyret.

Kikkis krim- Snart kjent som Millas dagbøker

Frå November kjem fokus til å vere mykje på julehefte. Ein publikasjon som i alle fall truleg vil bli kalt «julehefte» av forlaget er det førtiande Asterix-albumet av Didier Conrad og den nye forfattaren Fabcaro. Men same månad er det også tid for del 2 av Lucky Luke – de beste historiene frå Egmont den 20 november, og meir manga, både One Piece (3) og Pokemon-eventyrene (9) frå Outland. Dragon Ball Super 4 kjem den 4. desember. Dessutan gir Aschehoug ut del to av Vincent Zabus’ teikneserieadapsjon Sofies Verden den 24 november. Andersens Forlag kjem med bind fire av Berenikas På fire bein, Den vegen ein gong i november.

På ein ikkje fastsett dato seinhaustes kjem Ford Forlag med Mennene av Daniel Østvold, ei sann historie om nettdating for middelaldrande. Og viss alt går etter planen kjem Jeg elsker alle av Karstein Volle og Norges siste overlevande teikneserieantologi, Overtrykk 2023, frå Überpress ein gong før jul.

Denne lista er basert på førebels informasjon frå forlaga. Med førehald om endringar, sjølvsagt.

20/7: Oppdatert med informasjon frå Qlturrebus
21/7: Oppdatert med informasjon om Asterix
26/7: Utg. dato for Krypto 6 er endra
1/8: Oppdatert med informasjon om Ford Forlag
4/8: Oppdatert med ny informasjon om Lunch vol. 17

1 tanke om “Kva kjem dette halvåret?

  1. Takk for fin gjennomgang. Et spørsmål blir reist av artikkelforfatteren: Er det ingenting for voksne lesere?
    Jo, men hvorfor hoppe over mange av bokutgivelsene for voksne og ungdom fra butikk og bokhandler?
    Blacksad og Lucky Luke er nevnt.
    Hvorfor hoppe bukk over Billy Spesial, Billy Kronologisk, Davy og Miki bokserie, Fantomet Kronologisk, Sprint Spesial, Storefri bok 5, Thorgals verden, Tex Willer Gigantbok, TEX Kronologisk, WITCH samlebind osv.? Kommer det forresten en oppfølger til Ms Marvel bok 1 fra Outland?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *